Viser innlegg med etiketten lue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lue. Vis alle innlegg
fredag 6. februar 2015
Lenge sidan sist, men 90-talet ruler
Har vore litt pause kan ein vel seie i denne blogginga så no er det overraskande vis nokon i det heile les dette blogginnlegget.
Gjekk vel litt lei, fekk meg kjærast og har levert inn doktorgradsavhandlinga så då vart det lite strikking og anna kreativt tilsnitt. Etter innleveringa 23. desember har eg derimot ikkje orka noko særleg anna enn å strikke og sjå på TV. Reint bortsett frå at eg har fått lest nokre bøker. Det siste har det nesten vore full stopp på etter at eg fekk barn, men det hjelper å ha ei skulejente i hus.
No har eg derimot avslutta nokre gamle prosjekt som låg i korga.
På 90-talet strikka eg ein heil haug av desse hattane. Det var litt meir inn med breidbremma hattar den gongen. Veit ikkje heilt om det kjem til å ta av no så den vert kanskje sitjande på hattestativet mitt til støvsamling denne også, men den minner meg om den førre store strikkeperioden min. Eg var mellom anna med og strikka mot EØS i 1992.
mandag 7. oktober 2013
Etiopia
Vakkert, grønt, fattig, humor, historie og god mat. Har hatt gleda over å reisa til Etiopia igjen for kongress og ein liten pre-kongresstur med gode gynekolog-kolleger.
Det var deilig å koma ut av eit litt travelt Addis og reisa opp til Gondar og Simien Mountains der vi gjekk tur i 3600 m høgde før vi reiste til Lalibela og såg kyrkjene som er skåre direkte ut av fjellet. Kvar og ei av dei er eit stykke stein. Dei som har vore i Petra i Jordan kan få litt flash back, men desse kyrkjene er frå 1200-talet og er ein del av ein vedvarande, rik og levande kultur.
Scout
Want to buy handicrafts in the mountains?
Gondar Fistula Clinic
Lalibela
Vi avslutta på 1st FIGO Africa regional Congress.
Catherine Hamlin the mother of modern fistula surgery. 90 years old and still going strong.
Etiketter:
addis,
ethiopia,
Etiopia,
internasjonalt,
Lalibela,
lue,
museum,
nature,
reise,
Simien Mountains,
wool
onsdag 26. juni 2013
Jøss, litt strikk
Skal jo verta tante igjen til sommaren. Sidan korkje mora eller faren strikker noko og heller ikkje dei andre tantene så trør eg til. Hyggeleg med litt småstrikk igjen. Går jo svimlande fort. Dessutan er det slikt ein har å gjera mellom slaga på vakt når litjpia er langt vekke.
Pickles Darling dress and turban. No trur eg veslejenta skal verta fin.
Deilig garn Drops Merino extra fine.
Har klart å få meg eit par fine turar her i Hammerfest. På Tyven med utsikt over Hammerfest by og ein tur til eit vatn ved Forsøl.
Elles sit eg helst og drøymer om hengestolar. Ikkje så mykje å velga mellom i Noreg er eg redd.
torsdag 20. desember 2012
Snart jul
Nissefest i barnehagen er gøy, og så fine dei er ugane. Her er nissejenta mi.
Elles ser de fyrste strikkeprosjektet på bloggen på nokre månader. Luemønsteret finn de hjå Tovepia.
Restegarn Babyull frå Gjestal. Deilig farge. Ser ut til at det vert sjølvproduserte julegaver i år også.
fredag 23. mars 2012
Småfolk i små plagg
No er det småfolk på gang i gjen. Ja, ikkje hjå meg altså. Her er egga i ferd med å tørka på rot og det får dei berre gjera, men eg har jo veninner som ventar små. Veldig gøy når det flaskar seg for folk og det tyt ut små fine ungar. Denne vesle pia er ikkje fødd enno, men terminen er rett rundt hjørnet.
Mora strikkar ikkje sjølv så då er det jo ekstra hyggeleg å produsera nokre få plagg. Her har de eit par luer, men det er meir på pinnane.
Det grøne garnet er frå Nøstebarn og det plommefarga meiner eg er restar eg fekk frå Lise.
Har hatt det litt travelt i det siste så har måtte nedprioritera strikkepinnane litt diverre.
søndag 4. september 2011
Gamal design og strikk som politisk motstand
Gjorde nett eit djupdykk ned i nokre gamle posar og fann at schlägeren min frå tidleg 90-tal. Eg laga hauger av desse luene. Det skulle jo vera ein brei brem som vart bretta opp og gjerne festa med ei nål på den tida. Trådene er ikkje festa og eg gidd ikkje å gjera det no heller før moten bles den vegen igjen. Elles kjenner eg at den er god og har god passform.
Tenkj det er snart 20 år sidan. Mellom anna sat eg på den tida utanfor Stortinget og strikka mot EØS. Det vart laga eit digert lappeteppe som dekte heile muren framfor Stortinget hugsar eg. Ikkje det at det hjalp diverre, men ei kjekk form for markering av motstand. Under EU-kampen song eg i koret Stemmevett. Vi song mellom annan ein madrigal mot EU. Siste hausten var eg så forkjøla at eg song alt frå tenor opp til sopran på ei veke.
Elles har vi vore hjå "Leker og mer" i Lille Øvregate og høyrt på ein fornøyeleg versjon av Reveenka før Litjpia gjenoppsto som katten Korse.
torsdag 17. februar 2011
Endeleg litt strikking
Endeleg klarer eg å blogge litt om strikking. For tida er eg på kurs - grunnkurs i forsking. Slettes ikkje så verst faktisk. I grunnen er det kjekt å læra noko nytt og kjenna seg som student igjen. Så då har eg tid til å sitja og strikka på dagtid. For litt diskre strikking er det jo greit med ikkje for store og omfattande prosjekt.
Vaffellua til Pickles er både enkel og fin med eit lekkert mønster som ser imponerande ut, men som er grådig enkelt. No er eg på god veg med lue nr to.
Eg hadde kjøpt eit raudt garn av merino ull som er supermjukt Gedifra super soft merino. I tillegg hadde eg eit garn som er 70% kashmir og 30% silke Filatura Di Crosa. Resultatet har vorte ei veldig mjuk og god lue som eg skal gi bort til ei veninne.
Har også klart å velga ein mal til bloggen, men eg er ikkje sikker på om eg er så nøgd med resultatet....
lørdag 8. januar 2011
Ny jakke og lue med daisies
Dette er vel ein av dei få oppskriftene eg har skrive ned, og eg liker å laga nye kombinasjonar av fargar på dette mønsteret. Modellen er også veldig fin på. Ermene ser litt store ut i forhold til bolen tykkjer eg sjølv når ein ser den på ein hengar, men bolen sit utruleg fint på kroppen og då kjem også dei litt vide ermane til sin rett.
Eg hadde kjøpt noko Baby wool garn på Stoff og stil som eg brukte til denne jakken. Eigentleg hadde eg tenkt å ha blått på heile ermene og bolen, men etter å ha strikka eitt erme såg eg at eg ikkje hadde nok så då endra eg plan og tok til dei to nøstene med lilla eg hadde. Eg hadde allereie strikka nedre delen av bolen med daisiane så eg heldt meg til ideen med mansjettar og volangane i blått. I tillegg måtte eg legga til nokre rekker med daisies på ermene for å drøya garnet. Til slutt viste det seg å vera eit fint val. Det var artig med litt meir variasjon.
E
søndag 3. januar 2010
Ei fin lita barnelue
Litjpia fekk ei slik lue av tanta mi til jul. Det er ei superenkel lue å strikka, og den har i tillegg veldig god passform.
Oppskrift:
Lua til litjpia var strikka på pinne 2,5 i type vanleg babyull medan eg strikka lua til veslevenen på 4 år på pinne 3 i finull.
Litjpia si lue: Legg opp 104 masker og strikk 9 omganger vrangbord (to rett og to vrang). Etter det strikker du til saman 50 omganger i det mønsteret du måtte ynskja. Sy saman huva i toppen slik at det vert ein firkant. Eg har gjort det slik at området der ein går over til ny omgang kjem som ei stripe midt bak. Hekl eller tvinn snorer på ca 12 cm som ein fester som ei løkke til pynt i kvar øvre hjørne. På kvar side 12 masker frå midten bak plukker ein opp 19 masker som skal verta til øyreklaffar. Fell ei maske i starten å slutten på annakvar omgang slik at du får ein trekant. Hekl eller tvinn reimer til snorer. Voila så har du ei lue.
Veslevenen på 4 år: Eg la opp 108 masker og strikka 55 omgangar etter 9 omgangar vrangbord. Elles er oppskrifta lik.
fredag 30. oktober 2009
Djevel lue/hjelm lue - kjært barn har mange namn
Dette er sjølvsagt ein klassikar. Superlett og raskt å strikka. Eg har fallt ned på å strikka med 36 masker i 18 riller og så berre endra garntjukkelse og pinnar når eg går opp i storleik.
Oppskrift:
Legg opp 36 masker. Strikk rett ein omgang med dei opplagte maskene reknar eg dette for ei rille. Det er no eg ofte skiftar farge slik at annakvar rille får ulik farge, men det er ikkje nødvendig. På neste omgang strikker du maske 2 og 3 saman og når du kjem på slutten av omgangen auker du ei maske før dei to siste maskene. Gjer dette annakvar omgang. Når du har strikka 18 riller (36 omgangar) så auker du ei maske mellom maske 1 og 2 og strikker den 3. og nest siste maska på omgangen saman. Gjer dette i nye 18 riller. Når du no har strikka til saman 36 riller så byrjer du på nytt med å strikka saman maske 2 og 3 samt å auka før dei to siste maskene. Strikk 9 riller slik. Auking og felling skjer alltid på annakvar omgang. Etter 9 riller strikker du nye 9 riller der du auker i byrjinga av omgangen og feller ei i slutten. Etter desse 9 rillene har du strikka til saman 54 riller. No skal du strikka 18 riller der du strikker saman to masker i byrjinga av omgangen og auker i slutten. Etter desse 18 rillene strikker du 18 riller der du auker i byrjinga av omgangen og strikker saman i slutten. No er lua ferdig. Når du syr den saman så syr du fyrst saman den fyrste og siste rilla du har strikka. Bak vil det vera som eit stjernemønster som skal syast saman. Som eit "hakk" innover som skal syast saman der du har strikka 9 riller og så skal kvar av dei 18 rillane i byrjinga av arbeidet og dei 18 rillene i slutten av arbeidet syast saman. Til slutt møtast dei i ein "spiss" bak. Foran har du då ein spiss ned i panna. Ta opp 3 masker i kvar av dei store spissane fortil og strikk rett, vrang, rett ein omgang og vrang, rett, vrang annakvar omgang til du har lange nok snorer. Eventuelt kan du hekla eller tvinna snorer.
Lukke til.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









