Sider

Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ull. Vis alle innlegg

søndag 18. august 2013

Lavendelkåpe


Sumaren si beste strikkeoverrasking. Kvifor gjorde eg den ikkje ferdig før?


Eg har altså strikka Pickles si lavendelkåpe av noko gamalt restegarn. Det duegrå garnet er frå ein kveil eg kjøpte av Oleana og det gule har eg fått hjå besta-naboen. Tredobbel mengde av det grå og enkel av det gule.


Sidan eg strikka den ferdig har eg brukt den kvar dag.

Say no more!



onsdag 26. juni 2013

Jøss, litt strikk

Skal jo verta tante igjen til sommaren. Sidan korkje mora eller faren strikker noko og heller ikkje dei andre tantene så trør eg til. Hyggeleg med litt småstrikk igjen. Går jo svimlande fort. Dessutan er det slikt ein har å gjera mellom slaga på vakt når litjpia er langt vekke.

Pickles Darling dress and turban. No trur eg veslejenta skal verta fin.
Deilig garn Drops Merino extra fine.

Har klart å få meg eit par fine turar her i Hammerfest. På Tyven med utsikt over Hammerfest by og ein tur til eit vatn ved Forsøl.



Elles sit eg helst og drøymer om hengestolar. Ikkje så mykje å velga mellom i Noreg er eg redd.

søndag 26. mai 2013

Seljefløytetid

 
Strålande dag for treklatring.
 
Då eg var 6-7 år lærte eg å lage seljefløyter av far min. Det var vedunderleg å spikka, få borken til å løsna og så få lyd i ei fløyte. Det er sikkert over 30 år sidan eg laga mi førre seljefløyte. Eg hadde eit litt misslukka forsøk her for nokre år sidan.

 
Litjpia har ynskt seg ei seljefløyte og eg tykte sjølvsagt det ville vera forsmedeleg å ikkje få det til. 

Jippi! Fekk det til på fyrste forsøk. 
Folk på Møhlenpris kan gle seg over ein skjærande lyd.

Vi har vore på "Liv i gamle stover" på Osterøy museum i dag. Flott program i strålande vakkert ver. Der var det mange aktivitetar for ungar og vaksne. Vi har såleis spikka armband og seljefløyte, ete ramslauksuppe, halde høner, lam og kaninar samt grilla pinnebrød og køyrd med hest og kjerre.
 
Litjpia har spikka hol i tightsen sin.



I tillegg vart litjpia ståande lenge og sjå på ei som spant garn med ein handtein. Plutseleg skjøna ho at alt dette garnet faktisk kjem frå sau.

lørdag 29. desember 2012

Gudlagul hals

Når ein er litt strikkelei så er det godt med noko som går raskt. No kan eg altså visa litt strikkeproduksjon. Ein hals til meg sjølv i solgult garn frå Sandnes. Dobbel Smart på pinne nr 12. Ikkje rart det berre rant avgarde under fingrane på meg. 


Rett no har det vesle vi hadde av snø regna bort, men det ular kring husnovene så eg får vel nytte av halsen uansett. Ungar i Bergen og frå Almeria i Spania er ikkje bortskjemde med snø så dei aker på berr 1 cm med pudder.

torsdag 20. desember 2012

Snart jul

 
Nissefest i barnehagen er gøy, og så fine dei er ugane. Her er nissejenta mi.

 
Elles ser de fyrste strikkeprosjektet på bloggen på nokre månader. Luemønsteret finn de hjå Tovepia.


Restegarn Babyull frå Gjestal. Deilig farge. Ser ut til at det vert sjølvproduserte julegaver i år også.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

fredag 6. januar 2012

Eksotiske fibrar


Sjå nøye på bilda og tenkj på kva det kan vera. Det ljosaste garnet er av eit lite dyr, og eg hadde aldri i livet tenkt på at ein spinn garn av denne ulla/pelsen. Det mørkt brune garnet derimot kan eg skjøna når eg ser ulla på dyret, men at det var sjå mjukt å deilig det hadde eg ikkje trudd.

Vi fann det på ein liten butikk ved Grovely station på the Ferny Grove line i Brisbane som heiter Yarn Over. Dei har ein nettbutikk også. Nett dette garnet kjem frå Lotus yarns som er eit kinesisk merke. Dei har spesialisert seg på naturlege fibrar og luksuriøse fibrar.

Den lyse er altså Mink - ja, nettopp - 100% mink. Det er deilig og mjukt. No drøymer eg om å finna eit mønster på noko som ser ut som ein mink stola.

Den andre er tibetansk yak. Det er tynnare og supermjukt, litt som cashmere som er det blå garnet.

Nokre av bilda var tatt på ein gardeniabusk. Vakre blomar som luktar heilt himmelsk og som alltid minner meg om Omara Portuondo og songen Dos Gardenias para ti.


torsdag 29. desember 2011

Morris & sons




Moderen rakk berre så vidt å installera oss på hotellet før ho fann annonsen til Morris & Sons i hotellet si guidebok. Dei er leiande i garn og handarbeid i Australia. Stor forretning i to etasjar med broderie oppe (som vi hoppa glatt over) og strikking i underetasjen. Og no snakkar vi sjølvsagt Sydney. Rett ved sida av Queen Victoria galleries.


Vi budde ved Darling Harbour og tok Monorail til Queen Victoria Galleries før vi bukserte oss ned på gateplan og kunne hoppa over på gratisbussen. Vel, det var etter at vi hadde fyllt på garnlageret.

Ok, så gjekk vi ein smule amokk. Det er jo ikkje det at dette garnet var så mykje billigare eller betre enn det vi har heime, men det er jo gøy å prøva noko nytt som er merka australian wool. Så no har eg altså ein stor bærepose med australsk garn i korga. 


Mor mi er galnare enn meg. Vi måtta kjøpa ein ny bag for å få plass til alt, eller eigentleg fordelt vekta utover. Kvar koffert kan berre vega 20-23 kg. I tillegg høyrde vi jo om smørkrisa og kom heim med to kg smør i kofferten.


mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

lørdag 12. november 2011

Hidden igjen


Trass i at eg ikkje er heilt sikker på kor nøgd eg er med måten ein auker på til dette sjalet sidand det liksom ender med å "krympa" litt nedst så har eg altså strikka eitt til. Eg liker nemleg veldig godt den bølgekanten nedst. Kanskje må eg modifisera og laga mitt eige mønster. Denne gongen har eg brukt Drops alpakka (sennepsgul) og babyull frå Gjestal (brun). Mønsteret er altså Hidden in the forest av Veera Välimäki.

Det er ikkje alltid like enkelt å ta fine bilete i november i Bergen, men no har vi jo fint vær for tida. I tillegg har Litjpia plutseleg vist interesse for å vera modell. Det er verkeleg noko nytt. Kanskje ho var mest opptatt av å få merksemd frå mora som hadde vore meir enn busy og ein smule avvisande i forkant. Papirsortering, rydding, husvask - blæh for store og små.
PS: legg merke til den fine kombinasjonen med badedrakt og stiliongs. Vi prøver ut feriegarderoben.

Elles er det lite tid til blogging for tida. Litt stressa for å få i mål ein del ting før vi hiv oss på flyet til Australia om eit par veker. Eg skal på kongress og Litjpia med bestemor som barnevakt skal vera med. 




No har eg bestillt julekort, men lurer jo på kva slags prioritering det er frå mi side. Skikkeleg krampetiltak sidan vi kjem heim to dagar før jul, men det er vel greit å senda slike kort på litjjulkvelden og?

søndag 23. oktober 2011

Gamalt plagg - ny eigar

 
Har rett som det er vore inspirert av Kaffe Fasset også då eg strikka denne dressen i 2007. No har den kome i retur og har vorte nett passe stor til Litjpia. 

Ho kledde han utruleg godt og har på dette biletet vore grei med mor si for eigentleg tykkjer ho dressen er for babyar. Etter å ha fått mykje skryt for han i løpet av dagen frå fleire så er det lov å håpa at han kan verta brukt i barnehagen i vinter.

Eg nyt kvart eit minutt ho går med han og heldigvis har vi arvtakarar slik at strikkeplagga vert brukt av meir enn eitt barn. Nett dette plagget lurer eg også på om ikkje skal få lova til å koma i nostalgibunken slik at det kan dukka opp i seinare generasjonar også.

mandag 17. oktober 2011

Fritt etter Fana


Sidsel J. Høivik har laga nokre fine boleroversjonar av både Fanakofta og Setesdalskofta. 
Eg har sett på dei tidlegare, men no fekk eg plutseleg ånden over meg og smatt innom Husfliden i dag for å handla Finullgarn.
Valet fall på Fanakofta. Kunne jo ikkje verta anna når eg trass alt bur i Bergen.
Eg har så vidt kome igang og her ser de fargevalet. Hovudfargane er ubleika kvit og mosegrøn.
No maser Litjpia om at ho og vil ha. Enno er mor den største helten.


onsdag 5. oktober 2011

Hidden in the forest


Ligger litt dårleg an til å nå 11 sjal i 2011, men er i alle fall oppe i 6 stk så langt. Siste sjal er Veera frå 100% Rain sitt Hidden in the forest. Ho har jo nokre veldig populære oppskrifter på Ravelry slike som Still light tunik med 565 prosjekter og Striped study shawl med 1385 prosjekt. Båe har eg strikka tidlegare. Her har de tunikaen og her er sjalet. Denne gongen er eg ein av dei ti fyrste til å strikka sjalet så får vi sjå om denne oppskrifta vert så populært som nokre av dei andre. Eg kjem i alle fall til å strikka fleire. 

Eg har stort sett nytta restegarn til den rosa delen og noko prøvegarn til det kvite. Det er nok litt tjukkare enn garnet Veera brukte så eg gjekk opp i pinnestorleik.

Vel, vel, det er ikkje så lett å ta bilete i haustregnet. Viss de ser nøye etter så ser de at eg har på med Still light tunikaen :-).

tirsdag 27. september 2011

Cherry blossom to go - ferdig blokka

Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.

Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.

Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g. 

Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.


 Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.


søndag 7. august 2011

Lillestakken

Eg liker denne enkle og fine oppskrifta på babykjole. Denne gongen har eg laga ein "plissert" variant av skjørtet. Eg strikka tre rett og ein vrang som eg snudde med vrangsida ut. Tykte det gav ein artig effekt. Oppskrifta er frå Myk start.

Dette er tredje gongen eg strikkar kjolen. Litjpia var den fyrste som fekk og vi har brukt han mykje. Sidan det er sopass stor opning for armane sidan det er seler så kan kjolen brukast lenge trass i at han kryp oppover og ender opp med å vera meir som ein vest enn ein kjole.


Det har ikkje vore så mykje strikking i det siste, men vonleg tar det seg opp snart. Denne kjolen har eg strikka til dotra til ei veninne. Fine, vesle Gine.

lørdag 4. juni 2011

Tubey


Har gått bananas på Ravelry og funne haugevis av ting eg kunne tenkja meg å strikka - til meg sjølv. Før har det vore mykje barnestrikk, men det er litt kjedeleg i lengda trass i at det sjølvsagt går rimeleg raskt. Ikkje minst sidan Litjpia får så mykje strikkating av bestemødrene at eg ikkje gidd å konkurrera med dei.

Vel, no har eg i alle fall funne eit nytt mønster på Ravelry  og Knitty - Tubey. Eg strikker storleik L, men bruker pinne 4 i staden for 5. Trur eg må strikka litt laust med tanke på at L var aaaalt for stort då eg strikka Still Light Tunikaen. Så langt er eg i alle fall veldig nøgd med å ha gått ned i pinnestorleik for så langt har eg i alle fall fått den ynskte close fit som eg hadde lyst på til ermene.


Puh, det er ei ganske lang strømpe som skal strikkast til ermer og øvre side av ryggen, men det går rimeleg raskt heldigvis. Har også byrja å vinna over aversjonen min mot 5-pinnar også.

Pinnar 4 
Drops alpakk - oliven-/mosegrøn

tirsdag 31. mai 2011

Dreieckstuch mit Blätterand


Det er altså det sjalet heiter på tysk. Som de ser så har eg på nytt fått dilla og strikka to av same. Sjå boggposten før for oppskrifta på Ravelry. Garnet eg har brukt er Shetland soft frå Malsen og mor på pinne nr 5.

Denne gongen skal det til Dale som ein varm tanke til ei som treng det nett no.

I går feira vi treårsdag med full fest og stormande jubel. Veldig artig, men også høgst kjærkome når eg kunne leggja beina på bordet etter endt fest og rydding.





Litjpia var strålande fornøgd og har fått seg ROSA sykkel. Den har ho sykla på til og frå barnehagen både i går og i dag. Uturleg artig å sjå all denne entusiasmen.

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

søndag 17. april 2011

Striped study shawl


Då vart eg ferdig med sjalet frå Veera og 100% rain. Det er faktisk både finare og meir hendig enn eg hadde venta. Eg lurte litt på korleis den usymmetriske forma ville ta seg ut i praksis, men det viser seg at det er mykje lettare å slenga rundt halsen enn vanlege sjal. I tillegg har ein ikkje den lange flappen hengande ned foran. Ein absolutt favoritt.

Garnet er "restegarn" frå Oleana og Shetland soft frå Malsen og Mor.
Det har vel gått med omlag eit halvt nøste av kvar av Shetland soft. Gler meg over at det visst nok skal verta mjukare og mjukare ved bruk.


Det er regnfullt og ikkje dei beste lysforholda for tida så bileta kunne vore klårare, men det er jo i utgangspunktet ganske så klåre fargar i skjerfet. Det er altså tre raudfargar og beige. Kven skulle tru at eg skulle hiva meg på beige. Eg er meir ein raud enn ein beige person, men den er fin å kombinera med andre fargar for min fargepallett. Hi, hi, eg har jo vore på fargeanalyse må vita. 

tirsdag 12. april 2011

Ikkje halsbrekkande

I staden god varme og halspleie. Sjølv om våren no er i anmarsj så har vi vel ale lært at ein skal passa seg for den skarpe lufta. 

Dette er enkle saker. 40 masker på pinnen. 6 riller og så rettstrikk på dei ytste 6 maskene på kvar side før ein avslutter med 6 riller. På dei siste 6 rillene laga eg 4 kanppehol (strikka 4 masker, 2 masker av, strikka 8 masker 2 masker av osv. Avslutta med 4 masker. På neste omgang la eg opp to masker over kvart knapphol.)

Knappene fann eg i restekorga til Knappehuset i Bergen. Dei hadde berre att ein av kvar farge. Opprinneleg hadde eg tenkt med 4 gule knappar, men det viste seg å vera vanskeleg å finna i rett storleik. Så då vart dette alternativet.

Garn: 3- 4 nøster Cortina, Sparkjøp
Pinnar: 7

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails