Sider

lørdag 15. august 2009

Mykje garn



Vi køyrde forbi Janus og Oleana på veg heim frå Tysse på fredag og sidan vi hadde godt med tid så bestemte vi oss for å stikka innom lagerutsalet. Janus fabrikker har laga ny butikk og kulturlokale i den gamle fabrikken.Oleanna leier i lokalane til Janus. Vi tok også turen oppom der. For å koma fram til lagerutsalet må ein gå gjennom arbeidsromma der det sit mange kvinner og produserer kleda. Ei lita oppleving i seg sjølv. Fekk litt sånn Fredrikssons fabrikk-følelse... Rein bortsett frå at damene her var litt meir konsentrerte om arbeidet sitt. Oleana skal gå over til å nytta ei blanding av ull og silke i kleda sine og av den grunn så sel dei no ut alt det gamle garnet sitt som er totråds 100% ull i store 2kg "nøster". 2 kg garn kostar 150 kr. Du kan altså få garn svarande til 40 nøster for 150 kr. Mor mi og eg gjekk heilt amok. Eg besinna meg med 4 "nøste" medan mor mi kjøpte 5. No har vi nok garn i lange tider framover. Eg likte bildet av nøstene åleine best, men skjøna at den imponerande storleiken på dei ikkje kom til sin rett så difor har eg lagt til eit bilete av dei framfor bokhylla også. Legg merke til mi imponernde samling av fyrsteutgåvene av Modesty Blaise. Ein av dei få gongene eg har kjend meg sprø var då eg betalte 600 kr for hefte nr 3.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails