Sider

Viser innlegg med etiketten arkitektur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten arkitektur. Vis alle innlegg

søndag 21. juli 2013

Tripp trapp


Steike, kor sinnsjukt nøgd eg er med meg sjølv

Eit nytt innlegg i serien Mette gjer ting ho ikkje kan og får det til.


Far min var alltid god til å forsøka nye ting, og det var mykje prøving og feiling. Hugsar hekla bamsar, fyllte og broderte bamsar ut av gamle ullbukser, heimesydde vestar og gymbaggar og eit elendig forsøk på å laga leverpostei. I tillegg var/er han ein skikkeleg handyman og feminist slik at eg fekk tidleg svingt meg med hammar og sag.

Det svarar seg når eg no svinger meg på Tysso.


Har i dag bygd denne trappa i hagen min på Tysso på under tre timar. Den er faktisk stødig. Trappenormalen er på inga måte følgd. Her er det både ulike inntrinn og opptrinn, men eg trur eg er innafor regelen om 15-20cm på opptrinnet. Det var utruleg mykje store steinar å bryta ut av grunnen før eg kunne byggja opp. For eitt av trinna måtte eg rett og slett bygga på ein diger kampestein som allereie var der. Det var litt restar att etter den store skiferplattingen eg fekk laga i fjor. I tillegg er tomta vanvittig full av steinar og gamalt jarnskrap. Eg bur jo trass alt i smedhuset.



Avslutta i hengekøya med ein is :-)





torsdag 18. juli 2013

Og sumar vart det

 
Med hengestol. Ingen av desse fancy eg sikla på i førre innlegg, men ein heilt vanleg kanvastype medan eg venter. Deilig å lena seg tilbake for å lesa ei bok også når det duskregner.

Veldig nøgd med det pergolaliknande overbygget som den hyggelege snikkaren Knut Mathisen har bygd. Eg sat i Hammerfest medan han sendte meg bilete på korleis ting utvikla seg. Trass i nokre kriseliknande reaksjonar frå meg så tok han det veldig pent. I tillegg hadde han heilt rett på nokre av dei vala han tok for byggverket. Det er bra for ein hage å få litt fleire sonar. Rart å sjå korleis inntrykket endrar seg berre på grunn av eit gjerde.

No har eg brukt endå fleire kroner på å kjøpa fleire planter. Mellom anna prøver eg meg på kiwi og humle som slyngplanter på pergolaen. Litt usikker på kor godt den humleplanten liker seg. Den kan liksom veksa 15cm i døgeret, men så langt har eg berre sett nokre cm på ei veke. Derimot veks arkitektens trøyst godt på muren bak trampolina.


Elles er vi på prosjekt dokkestove igjen. Litjpia tykte den var litt sørgeleg og det hadde ho rett i. Golvet var jo ikkje noko særleg og ikkje hadde vi satt inn møblar i høveleg storleik heller. No har vi lagt på voksduk på golvet frå Stoff og stil med stiftepistol. Eit enkelt og billig grep.

mandag 12. juli 2010

Dokkestova er ferdig!/the doll's house is finished

I sommar har dr Løkeland vorte konvertert til snekker Løkeland, og eg er mektig imponert over meg sjølv. Skryt mottas med takk. Då eg var lita ville eg gjerne verta snekker, men interessa dabba av ein gong på barneskulen. Det er sikkert difor nærare 30 år sidan eg har svingt meg så veldig hardt meg sag og dets like. 

Det viste seg derimot at bjelken ved inngangsdøra og ein del av bordkledinga var mildt sagt pill rote. Pulverisering er vel riktigare å kalla det. Så då var det tvingande nødvendig å gjera noko. Det eine tok det andre og då vart det litt meir omfattande enn eg hadde tenkt. No står i alle fall dokkestova ferdig. For augneblinken har vi litt provisoriske sitjearrangement og er på leiting etter noko i meir passande storleik.

I have impressed myself this summer by entering into carpentry while converting the old outhouse to a dolls house. It turned out the beam and some of the outer boards were completely rotten and at a stage where they were falling apart so one thing led to another and dr Løkeland war converted into Løkeland the carpenter. 

søndag 10. januar 2010

Eit hus i fjellet


Surfer rundt på nettet og fann denne saka i Aftenposten. Du kan sjå fleire bilete frå denne høgst uvanlege bustaden der. Eller eigentleg er det ei hytte. Ein fantastisk ide, men eg har sett liknande før. Faktisk så bur ei av sjukepleiarane eg jobba saman med i Førde i eit hus i bakkeskråningen på Skei i Jølster, og det er ikkje ei hytte.
Noko av det fine med dette huset er jo også den runde fasaden. Ein liten UFO som har satt seg fast i bakken. Det ser ut til at dei har fått ganske mykje ljos inn også, men eg lurer på korleis dei gjer det i snøsesongen, for dei hevdar dei bur rett ved skibakken.
Myndigheitene ville ikkje øydeleggja utsikta for eit gamalt kurbad, men dette byggverket som går inn i naturen i staden for å byggja seg ut i han gjekk dei med på.

A wonderful cottage in the Alps built into the ground with a 22 m long tunnel  connecting the cottage to the old traditional barn. It is built this way so that it will not ruin the view from an old mountain spa. You can see more photos here.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails