Sider

Viser innlegg med etiketten alpakkaull. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten alpakkaull. Vis alle innlegg

lørdag 20. april 2013

Before dark

Har fått meg ny favorittjakke.

Ein av mine favorittdesignarar er Veera Välimäki. Ho har laga mønsteret til denne enkle og fine jakka - Before dark. 

Sjølv om eg gjekk ned nesten ein pinnestorleik så vart jakka litt laus i strikken. Typisk, men kva for underverker gjer ikkje ein liten runde på 40 grader finvask med ei jakke. I amerikanske mønster skriv ein jo ofte at ein skal vaska og blokke, og det har eg altså no gjort. No sit den som støpt.


Hadde ikkje nok blått garn til heile jakka så eg måtte spe på med noko grønt. Gjekk fint det. Hadde rett nok ikkje nok av dei to grønfargane heller så det vart ulikt på ermene og nede på bolen. Slik går det når ein liker å kjøpe garn før ein har funne ut kva ein vil bruka det til.

Ha ei fin helg vidare.




lørdag 12. november 2011

Hidden igjen


Trass i at eg ikkje er heilt sikker på kor nøgd eg er med måten ein auker på til dette sjalet sidand det liksom ender med å "krympa" litt nedst så har eg altså strikka eitt til. Eg liker nemleg veldig godt den bølgekanten nedst. Kanskje må eg modifisera og laga mitt eige mønster. Denne gongen har eg brukt Drops alpakka (sennepsgul) og babyull frå Gjestal (brun). Mønsteret er altså Hidden in the forest av Veera Välimäki.

Det er ikkje alltid like enkelt å ta fine bilete i november i Bergen, men no har vi jo fint vær for tida. I tillegg har Litjpia plutseleg vist interesse for å vera modell. Det er verkeleg noko nytt. Kanskje ho var mest opptatt av å få merksemd frå mora som hadde vore meir enn busy og ein smule avvisande i forkant. Papirsortering, rydding, husvask - blæh for store og små.
PS: legg merke til den fine kombinasjonen med badedrakt og stiliongs. Vi prøver ut feriegarderoben.

Elles er det lite tid til blogging for tida. Litt stressa for å få i mål ein del ting før vi hiv oss på flyet til Australia om eit par veker. Eg skal på kongress og Litjpia med bestemor som barnevakt skal vera med. 




No har eg bestillt julekort, men lurer jo på kva slags prioritering det er frå mi side. Skikkeleg krampetiltak sidan vi kjem heim to dagar før jul, men det er vel greit å senda slike kort på litjjulkvelden og?

mandag 22. august 2011

Nyfødt-spøt


Ah, då har mor til veslejenta som vart født i sommar sagt eg kan bruka dei bileta eg fekk tilsendt av ho på bloggen. Ei øranes lita fin vakkerdokke.

Eg tok utgangspunkt i Lillestakken igjen, men eigentleg er den vel så omgjort at det er spørsmål om eg kan påstå at det er same kjolen. 

Eg strikka ikkje bølgekanten nedst, og la opp 160 masker. Fyrst strikka eg fem riller i rettstrikk før eg gjekk over i tre rett og ein vrang. Etter 18-20 cm snudde eg arbeidet slik at vrangsida kom ut og reduserte til 80 masker før eg strikka "beltet" slik som det er i mønsteret. Felte så mange masker som det står i mønsteret til kvar armhole. I neste omgang la eg på 36 masker og strikka tre riller med rettstrikk over dei til ermene. I neste omgang definerte eg midten på ryggen og strikka fram og til bake slik at det vart ein opning bak. Eg har brukt raglanfelling av di eg tykkjer det eller rundfelling er finast på babyar. Det gjorde eg av di eg ville bruka daisies som mønster. Det finn instruksjon om korleis å strikka dei hjå Pickles. Eg strikka sju rader med daisies og tre-fire omgangar til før eg sette av dei midterste fem maskene og felte ei maske i kvar side heilt til eg kom ut til raglanfellinga. Då plukka eg opp maskene i midten og ei for kvar felt maske før eg strikka tre riller med rettstrikk og felte laust av. Til slutt hekla eg ein kant rundt opningen i ryggen og laga 3- 4 hemper til knappar i ryggen. (hugsar strengt tatt ikkje om det var tre eller fire knappar).

Huva er ei hjelmhuve utan spissen foran og med tre rader med daisies.



Eg har brukt pinne nr 3, kvitt alpakkagarn og restegarn til fargane.

mandag 20. juni 2011

Tubey

Så var han ferdig, og eg er supernøgd. Han sit som støpt. Spesielt liker eg korleis han draperer seg over skuldrene. Ein del andre på Ravelry har klaga over at den vert posete over ryggen, men det er ikkje noko problem dersom ein lagar ein close fit for då strekker den nedre delen seg tilsvarande. Den er trass alt meir elastisk i breidda enn den øvre delen. 

Eg må seia det var litt langtekkeleg å strikka dei to ermene i eitt, men alt i alt tok ikkje genseren så lang tid. Eg strikka i storleik large sidan det er min storleik, men gjekk ned i pinnestorleik til pinne 4. Truleg strikker eg ganske laust for erfaringa mi frå Still Light tunikaen var også at den vart større enn forventa. 


Eg er ikkje så glad i sommarfuglermer og valde difor å strikka rettstrikk fram og tilbake nedst på ermene og så sy saman med knapper som berre er til pynt. For å få ein slags heilheit strikka eg også 10 riller med rettstrikk nedst der eg delte framsida og basida i to.
Som Du Bedåre har lagt merke til så har eg brukt ei stor sikkerheitsnål i fronten for å få til v-utringing. V-utringing er meir flatterande til meg. Enkel og reversibel løysing.

For dei som lurer så er altså dette linken til oppskrifta. Eg fann også ei omsetjing til norsk, men har ikkje brukt den så de får forsøke å søka på designaren. Det var slik eg fann den. Her finn de han på Ravelry.

Garn: Drops alpakka og Tynn alpakka frå Du store alpakka

Pinnar: 4 mm

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

torsdag 31. mars 2011

Tunikaen veks


Berre meir og meir nøgd med fargen eg valde for Still Light tunikaen. Den veks, og eg er veldig glad for at eg har skaffa meg maskemarkørar.

Eg er så ivrig etter å strikka at eg i går fyrst vart sitjande til kl 01.00 for å strikka til rett nedafor ermene. Så prøvde eg han på og oppdaga at Large var alt for stort for meg (og det er eg sjølvsagt veldig nøgd med) slik at eg måtte rekka opp 10 omgangar. Det er litt slitsamt å få alle 448 maskene tilbake på pinnane igjen. Til slutt var kl 02.00 før Litjpia vakna, og eg fann ut at eg sikkert burde koma meg i seng. Genialt å byrja frå toppen når det er snakk om å få den rette storleiken. 

Alt dette medan eg såg dei siste episodane av Mad Men sesong 4. Elskar den serien og håper verkeleg dei bestemmer seg for ein sesong 5 også. Dei har i alle fall laga ein open slutt på denne serien så det er håp.

fredag 25. mars 2011

Still light tunika


Eg har sikla over denne oppskrifta lenge og endeleg hoppa eg i det. Ein smule inspirert av Caloweena. Tunikaen er veldig populær på Ravelry med ikkje ferre enn 387 prosjekt ferdige eller i gang. Det kan eg godt skjøna. Sikkert fleire av de der ute som har strikka den allereie. 

Designaren er finske Veera og 100% rain som er ein av favorittane mine i bloggeverda når det gjeld stilig og fargesterk design.

For fyrste gong i mitt liv har eg hive meg på ei oppskrift på engelsk, men det går i grunnen forbausande lett så no kan eg berre angra på at eg har venta så lenge. Garnet er Tynn alpakka kjøpt på Husfliden. Gode gamle Husfliden. Må seia eg var litt overraska om ikkje forferda då eg måtte læra ei av damene der om Ravelry, men eg kan også ver opplysningskontor for mønster og strikk.

Sist helg var eg på "bli ny"-kurs i Oslo eller nærare bestemt Sandvika så no har eg fått ekspertuttalelse på at grønt er ein kledeleg farge for meg sidan eg er VÅR og har grøne auge. Eigentleg visste eg dette, men sidan mor mi er så glad i grønt at ho også helst et godteri som er grønt så har eg halde litt tilbake på den fargen. Det var på tide å la alt det fare så eg har vald å strikka tunikaen i eit flaskegrønt, melert garn. 




Tunikaen skal strikkast frå topp til botn og sidan SM i mønsteret tyder Slip Marker så tenkte eg det var på tide å kjøpa seg maskemarkørar. Det har vore inkjeeksisterande i mi verd til no i dag då dei vakre markørane eg kjøpte av Mono til stor glede låg i postkassa mi. Takk!!!

mandag 7. mars 2011

Blåveis varslar vår

Ser ut til at koplinga mellom kameraet mitt og mac'en har takka for seg. Det var i alle fall umogleg å få overført bilder. Så då sat eg igjen med iphone utan blitz og dårleg lampelys. Oh glory....

La min elsk på Pickles si vaffelhuve. Den er særs enkel å strikka og samtidig veldig effektfullt mønster. Må seia at eg i grunnen var meir nøgd med fargen på den førre. Veit ikkje heilt kva eg tykkjer om den melerte effekten. Eg har brukt same type garn som i den førre så den er så mjuk som berre det. Denne gongen hadde eg brunt i botnen med rosa kashmirgarn i staden for raudt.

Vel, vel, det er i alle fall resultatet. 

Det er dessutan deilig  å sjå at våren er i emning sjølv om det sluddar etc innimellom. 
I bedet i bygarden vår har vi ei diger tue med blåveis. Der har det bløma i nærare 3-4 veker no. Jippi!





lørdag 19. februar 2011

Gir meg ikkje med dei daisyjakkane


Eg har to kusiner som nett har fått seg kvar si dotter så då tenkte eg dei skulle få seg kvar si jakke av dette eine mønsteret eg har laga. No er den eine ferdig. Fargane er inspirert av ei par cowboystøvlettar kusina mi har. Ja, dei er kvite med mønster i knæsje fargar. Så no kan mor og dotter stå i stil.

Det er artig å sjå kor ulike jakkane vert når ein bruker ulikt garn og fargeval til trass for same mønster.
Eg har nytta naturfarga alpakka Tynn alpakka frå Du store alpakka og diverse restegarn i gilde fargar. Knappane er frå resteboksen og er vel i utgangspunktet plukka frå ein resteboks på ein eller annan butikk.



Diverre er det ikkje så ofte eg tar meg tid til å surfa rundt til alle dei flotte bloggane eg ikkje kjenner frå før. Som oftast vert det berre turar innom til dei kjende og kjære eg kjenner frå før, men i dag var eg innom denne svenske bloggen by Caloweena. Eg har visst ikkje vore innom så mange svenske bloggar skjønar eg. Her var det i alle fall litt andre ting enn det ein finn i norske bloggar og det er jo artig samt litt butikktips for den som skal til Stockholm.





fredag 31. desember 2010

Vott, vottare, vottast

Ok, så gjekk det mykje i vottar før jul. Og dei var også skorne over same grunnoppskrift. Nemleg nøstebarn sin rillevott. Nokre av dei strikka eg også med magic loop i staden for fram og attende som det står i oppskrifta.

For dei som lurte på kva magic loop er så er finn de det her. Det er då for oss om ikkje liker å strikka med 5 pinner. Eg må nok ha litt meir øving før det eigentleg vert noko særleg betre enn og raskare enn 5 pinnar, men det er vel noko med desse lette fobiane.

Desse vottane er strikka på 4,5 mm pinnar og ca tjukkelse svarande til vamsegarn. På den måten har dei vorte veldig tette og varme. Mange av vottane var også strikka med dobbelt garn inkludert ein mohairvariant. Veldig greit viss ein har ein del restegarn.




No er eg på gang med litt større prosjekt igjen. Det er ein del barn som skal få gåver på nyåret. Sparkjøp hadde også 20% på alt garn. Mykje av det garnet som selgast der har jo litt odde fargar, men Cortina soft kom i overraskande fine fargar. Når ein får garn for 10 kr nøstet så vart det mykje hamstring er eg redd. Mor mi reiste heim med 4 bæreposar med garn som ho hadde kjøpt på ulike utsal i løpet av romjula. Ein kan trygt seia at eg er arveleg belasta.

søndag 3. oktober 2010

Lillestakken i ny versjon

Eg er fan av Myk start og denne kjolen har eg strikka til Litjpia også. Ho er ein liten toåring og har framleis glede av kjolen i storleik 9-12 mnd. 

Denne gongen har eg strikka til ei lita vakkerdokke som også var veldig lita då ho vart fødd. Ganske så nøgd med dei graderte stripene som gir eit litt retro preg.

Eg har nytta alpakkaull. Det er nok ein av mine favorittar av di eg elskar den mjuke kjensla.

onsdag 21. juli 2010

Ei lita jakke til ei lita jente/Minature jacket for a little girl

Ei eg kjenner har nett fått ei lita, vakker jente på 1700g. Det er jo ikkje så stort så det er ikkje lett å finna klede som passar godt. Dessutan treng slike små litt ekstra hjelp til å halda seg varme. Så då tenkte eg at ho skulle få seg ei lita strikkejakke. Eg strikka ho i to rett og to vrang for at ho skulle verta mest mogleg elastisk slik at jenta kan veksa med jakka medan jakka sit som støpt. Mønsteret vart til medan eg heldt på. 

Det gule garnet er ei blanding av ull og alpakka og er supermjukt. Håper den fell i smak.


Og så fekk vi bevis for at jakka passer til vesle vakkerdokka :-).

A woman I know just had a little girl born 6 weeks premature. She is so lovely and tiny. These little ones need extra help to keep them warm and it is hard to find clothes just their size so I knitted this miniature jacket for her that I hope she will like.

torsdag 29. oktober 2009

Retro kjole








Dette mønsteret frå Dale har ein skikkeleg retro look. Kjolane på 70talet var litt stuttare i stakken slik at småfolka kunne springa friare i kring. Ofte hadde dei rett nok ei strikka pynteunderbukse også. Eg hugsa godt at ein del jenter hadde nokre voldsame fluffy truser under stakken. Var eg missunneleg? Nei, eg trur ikkje det. Hugsar det best som eit merkeleg fenomen. Vel, denne kjolen har ikkje strikketruse. Det held fint med eit par strømpebukser eller tights.

LItjpia var veldig fornøyd då ho fekk den på og stilte faktisk villig opp for fotografen - utan heilt å skjøna instruksjonane.

fredag 28. august 2009

Gammeldags omslagstrøye



Lillestakken vart strikka etter at eg hadde strikka denne omslagstrøya frå den same boka Myk start og bloggen til forfattaren av strikkeboka. EI nydeleg strikkebok for den som vil strikka til baby. Spesielt må eg seia at eg liker ermene. Dei vert veldig elegante i grunnen. Eg har tenkt å nytta den patenten på andre ting eg strikker også. I originalmønsteret er alt strikka i same garn og farge. Sidan eg aldri kan halda meg til ei oppskrift, men helst vil modifisera litt så har eg sjølvsagt endra fargevalet. Eg har også vald å ha to knapper i kvar side i staden for knyting. Ikkje veit eg kva som skjedde med rutemønsteret, men eg fekk i alle fall ikkje same breidden på stykket her som på rillestykket. Vel, vel, alt går ikkje alltid som planlagt, men trøye vart det alikevel. Garnet eg nytta var alpakkaull kjøpt i restekorga i Arequipa og det brune kjøpt hjå Husfliden.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails