Sider

Viser innlegg med etiketten klutar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klutar. Vis alle innlegg

tirsdag 25. september 2012

Kluter

Berre for å visa at eg har strikka litt i det siste. Motivasjonen og inspirasjonen er kanskje ikkje den største, men litt hjernedaud småstrikk kan ein jo klare. Då får eg i tillegg brukt litt av restegarnet og det trengst. Har i grunnen som mål å koma litt lenger ned i restebunken i løpet av hausten.

Ha ein strålande tysdag!

fredag 21. september 2012

Prospektkort


Det var denne dagen i august. Ja, det er altså ei stund sidan. Eg veit, men livet går veldig fort for tida. Strikkelysta er på eit minimum så det einaste eg produserer er kjøkenklutar. I sommar har eg for så vidt produsert eit sjal og noko anna langt eg har strikka som eg ikkje aner kva eg skal bruka til. Stikkegarn som er utruleg vakkert å sjå på, men som altså klør noko infernalsk sjølv for meg. Det var tidtrøytestrikk på bilturen der mor mi tok seg av all køyring. Luksus!

Men altså på dette biletet er vi i Vikøy, Hardanger, rett ved Norheimsund. Vi har satt ungar og spanjolar i gang med krabbefiske. Trur spanjolen tykte det var like gøy som ungane.

Som Litjpia sa på vegen heim: "dette var ein fin dag mamma".

lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

tirsdag 9. februar 2010

Kjøkenklutar av rein silke - kitchen cloth in pure silk

Fann dette garnet i rein silke i ei restekorg i haust. Ved kjøp på meir enn 10 nøste var det berre ti kroner stykket så eg klarte ikkje å dy meg. Etterpå har eg vore skikkeleg i beit på kva eg skulle laga av alt dette garnet.



Men no har eg forsøkt meg med kjøkenklutar. Dei virkar i alle fall å trekkja til seg fukt for det er mest som om hendene vert tørre berre av å ta i garnet.

Lekre tykte eg i alle fall dei vart (om eg skal seia det sjølv he, he). "Vårsola" byrjar så vidt å visa seg og fuglane kvitrar så fint, men ljoset virka nok sterkare enn det som rett var.

Oppskrifta er som før 40 masker og 25-30 cm.



I found this pure silk yarn for sale last autumn and couldn't resist it. Frankly I wasn't shore what to use it for but now I have ended up by knitting kitchen cloths. They seem to be useful for my hands feels all dry after just holding the yarn.

40 stitches 25-30 cm in all different patterns and you have yourself a cloth.

søndag 17. januar 2010

Nye kjøkenklutar


Eigentleg er eg ikkje så glad i å strikka i bomullsgarn. Det kan henda eg likte det betre før, for eg fann i alle fall mykje bomullsgarn blant restane på loftet. Så kva gjer ein med det?
Suller mykje rundt for tida og endte opp på ein ny og fin butikk i gågaten i Bergen. Det er ein av desse interiør/barneklær/dameklær/te/såpe/nesten det du kunne ynskja deg butikkane som finst for tida. No burde eg sjølvsagt hugsa kva den heiter, men det gjer eg ikkje. Det låg ein skobutikk der før der alle sko var til 200 kr eller noko slikt. Eg har faktisk kjøpt meg nokre stilige høghela støvlar i turkis der ein gong. Diverre har eg alt for breide bein til å kunne gå med dei støvlane. Dei vider seg ut slik at du trur då får på deg støvlane....,men så byrjar dei å klemma..... ai, ai, ai, det er tortur.
Vel, det var ikkje mine nydelege turkise støvlar eg skulle snakka om.
Denne butikken selde også nokre heimelaga kjøkenklutar. For å vera heilt ærleg så tykte eg dei var litt vel enkle og lause i fisken, men eg vart i det minste inspirert.

Så då gjekk eg heim og strikka fire kjøkenklutar som skal verta ei gåve. Og no kan jo de som kjenner meg lura på kven dei er tiltenkt ;-).



40 masker, ca 20-25 cm.
Eg strikka dei anten einsfarga eller to rett to vrang/ein rett ein vrang
for at dei skulle vera like på dei to sidene

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails