Sider

Viser innlegg med etiketten litjpia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten litjpia. Vis alle innlegg

onsdag 14. august 2013

Strandkjole

Eg har ikkje berre lagt stein i sommar. Litt strikking vart det også. Pickles sin strandjole. Det som skulle verta årets sommarkjole er ferdig no som hausten står for tur. Diverre er eg ikkje ein gong sikker på om litjpia vil ha han. 


Det tok ekstra lang tid fordi Pickles hadde klart å pakke med eit nøste som var feilfarga. Det var det andre nøstet eg strikka med og vart ikkje oppdaga før eg var godt igang med det fjerde. Opprekking og venting på nytt nøste medan ein er på ferie. I tillegg var det ikkje nok garn til å følga mønsteret så eg måtte laga ei løysing med å bruka kontrastfargen for å få nok lengde. 



Fekk nytt nøste, men ikkje meir enn eit lite unnskyld per mail. Veit ikkje, men hadde i grunnen rekna med å få tilbod om eit gratis mønster eller noko liknande i alle fall som plaster på såret. Ingenting i staden sit eg her med ein kjole som er ferdig nokre veker på etterskot. Vi får sjå om den er passe til neste år også.

Fin er han i alle fall og det er eit deilig garn.

mandag 12. august 2013

Galleri smedhuset

Ikkje mange som kan skilta med ei kunstutstilling i eigen heim, men det kan altså eg. Mine kreative nieser og dotter har gjort om det eine rommet til eit galleri. 
 
 
Kvart kunstverk har fått tittel og namnet til kunstnaren. Som til dømes "morderiske Sarah" eller "alene" osv.
 
 
Det er også tematisk satt opp.





Elles kan det nemnast at det er differensierte prisar for barn og vaksne. 

Stikk gjerne innom!

søndag 11. august 2013

Pallekarmar


Pallekarmar er jo populært i hagesamanhang, men då helst i heil form som bed og kjøkenhage. Eg har ein raskhaug midt i åsynet til hagen som eg jo sjølvsagt har lyst til å skjula. I sommar har eg også brukt mykje tid på å byggja steintrapper og leggja stein til ein hagegang. Yvonne Dengin seier i ei av hagebøkene sine at det viktigaste er å byrja med strukturen og grunnmuren i hagen. Det er det eg held på med no. Grunnmuren skaper ramma rundt blomane og plantene. Dessutan er det gøy.


Når litjpia si største glede er å få sminke seg og andre - ho har det ikkje frå meg, så tenkjer eg det er bra at ho ser at kvinnerolla også inneheld steinlegging. "Ikkje sant du er verdas sterkaste mamma, mamma?". Klart det....


Tenkte litt fram og tilbake på kva eg skulle bruke til å byggja opp ein kant mot raskhaugen. Planen er å planta bambus. Har lest at dei kan vera fæle til å spre seg, men det gjer ingen ting at dei sprer seg opp i raskhaugen. På Trädgårdsonsdag, svensk TV, så ga dei råd om å bruke ei tett plastplate på dei sidene ein ikkje vil at røtene skal gå. Tenkjer å leggja det på innsida av treveggen som ekstra vern. Vel, eg var inne på å bruka torvblokker, men så kom eg på pallekarmene. Besta har hus rett ved palleleverandøren i Ulvik og der kostar dei berre 90 kr stykket. Eg delte dei i to, bretta dei ut og tilpassa dei til kvarandre. Sette ned ein trestake på tre stader bak og skrudde dei tre høgdene fast til trestakene for stabilitet. I tillegg er dei støtta opp med steine i endane. Problemet med pallekarmane på sikt er sjølvsagt at dei ikkje er trykkimpregnerte så ein får jo så kor lenge dei held, men innan den tid kan eg jo ha fått lyst på forandring uansett.


Det er uhorvelege mengder gamalt jernskrot på tomta til smedhuset. Fann mellom anna ei gamal skeise.







torsdag 18. juli 2013

Og sumar vart det

 
Med hengestol. Ingen av desse fancy eg sikla på i førre innlegg, men ein heilt vanleg kanvastype medan eg venter. Deilig å lena seg tilbake for å lesa ei bok også når det duskregner.

Veldig nøgd med det pergolaliknande overbygget som den hyggelege snikkaren Knut Mathisen har bygd. Eg sat i Hammerfest medan han sendte meg bilete på korleis ting utvikla seg. Trass i nokre kriseliknande reaksjonar frå meg så tok han det veldig pent. I tillegg hadde han heilt rett på nokre av dei vala han tok for byggverket. Det er bra for ein hage å få litt fleire sonar. Rart å sjå korleis inntrykket endrar seg berre på grunn av eit gjerde.

No har eg brukt endå fleire kroner på å kjøpa fleire planter. Mellom anna prøver eg meg på kiwi og humle som slyngplanter på pergolaen. Litt usikker på kor godt den humleplanten liker seg. Den kan liksom veksa 15cm i døgeret, men så langt har eg berre sett nokre cm på ei veke. Derimot veks arkitektens trøyst godt på muren bak trampolina.


Elles er vi på prosjekt dokkestove igjen. Litjpia tykte den var litt sørgeleg og det hadde ho rett i. Golvet var jo ikkje noko særleg og ikkje hadde vi satt inn møblar i høveleg storleik heller. No har vi lagt på voksduk på golvet frå Stoff og stil med stiftepistol. Eit enkelt og billig grep.

torsdag 13. juni 2013

Gamal draum


Sikla på naboens rysjer og lamper med dingeldangel då eg var barn. Hjå oss var det fullstendig ribba for slikt stæsj. Der var det heller oransj, grønt, brunt og skikkeleg cordfløyelsdominans.

No har derimot vi barn av 70-talet lagt vår elsk på dei gamle kitchy lampeskjermane til nabokjerringa.

Eg fann ein avlang variant på Fretex, demonterte den gamle, kvite, kjedelege IKEA-lampeskjermen, bente til metallramma og slepte den nye nedpå. Voila!

Derimot trudde eg at litjpia skulle elske lampeskjermen; "den er stygg mamma".

søndag 26. mai 2013

Seljefløytetid

 
Strålande dag for treklatring.
 
Då eg var 6-7 år lærte eg å lage seljefløyter av far min. Det var vedunderleg å spikka, få borken til å løsna og så få lyd i ei fløyte. Det er sikkert over 30 år sidan eg laga mi førre seljefløyte. Eg hadde eit litt misslukka forsøk her for nokre år sidan.

 
Litjpia har ynskt seg ei seljefløyte og eg tykte sjølvsagt det ville vera forsmedeleg å ikkje få det til. 

Jippi! Fekk det til på fyrste forsøk. 
Folk på Møhlenpris kan gle seg over ein skjærande lyd.

Vi har vore på "Liv i gamle stover" på Osterøy museum i dag. Flott program i strålande vakkert ver. Der var det mange aktivitetar for ungar og vaksne. Vi har såleis spikka armband og seljefløyte, ete ramslauksuppe, halde høner, lam og kaninar samt grilla pinnebrød og køyrd med hest og kjerre.
 
Litjpia har spikka hol i tightsen sin.



I tillegg vart litjpia ståande lenge og sjå på ei som spant garn med ein handtein. Plutseleg skjøna ho at alt dette garnet faktisk kjem frå sau.

lørdag 18. mai 2013

Hipp, hipp, hurra

Mor mi strikka denne nydelege trønderbunaden for tre år sidan. Det viste seg at vesten var meir enn brukande nok for mange år, men stakken og forkleet var litt kort etter kvart. Så no har moderen strikka eit lengre skjørt. Eg fekk alt tilsendt nesten ferdigstrikka. Måtte berre strikka ferdig kant, 10 cm på forkleet og så montera alt. Strålande vakkert resultat. Denne bunaden er rett og slett eit funn og vi har fått mange beundrande kommentarar i dag. Det er jo litt gøy å vera to i same bunad.


Takk for ein strålande flott 17. mai i år også.


fredag 22. mars 2013

Høgg, høgg, høgg

Den fyrste bilen eg kjøpte har no vorte padde flat. Han har tent meg både vel og litt ugreit. Mykje moro har vi hatt og mange stader har vi vore. Kan ikkje seia den vart så gamal, men så har eg vel kanskje ikkje behandla den så pent heller. 

Dei seier at Renaultar er lunefulle og at elektronikken går åt skogen. Jadda, jadda, jadda, motoren har tikka og gått etter grundig stell av dei på Fondenes auto. Elektronikken derimot har svikta grufullt dei seinare åra. Snøvinteren for 4 år sidan tok sentrallåsen og startsperra. Startsperra måtte då koplast ut manuelt slik at då nokre lånte bilen min og klarte å skru på lyset over speilet og lada ut batteriet så var det ikkje nok å få Falck på døra. Oh, no, då hadde startsperra slått seg på igjen og bilen måtte tauast til verkstad. Etter at sentrallåsen og startsperra gjekk har det også vore innbrot i han. Tjuvkoplinga tok straumen til dashbordet så dei siste par åra har eg ikkje sett kor mange km eg har køyrt. Alt dette kan ein leva med
 
Rett over jul gjekk straumen til CD-spelar, radio, klokke og med det uttak til DVD-spelaren til ho i baksetet. Dødsstøtet for bilen var då speedometeret konka i førre veke. Sidan då viste det stort sett 160 også i 50-sonen. Då var det nok for det kan ein ikkje leva med. Sympatisk nok skjedde dette berre 5 dagar før årsavgiftfristen.

No ligg bilen fatklemt på Hanøytangen.
 


Litt vemodig.


Eg skulle liksom ha is i magen og tenkja meg godt om før eg kjøpte ny bil. Mekanikaren min har gitt meg gode råd og det var stort sett Toyota Yaris som sto på lista, men Citroen kunne godtakast. Det kunne derimot ikkje Ford Focus, Peugot eller ein ny Renault. I tillegg måtte eg lova å visa den til han før eg kjøpte ein ny bil.

Plutseleg dukka det opp ein raud, snerten liten sak som ser flunkande ny ut trass sine 10 år. Den er særs godt tatt vare på av eit godt vaksent par og har stort sett berre køyrd mellom Nesttun og Lagunen dei få km den har køyrd. I mellom køyreturane har den stått trygt og godt for vær og vind i sin eigne, vesle garasje. 

Eg er hoppande glad og nøgd og det er Litjpia og. Ho ynskte seg nemleg ein raud bil.
Gårdagens helt var Dag Fondenes.

tirsdag 1. januar 2013

Lite å skriva heim om

Himmel og hav kor lite eg har strikka i året som gjekk. Det vesle eg har strikka har eg stort sett ikkje blogga om heller (øh, berre for å få det til å framstå som om eg har ein haug med storarta prosjekt som ikkje har sett bloggedagsens ljos). Det einaste eg kan dra fram som eit framifrå prosjekt er Fanaboleroen.

Elles var nok det viktigaste i år at eg endeleg fekk realisert litt av hagedraumen på Tysse. Det var herleg å få seg ein fin uteplass. No ligg det duka for fleire prosjekt til sommaren. Mellom anna lurer eg veldig på korleis eg skal verta kvitt all skvallerkålen.....

Nord-Noreg-turen med to veker jobbing i Hammerfest før vi køyrde heile vegen ned til Trøndelag er nok også eit av årets høgdepunkt. Vi hadde strålande vær i Finnmark og heller regntungt heile vegen sørover, men kven bryr seg vel om det trass i at Lofotveggen og Svolværgeita forsvann i skoddeheimen.

No startar eit nytt år. Litjpia og eg har feira med vener på Hamlagrø. Det striregna i går og i dag var det winter wonderland. Dei vaksne har oppsummert at årets nyttårsforsett må vera at det ikkje finst noko som helst orsaking for ikkje å trena. Difor har vi starta året med 15 min på ski og heile 500 steg (øh, litt langt igjen til 10 000) så langt. 


Herregud, godt det er kvardag i morgon.

søndag 29. april 2012

Hardtarbeidande husmor på ferie


Litjpia har reist på ferie. Eg har altså berre meg sjølv å tenkja på. Det er himmelsk. Kva er vel då meir nærliggjande enn å straks reisa ut på hytta og ta seg ei skikkeleg arbeidsøkt? Etter obligatorisk kaffe og avis på trappa i sola (og restane av påskegodtet) så gjauv eg laus på skjulet. Ein slags gjennomgang der eg heile tida har vore redd for å trakka på spkiker frå all den planken som låg der og som elles var full av rusk og rask. Av ein eller annan grunn tenkte eg for nokre år sidan at det var lurt å samla kvist og kvast for småbrensel i rein sjølvbergingsand. Rusk, det er og vert ikkje anna enn rusk og eigentleg brenn det ikkje så himla bra heller. Oppskrytt, øh ingen har vel skrytt av det anna enn meg sjølv. No skulle i alle fall den hersens greia til pers. 

De av dykk som tykkjer at det no liknar på eit rotihop av gamalt materiale og slettes ikkje shina, har sjølvsagt heilt rett, men de skulle berre sett kva slags skjorereir det var før. No har eg klart å laga til tre vedkasser som eg har kledd med noko gamal takpapp eg hadde liggjande. Eg trur eigentleg at det avrunda steinformasjonen der må ha vore ein del av smia tidlegare. Kvifor skulle ein elles mura det opp slik? Vel, vel, Oppe til høgre ser de dei fantastiske vedkassene. Det sit faktisk fast. Eg har spikra det i hop slik at det står støtt og så kan vi tenkja oss at eg ville ha ein litt tilfeldig look. "Golvet" var berre stein så eg heiv på litt meir stein for å ha underlag til den gamle døra/lemmen. Det er meir enn nok stein på den tomta mi for å seia det mildt. Nedst til høgre ser det skjorereiret. Det har no vorte til ved. Eg skjønar faktisk kvifor ein del menn likar å kløyva ved. Ein kjenner seg ekstremt nyttig og produktiv. I tillegg får ein operera skikkeleg verkty. Eg fekk endeleg brukt den kappsaga eg kjøpte då eg trudde eg skulle byggja meg sofa. Den sofaen er framleis ikkje bygd, men det er jo framleis tid til litt bygging og teikningane frå syskenbarnet mitt Guro, dei har eg enno. 

Om ikkje det var nok (utruleg kor mykje tid ein har når ingen heile tida spør om noko) så har eg endeleg fått trekt ferdig gyngestolen. Litt under midten ser de det fantastiske blomstermotivet som før pryda gyngestolen. Den hadde då i tillegg kapper rundt det heile. Vanvittig spør du meg. Orginalen har jo rotting i sete og rygg, men det har vel gått i stykker på eit tidspunkt. Så Grete viss du ser dette og tykkjer eg har fare ille åt med gyngestolen til mormora di så er det berre å ta av trekket og så dett kappene ned igjen. Veldig reversibelt.

Bjøllesauene har ringla så fint for meg i heile dag i lag med P2. Toppen på lukke spesielt når eg fekk med meg Folkemusikktimen.

Ha ei strålande veke! 
Snart reiser eg til Valencia :-)

onsdag 29. februar 2012

Rosa muffins


Litjpia er sjuk, men ikkje sånn derre konstant heilt utmatta sjuk. I alle fall ikkje på føremiddagen. Så i dag har vi klistra med klistremerker, brukt glitterlim og teikna ansiktet. Nille altså - slettes ingen dum butikk for småbarnsforeldre.

I tillegg har vi baka, og det er ikkje noko denne mora gjer så ofte. Slikt overlater vi til besta. Ikkje for det litjpia får laga omelett etc. Men, vi har altså gått laus på all inclusive pakkane i skapet. Ting eg hamstra då eg trudde eg skulle driva med slike heimlege sysler. Veldig glad i Toro og Møllerens etc. I går satsa vi på sunne knekkebrød, men i dag fekk vi besøk så då gjekk vi laus på muffinspakken. Ja, det heiter muffins på den pakken frå Toro. Veit at det visst nok heiter cupcakes for tida.

Vert faktisk ganske lattermild av den derre cupcakestrenden. Det eine kunstverket etter det andre. Vil vel ikkje karakterisera våre cupcakes som kunstverk, men eg fann til slutt den raude konditorfargen og noko kakepynt eg også har hamstra før ein fødselsdag. Voila, rosa cupcakes. I nokre har vi putta litt rosiner medan eit par andre fekk bringebærsyltetøy. Til sjuande og sist ville ikkje litjpia ha desse kakene så no sit eg igjen og lurer på kor lurt det er at eg et dei. "Det er bedre med en slant i vasken enn en kilo på dasken", sa mora til ein tidlegare kjærast.

PS: Etter å ha fått litt merksemd kring muffinsane mine på Facebook så skjønar eg no at det er muffins og ikkje cupcakes eg har baka for dei er litt for ustrigla til å vera cupcakes. Cupcakes har visst også smørkrem. Det er ikkje dette. Elles vil eg visa til eit bra innlegg frå Marta Breen på den nye husmortrenden.

søndag 29. januar 2012

Bestakåpa


Verdas beste Besta har hengt over symaksina i dag. Snakk om å vera heldige. Litjpia var også veldig nøgd med kåpa si. Ho hadde vore med og tatt ut stoffet og fargevalet. Sto lenge ogs spegla seg. Det er eit godt teikn. Elles er eg redd ho kjem til å sjå på barndomstida si som eit langt husflidsmareritt med stadig nye heimespøta plagg. 

Ha ein god sundagskveld! Eg ser eg har mykje godt i vente når det gjeld nett-TV.

mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

lørdag 12. november 2011

Hidden igjen


Trass i at eg ikkje er heilt sikker på kor nøgd eg er med måten ein auker på til dette sjalet sidand det liksom ender med å "krympa" litt nedst så har eg altså strikka eitt til. Eg liker nemleg veldig godt den bølgekanten nedst. Kanskje må eg modifisera og laga mitt eige mønster. Denne gongen har eg brukt Drops alpakka (sennepsgul) og babyull frå Gjestal (brun). Mønsteret er altså Hidden in the forest av Veera Välimäki.

Det er ikkje alltid like enkelt å ta fine bilete i november i Bergen, men no har vi jo fint vær for tida. I tillegg har Litjpia plutseleg vist interesse for å vera modell. Det er verkeleg noko nytt. Kanskje ho var mest opptatt av å få merksemd frå mora som hadde vore meir enn busy og ein smule avvisande i forkant. Papirsortering, rydding, husvask - blæh for store og små.
PS: legg merke til den fine kombinasjonen med badedrakt og stiliongs. Vi prøver ut feriegarderoben.

Elles er det lite tid til blogging for tida. Litt stressa for å få i mål ein del ting før vi hiv oss på flyet til Australia om eit par veker. Eg skal på kongress og Litjpia med bestemor som barnevakt skal vera med. 




No har eg bestillt julekort, men lurer jo på kva slags prioritering det er frå mi side. Skikkeleg krampetiltak sidan vi kjem heim to dagar før jul, men det er vel greit å senda slike kort på litjjulkvelden og?

søndag 23. oktober 2011

Gamalt plagg - ny eigar

 
Har rett som det er vore inspirert av Kaffe Fasset også då eg strikka denne dressen i 2007. No har den kome i retur og har vorte nett passe stor til Litjpia. 

Ho kledde han utruleg godt og har på dette biletet vore grei med mor si for eigentleg tykkjer ho dressen er for babyar. Etter å ha fått mykje skryt for han i løpet av dagen frå fleire så er det lov å håpa at han kan verta brukt i barnehagen i vinter.

Eg nyt kvart eit minutt ho går med han og heldigvis har vi arvtakarar slik at strikkeplagga vert brukt av meir enn eitt barn. Nett dette plagget lurer eg også på om ikkje skal få lova til å koma i nostalgibunken slik at det kan dukka opp i seinare generasjonar også.

mandag 3. oktober 2011

Hausttradisjon

Er det når noko har skjedd i alle fall to haustar på rad. 5 vaksne og 6 barn på plass på Tysso i helga. Denne gangen funka doen og regnet var bytt ut med indian summer. Fantastisk flott helg med gode, gamle vener. 

Det vart fiska ein lyr, makrell og brokkoli - squashen glapp av kroken. 
Late dagar på kaien, rosene vart klypte og ugrass luka av beddet. Då er eg nøgd.

Litjpia har gått sin fyrste fjelltur!!! Mor er imponert for det var mange trapper og langt å gå for ei jente på 92 cm. Sjølvsagt hjelper det godt å ha selskap av 5 andre flotte ungar som syns at det er gøy å leika med ei lita jente. 


Elles stakk eg ein kjapp tur innom Fretex i Åsane på vegen og fann endeleg eit nytt bord til stova som kan ta over etter det alt for låge forsamlingshusbordet som sto der frå før.  


søndag 18. september 2011

Jøss, eg har fått brukt symaskina

Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle få tid til å sitja og sy på hytta når eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar før ein vert mor.

No fyrst løsnar det. Litjpia har vorte 3 år og klarer endeleg å leika åleina - reint bortsett frå at ho helst skal gjera og læra alt eg gjer sjølvsagt. I helga har vi hatt besøk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde på ein del for seg sjølve. 

Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjøpt eit stoff på Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er også frå IKEA og det raude frå ein stoffbutikk på Grønland. No kan eg jo drøyma om ein større produksjon ein gong til neste år kanskje. Syr på hytta og strikker heime.

Strikking held ein jo på med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som å sjå på TV, på toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gøymast diskre ned under bordet?




I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk på plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga står endå og blømer for seg sjølv ute i boden, og den påtenkte sofaen har ingen sett.

tirsdag 13. september 2011

Valdagsstrikk


Dritlei av sjalet eg strikker og som vonleg snart er ferdig. Berre måtte ha noko som var raskt unnagjort.

Restegarn frå Sparkjøp og Dalegarn samt pinne nr 12 vart redninga. Vesten vart altså strikka medan eg vart meir og meir sur under valdagssendinga. 



Ok, så var nedgangen til Frp ei STOR glede, men kva hjelper vel det når Høgre går så vanvittig fram. I tillegg er eg vakse opp i ein familie der Ap er rekna til høgresida. Så då skjønar de at valet var triste greier i mi lille verd. Berre på Møhlenpris gjekk SV ned med 6,2% til 10% og Raudt ned 5,1% til 8%. Det er altså min flotte, raude bydel eg snakkar om. No har eg rett nok alltid vore eit utskot og hatt ein hang til motkulturprosjekt osv. Mållaget, Kvinnefronten - ikkje nett massekultur i alle fall så eg ville neppe trivdes med å stemma i medvind (reint bortsett frå då vi vann EU-kampen sjølvsagt.)

Med mange vener i Sp er eg nesten betre stemt for dei enn for Ap, men eg er altså glad for Raud/grøn-regjering, og ja, Stoltenberg gjorde ein god jobb 22. juli. Får litt kjensla av Gro og Kåre-æraem reint bortsett frå at det no er Jens og Erna. Dei har til saman over 70% av stemmene så det er ikkje så mykje att til resten. Kjedeleg!

Vel, vesten er som de ser ikkje så avansert. 60 masker på pinne 12. Ved deling er det 17 på kvart framstykke og 26 bak. La også opp 17 nye masker til kvart erme og felte med raglanfelling.

Litjpia ropte Jippi då ho høyrde eg skulle strikke til ho og er nøgd med "Hello Kitty"-knappane eg fekk frå Monstermønster.

Håper på betre tider ved neste val!
(som de ser så er ikkje Litjpia heilt nøgd ho heller)

torsdag 18. august 2011

Korleis få ein liten halsopning lettast over hovudet?

Då eg sleit med å få eit par gensrar over hovudet til Litjpia her om dagen så kom eg på det opplagte som eg jo har lært på jobb.

Som de kanskje har fått med dykk så driv eg mellom anna med fødslar. Då lærer vi at den minste hovudomkrinsen er når bakhovudet er den leiande delen - altså kjem fyrst ut. Bakhovudet vil her seia øvste del av bakhovudet og ikkje ned mot nakken. Litt større er omkrinsen når toppen på hovudet kjem som leiande del. Dersom panna er leiande så reknast det som umogleg å føda og ein håper hovudet vippar seg til eit andlet i staden sjølv om det også er litt stort, men altså ikkje umogeg å få ut. 

Så då er altså knepet å tre genseren ned over bakhovudet. Går den ikkje då så må du forkasta genseren eller gjera opningen større.

Eg har også hatt gleda av å ta imot barn til eit par stykk eg kjenner litt i sommar. Så med ei slik ære måtte eg sjølvsagt strikka litt. Diverre har eg klart å senda ifrå meg både ein kjole og ei huve før eg fekk tatt bilete så då er det berre huva til ein liten pjokk fødd ca ein månad før termin som kan avbildast.

fredag 12. august 2011

EIn skal tidleg krøkast som god husmor skal verta

Eg er ikkje nokon interiørbloggar, og dei siste par åra har eg vore litt kvalm og lei av interiørmagasin etc. Får liksom litt dårleg samvit og forbruksspøkelset hengande over meg. 

No ser det derimot ut til at samvitet har tatt ferie igjen for eg storkoste meg med nokre interiørblad i helga og byrja leggja planer for hytta mi igjen. Det kan jo henda at det har med at Litjpia har byrja å leika sjølv slik at det vert meir tid til mors aktivitetar.... Hmf..



Sidan vi var to mødre og fire barn under 4 år på hytte åleine på sørlandet så vart det ikkje mykje tid til anna enn å halda ungane i ånde. Det var fyrst på veg heim at eg såg mitt snitt til å stikka innom Annas Rom. Så då fekk eg lagt igjen litt pengar fyrst og fremst til gåver, men jaggu forelska ikkje Litjpia seg i eit lite strykejern og strykebrett frå Maileg (ja, det er visst det den heiter den derre kaninen som har meir enn hjartet begjærer). Eg smelta heilt av ho som sat og strauk og strauk. Det har vore i stadig bruk både i bilen og heime.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails