Sider

Viser innlegg med etiketten vintage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vintage. Vis alle innlegg

torsdag 21. februar 2013

På kongeleg jakt

 
Eg samler på kongelege til doen på Tysse. For å vera ærleg så har eg no ein heil haug med fine bilete som eigentleg er alt for fine til å henga på do. Enda godt at doen heiter Cinderella.

Då eg oppdaga desse fine bileta på Finn fekk eg nesten åndenaud og skunda meg å senda ein mail til den hyggelege damen som skulle selga dei. Til alt overmål var ho opprinneleg frå Rindal.

Eg mangla Maud i samlinga mi så no har eg heil kongerekke frå Kong Oscar opp til i dag. 

Eg har sagt at alle kongar som har regjert i den tida huset har eksistert skal få vera med. Det står 1889 på trappa så derfor får denne sardinkongen frå Sverige vera med.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

lørdag 31. desember 2011

Kva har eg på nattbordet?


Starlet frå 80-talet som ikkje har ligge i flyttelassa mine, men som eg derimot kjøpte i rein nostalgi på ein loppemarknad. Det er også ein del gamle interiørblad og eit eller anna Elle, eller noko slikt. I tillegg "Sara og bølla", litt Albert Åberg, "El club de los viernes" (den strikkeromanen frå New York som eg trur eg har blogga om for lenge sidan og aldri får lest ferdig fordi eg ikkje orker å lesa når eg legg meg), Ann Oakley "Essays on women, medicine and health" (høyrest veldig intelektuelt ut ikkje sant. Vel eg har kome halvegs, men eg lånte den for over tre år sidan av sjefen... Leste faktisk i den på toget så no er det berre eit par essays igjen). "Naturlig sland" av Fedon Lindberg har eg flytta opp i hylla igjen. Kan jo ikkje lesa slikt i jula.
Kva har du på nattbordet?

I ryddesjauen har eg også fått meg nytt nattbord. Det fann eg på loftet i bygården. Meiner å hugsa at vi sparte det i den store oppryddinga i vår fordi eg ville ha det, men viss nokre naboar les dette no og meiner det er deira og at dei vil ha det tilbake så sei endeleg ifrå. Legg elles også merke til den gamle skuleplansjen eg fann på ein marknad i Trikkehallen på Møhlenpris. Hugsar godt desse historiske plansjane frå skuletida mi på slutten av 70-talet.


Snart er det nytt år. Håper alle får ein fin kveld og eit innhaldsrikt og positivt nytt år.

lørdag 27. august 2011

Nostalgi og kongelig


Medan eg trottig strikkar vidare på eit sjal utan å ha så mykje å visa til så skal de få eit glimt frå oppgraderinga av kongesamlinga på do på Tysso. Huset er jo frå 1889 så vi tillet alle kongelege som har vore konge av Noreg sidan då. Mor mi har vore på skattejakt og funne bilete av den gamle svenskekongen. Er det han frå sardinboksane tru? 


I tillegg eit ganske nostalgisk og lekkert forlovelsesfat av kongen og dronninga for over 40 år sidan. Ja, i år vert altså Märtha Louise 40 år den 22. september. Korleis veit eg det? Hah, jo fordi besteveninna mi då eg gjekk på barneskulen var født same dag - på ein offentleg flaggdag. Mykje moro med det. Eg missunte ho eigentleg den litt.


Kvar sumar er det dessutan marknadsdag på Tysso. Der kan ein finne mykje fint. Aktivitetar for ungane, lotteri, sal av handverk og loppis. Kom neste år.




tirsdag 21. desember 2010

Jul i vintage arvegods

Som eg har sagt tidlegare så har eg vore med og rydda på loftet etter besteforeldra mine. Der var det mange gamle klede. Deriblant denne kjolen.

Den var mormora mi sin og mor mi trur ho brukte han på slutten av 40-talet då onkelen min var liten gut. Sidan oldefar min var skreddar er det også mest sannsynleg han som har sydd han. 

På føtene har eg farmor sine gamle sko frå 30-talet då ho var ung og gjekk i selskap. Dei har nesten den same fargen.

Mest overraska er eg over at han passer så godt som han gjer. Eg tenkjer på bestemora mi som lita og nett, og sikkert 10 cm kortare enn meg. Men han sit faktisk som støpt. På innsida har eg til alt overmål ein av dei gamle underkjolane hennar.




Diverre er lyset på årets kortaste dag ein sorgens kapittel så det er absolutt ikkje tilrådd å zooma bildene. Litjpia har også grisa på linsa ser det ut til slik at eg har fått ein imaginær flekk på kjolen. Det får de bæra oer med. Eg kunne berre ikkje dy meg for å visa han fram.

onsdag 24. november 2010

Frå bestemor sitt skattkammer

Posted by Picasa

Det er stor gåveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg å blogga om. I alle fall lenge før sakene skal giast bort.

Om sider har eg derimot fått tid til å vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann på kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte på 40- og 50-talet då dei var små ungar. Oldefar min var skreddar så eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.

Så no er det berre for syskenbarna mine å produsera barn som kan få bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjønningen eit par innlegg lenger ned skal ha på seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblå strømpebukse på 17. mai. Vi får berre vona at storleiken held.

torsdag 28. oktober 2010

Strikkeplagga er i bruk


Vetleguten veks til og no har mor hans tatt bilete til ære for tanta for å visa kor fin han kan vera i tante sin strikkekolleksjon.



Slettes ikkje verst. Han gjer seg som modell.

tirsdag 26. oktober 2010

Vintage strikk


Vi gjekk igjennom kottet etter besteforeldra mine i vår. Der fann vi mellom ein mengde skrot - bestemora mi kasta aldri noko, gamle barneklede etter mor mi og syskena hennar. Ein riktig så liten skatt vil eg seia. No har eg endeleg tenkt eg skal vaska dei og setja dei i stand så får vi sjå om det er noko som kan brukast av dei 6 oldebarna ho har etterlatt seg. I alla fall kan det jo henda det er nokon som vil ha det på utstilling.

Denne buksa var nok brukt av onkelen min. Eg meiner å ha sett den på eit gamalt bilete. Buksa er grundig brukt og vaska for den er nesten som tova å rekna. Dei er frå den tida då bestefar min arbeidde på gard, og dei budde på eitt lite rom. Det var neppe flusst med pengar, men ho var flink med pengar og klede bestemor. Det var ikkje mykje som gjekk til spille. Må seie ho hadde god smak når det gjeld fargeval. Det er riktig så fint med det sennepsgule og brune.

Som dotter av ein skreddar visste ho å finna glede i fine klede. Viss ho hadde misstanke om at vi var lei oss så stakk ho gjerne i oss litt pengar og sa "her skal du få litt så kan du kjøp dæ nå nytj". Eit universelt botemiddel mot tunge tankar.

Going through my grandparents old stuff we found some treasures among a lot of junk. My grandmother never threw things away. So now I have some old clothes that my mother and her siblings used to wear. This knitted boys pants for instance that my uncle must have worn. I think I have seen them in an old photo so they must have been his good ones. They have been worn and washed a lot from the looks of it. My grandmother was the daughter of a tailor and enjoyed having nice clothes. When my uncle was little they had very little money so I can just imagine the effort behind these pants. Have to say she had good taste in colours.

tirsdag 10. august 2010

Retro bleiebukse/old fashion diperpants

Eg fekk jo låna nokre gamle mønster frå 50-talet frå besta i etasjen under. Det er så mange artige mønster, men ikkje alle som er like anvendelege, men no fekk eg strikka ei god gamaldags bleiebukse. 

Rett nok liknar den ganske mykje på trusene til damer frå same tidsepoke, men dette er altså barnestorleik. Syskenbarnet mitt har fått seg eg ny, liten, fin gut som skal verta stolt eigar. Vel, det er vel mora som vert mest nøgd - om ikkje tanta (altså eg). 

I eit gamalt leksikon (ikkje usannsynleg at det var Norsk allkunnebok) så fann eg ein gong at filletante/filleonkel er syskenbarnet til mor/far. Eg var den gongen dødeleg fornærma over at nokon meinte at mine inngifta tanter og onkler ikkje var tante og onkel, men filletante og filleonkel. No er eg derimot vaskeekte filletante også forkorta til tante :-).

I borrowed some old patterns from the 50'ties from "gran" down stairs. I love looking at them though not all of them are so handy now adays.

lørdag 19. juni 2010

50-tals babyjakke/ 50'ties baby jacket

Eg fekk låne nokre mønster frå 50-talet av besta (naboen) ei tid tilbake. Det er så mange små babyar som kjem no i sommar så strikkepinnane har rikeleg med oppdrag. Fekk så lyst til å prøva eit av desse mønstra.
Har brukt eit totråds garn frå Oleana og noko raudt garn eg fekk frå Lise's hobbyblogg. No kan vetlejenta koma.
Knappane har eg kjøpt på fabrikkutsalet til Oleana.

I borrowed some knitting patterns from my neighbour some time back and have tried out one of them. There are so many little ones being born this summer so there are plenty more knitting to come.

tirsdag 16. februar 2010

Herlege 50-talet/ The lovely 50'ies

Eg har verdas beste naboar både over og under. 

I etasjen under bur Wenke. Vi har klart å adoptera ho som bestemor til litjpia. Dei fleste har jo i utgangspunktet to bestemødre og no har også litjpia fått si bestemor nr 2. 

Besta (altså Wenke) er også ein superstrikkar av rang, og det er kanskje ikkje ei sjel i Narviksområdet som ikkje eig eit plagg som ho har strikka. I tillegg så har ho sydd ein heil masse i si tid og har også ein vev som ho håper snart kan koma opp og stå.

No har eg også fått låna av besta sitt mønsterarkiv. O'la,la. 

Her er det mykje inspirasjon å henta. 
Diverre har eg ikkje noko scannar så de må ta til takke med foto av heftene.

Noko av det beste er jo bilettitlane. Dette heftet frå 1957/58 er min store favoritt.

Sjekk desse overskriftene:
Se hva mamma har laget.
Våre forfengelige små døtre (er det dei eller vi som er forfengelege?)
Korrekt og kokett (ein vinnar spør du meg)
Ramsalt sjø og lys sommerkveld

I have perfect neighbours. We have adopted the woman downstairs as a grandmother. She is a knitaholic with a huge production of wonderful mittens, jumpers, dresses etc. She also used to sow and weave. It turned out she also has this wonderful collection of old patterns that she lend to me from the 50'ies. Have a look! Unfortunately I don't have a scanner and had to photograph the pages instead. 

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails