Sider

Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten award. Vis alle innlegg

mandag 4. april 2011

Award

Eg har fått ein "Liebster blog award" frå Lindastrikkerier. Det er ein award eg lett kan klare å oppfylla for den er for bloggar med under 100 følgarar, og det einaste eg skal klare er å finna fem andre bloggar eg liker med mindre enn 100 følgarar. Målet er å spre informasjon om ulike bloggar. Eg er diverre himla dårleg til å svara på spørsmål og utføra utfordringar, men dette er berre hyggeleg. Tusen takk Linda!

Blogger eg gjerne vil nemna og gje awarden vidare til er:

Hjertelill som syr og lager utruleg mykje fint og fortel om alt det kreative ungane ho har på skulen tar seg til i tillegg til at ho har tre fine gutar inkludert ein av kompisane til Litjpia frå Addis.
Ragnhild sin stad som driv med kvardagsblogging i tillegg til diverse strikke- og syprosjekt. 
Maskeball som strikker mykje flott.
Strikk handknits sør-afrikansk med norske aner som bur i London, strikkar mykje og med mange flotte bilder og andre inspirasjonskilder.
Citronmoster med fargerike strikkeprosjekt nede i Danmark.

Ein liten oppdatering: Sidan eg er så dårleg til det med awards og utfordringar så fann eg no denne logoen om award fri blog hjå Citronmoster (som eg då hadde klart å senda ein award til... øh). Den passer meg veldig bra. Eg syns det er veeeeeldig hyggeleg å få ein award, men får litt hjartet i halsen kvar gong så då er det kanskje greiast å styra unna.

A "Liebster blog award" from Lindastrikkerier. An award I finally can manage to fulfill since the only thing I have to do is find other 5 blogs with less than 100 followers that I like. The gole is to promote other blogs. I am terrible at challenges but this one I managed. Thank you Linda.

Just found this award free blog logo on Citronmoster blog (after having given her an award....). That is definitely the solution for me. I like people thinking of my blog but I am awful when it comes to actually doing something about them so I guess I am better off with no such attention.




mandag 18. januar 2010

Hyggelege meldingar

Det er jo alltid hyggeleg å få fine tilbakemeldingar, og det må ein jo seia at ein award er. No har eg fått ein award frå Hannes strikkerier. Hanne er eigentleg veldig flink med å gje hyggelege små kommentarar både her og der.

Det følger ein del krav med denne awarden.

Kopier awarden til bloggen din
Link til den personen som ga den awarden
Fortell 7 fakta om deg sjølv
Velg 7 andre du vil sende awarden til
Legg igjen ein kommentar i bloggen deira slik at dei får vite om denne awarden

(The rules of this award. Copy it to your blog, link to the one who gave it to you, 7 facts about you, send it to 7 others and leave a comment on their blogg)



Det er ikkje lett å skulle velga blant alle desse fine bloggane som ein er innom. Nokre har jo halde på lengre enn andre og er av dei alle følgjer så eg fekk lyst til å sjå litt inn i arkivet mitt blant følgerar og kanskje litt ferskare bloggarar. Det er jo nett det eg er sjølv også - ein ganske fersk bloggar altså.

Bea's blog Av di sjølv om ho også bur i Noreg seier ho så er ho også i Tyskland og det er litt hyggeleg å vita at vi har kontakt over landegrensene. Dessutan så har ho fleire bloggar og er ein ivrig strikkar. (Norwegian/German blogger)
Hjertelill Som nett har kome igang og som syr mykje flott av retrostoff, arrangerer julemesser og er mor til den gamle kompisen til litjpia. (Wonderful things from retro materials and my mother of my little girls good friend)
Morkland Som har blogga litt sporadisk i fleire år og som held på med nesten heile spekteret av handarbeid. Sist innlegg var to flotte raude sokker med skrått mønster. (Bloggs on and off, look at her lovely red socks)
Patina Som har ein fantastisk flott butikk på Evanger som folk bør besøke i tillegg til nettbutikk med "budleveranse" til Vilvite i Bergen ;-). (One of my favorite shops which you can also visit on the web)
Lindastrikkerier Som strikker hauevis med nydelege vottar. (Knitts loads of beautiful mittens)
Dubedåre  Som har ein delikat og fin blog og også lager mange delikate plagg. (Delicate blog and garments)
Lanas y tramas Ein argentinsk bloggar som spinner ull i flotte fargar. (an Argentinian blog who spin wool and knit)

Puh! no er valet gjort.
Og så skulle det visst vera 7 ting om meg (7 things about me)

1. I have a nickname on youtube singing jazz standards that hardly anybody knows about.
2. Have lived in Gaza for a month.
3. Never been breastfed
4. Didn't knit for almost 10 years.
5. Hablo espanol (I studied for one year in Spain)
6. Have never learned where to put the commas (kommareglane)
7. I'm always 2-3 min late.

søndag 29. november 2009

Award

Jøss, eg har fått ein award frå Vibekes lille grønne. Kjente eg vart veldig overraska og stolt over at andre har glede av denne "husmorbloggen" min som eg kallar han.  Ein hakkar jo avgarde på tastaturet og pinnane i eit slags ønske om å dokumentera for seg sjølv samt som eit ledd i å få inspirasjon frå ande. Det har vorte hevda at vi lever i ei tid då alle er redde for å verta gløymde/ikkje visast og at det er det som er drivkrafta bak all blogging, twitter og facebook. Vel, uansett er det artig å sjå kva andre får til og at strikking er slik på mote etter at vi hadde strikkeåret i 2007. Veldig, veldig hyggeleg så tusen takk!!!


No skal eg senda denne awarden vidare til 5 andre bloggar.
Monstermønster som i tillegg til å vera veldig produktiv er eit oppkome av gode linkar til alt ein skulle ynska.
Ragnhild sin stad som skriv om litt av kvart inkludert strikking på NYNORSK (JIPPI) og som er ganske morosam til tider.
Hannes strikkerier som er allsidig på handverks-/handarbeidsfronten og som inspirerer mange med sin blogg også gjennom å vera ein ivrig og hyggeleg kommentator til andre.
Por amor al arte who lives in Chile and has a colourful variety of photos and display of her home made items. Just love it!
Judith sin strikkeblogg Full av fine nye og gamle mønster og linkar. You've got to like it.

I recieved an award from Vibekes lille grønne. Slightly proud and surprised to see that my blogging can be an inspiration for other. I'm happily reawarding the award to 5 other bloggs. Thank you!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails