Sider

Viser innlegg med etiketten knitting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten knitting. Vis alle innlegg

fredag 6. februar 2015

Lenge sidan sist, men 90-talet ruler


Har vore litt pause kan ein vel seie i denne blogginga så no er det overraskande vis nokon i det heile les dette blogginnlegget.

Gjekk vel litt lei, fekk meg kjærast og har levert inn doktorgradsavhandlinga så då vart det lite strikking og anna kreativt tilsnitt. Etter innleveringa 23. desember har eg derimot ikkje orka noko særleg anna enn å strikke og sjå på TV. Reint bortsett frå at eg har fått lest nokre bøker. Det siste har det nesten vore full stopp på etter at eg fekk barn, men det hjelper å ha ei skulejente i hus.

No har eg derimot avslutta nokre gamle prosjekt som låg i korga.

På 90-talet strikka eg ein heil haug av desse hattane. Det var litt meir inn med breidbremma hattar den gongen. Veit ikkje heilt om det kjem til å ta av no så den vert kanskje sitjande på hattestativet mitt til støvsamling denne også, men den minner meg om den førre store strikkeperioden min. Eg var mellom anna med og strikka mot EØS i 1992.


søndag 18. august 2013

Lavendelkåpe


Sumaren si beste strikkeoverrasking. Kvifor gjorde eg den ikkje ferdig før?


Eg har altså strikka Pickles si lavendelkåpe av noko gamalt restegarn. Det duegrå garnet er frå ein kveil eg kjøpte av Oleana og det gule har eg fått hjå besta-naboen. Tredobbel mengde av det grå og enkel av det gule.


Sidan eg strikka den ferdig har eg brukt den kvar dag.

Say no more!



onsdag 26. juni 2013

Jøss, litt strikk

Skal jo verta tante igjen til sommaren. Sidan korkje mora eller faren strikker noko og heller ikkje dei andre tantene så trør eg til. Hyggeleg med litt småstrikk igjen. Går jo svimlande fort. Dessutan er det slikt ein har å gjera mellom slaga på vakt når litjpia er langt vekke.

Pickles Darling dress and turban. No trur eg veslejenta skal verta fin.
Deilig garn Drops Merino extra fine.

Har klart å få meg eit par fine turar her i Hammerfest. På Tyven med utsikt over Hammerfest by og ein tur til eit vatn ved Forsøl.



Elles sit eg helst og drøymer om hengestolar. Ikkje så mykje å velga mellom i Noreg er eg redd.

torsdag 20. juni 2013

Langt mot nord


Verdas nordlegaste fødeavdeling - der er eg no.
Hammerfest!!!!

I tillegg går vi no inn i årets lengste dag. Den er jo forresten lang nok her i nord, men det er jo litt fint å tenkja på alikvel.

Når ein stort sett har vakt og skal vera i beredskap heile døgeret så kjem ein ikkje så langt. Det tyder at eg sit heime og ser på Hageprogramma som Moseplassen har lagt ut link til og så strikker eg.

Snart er Lavendelkåpa til Pickles ferdig og så skal eg strikka litt babyplagg. Snerten selekjole også frå Pickles.

De kan finna fargeval og litt bilder på mi side på Ravelry.

lørdag 18. mai 2013

Hipp, hipp, hurra

Mor mi strikka denne nydelege trønderbunaden for tre år sidan. Det viste seg at vesten var meir enn brukande nok for mange år, men stakken og forkleet var litt kort etter kvart. Så no har moderen strikka eit lengre skjørt. Eg fekk alt tilsendt nesten ferdigstrikka. Måtte berre strikka ferdig kant, 10 cm på forkleet og så montera alt. Strålande vakkert resultat. Denne bunaden er rett og slett eit funn og vi har fått mange beundrande kommentarar i dag. Det er jo litt gøy å vera to i same bunad.


Takk for ein strålande flott 17. mai i år også.


tirsdag 1. januar 2013

Lite å skriva heim om

Himmel og hav kor lite eg har strikka i året som gjekk. Det vesle eg har strikka har eg stort sett ikkje blogga om heller (øh, berre for å få det til å framstå som om eg har ein haug med storarta prosjekt som ikkje har sett bloggedagsens ljos). Det einaste eg kan dra fram som eit framifrå prosjekt er Fanaboleroen.

Elles var nok det viktigaste i år at eg endeleg fekk realisert litt av hagedraumen på Tysse. Det var herleg å få seg ein fin uteplass. No ligg det duka for fleire prosjekt til sommaren. Mellom anna lurer eg veldig på korleis eg skal verta kvitt all skvallerkålen.....

Nord-Noreg-turen med to veker jobbing i Hammerfest før vi køyrde heile vegen ned til Trøndelag er nok også eit av årets høgdepunkt. Vi hadde strålande vær i Finnmark og heller regntungt heile vegen sørover, men kven bryr seg vel om det trass i at Lofotveggen og Svolværgeita forsvann i skoddeheimen.

No startar eit nytt år. Litjpia og eg har feira med vener på Hamlagrø. Det striregna i går og i dag var det winter wonderland. Dei vaksne har oppsummert at årets nyttårsforsett må vera at det ikkje finst noko som helst orsaking for ikkje å trena. Difor har vi starta året med 15 min på ski og heile 500 steg (øh, litt langt igjen til 10 000) så langt. 


Herregud, godt det er kvardag i morgon.

lørdag 29. desember 2012

Gudlagul hals

Når ein er litt strikkelei så er det godt med noko som går raskt. No kan eg altså visa litt strikkeproduksjon. Ein hals til meg sjølv i solgult garn frå Sandnes. Dobbel Smart på pinne nr 12. Ikkje rart det berre rant avgarde under fingrane på meg. 


Rett no har det vesle vi hadde av snø regna bort, men det ular kring husnovene så eg får vel nytte av halsen uansett. Ungar i Bergen og frå Almeria i Spania er ikkje bortskjemde med snø så dei aker på berr 1 cm med pudder.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

torsdag 29. desember 2011

Morris & sons




Moderen rakk berre så vidt å installera oss på hotellet før ho fann annonsen til Morris & Sons i hotellet si guidebok. Dei er leiande i garn og handarbeid i Australia. Stor forretning i to etasjar med broderie oppe (som vi hoppa glatt over) og strikking i underetasjen. Og no snakkar vi sjølvsagt Sydney. Rett ved sida av Queen Victoria galleries.


Vi budde ved Darling Harbour og tok Monorail til Queen Victoria Galleries før vi bukserte oss ned på gateplan og kunne hoppa over på gratisbussen. Vel, det var etter at vi hadde fyllt på garnlageret.

Ok, så gjekk vi ein smule amokk. Det er jo ikkje det at dette garnet var så mykje billigare eller betre enn det vi har heime, men det er jo gøy å prøva noko nytt som er merka australian wool. Så no har eg altså ein stor bærepose med australsk garn i korga. 


Mor mi er galnare enn meg. Vi måtta kjøpa ein ny bag for å få plass til alt, eller eigentleg fordelt vekta utover. Kvar koffert kan berre vega 20-23 kg. I tillegg høyrde vi jo om smørkrisa og kom heim med to kg smør i kofferten.


mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

søndag 23. oktober 2011

Gamalt plagg - ny eigar

 
Har rett som det er vore inspirert av Kaffe Fasset også då eg strikka denne dressen i 2007. No har den kome i retur og har vorte nett passe stor til Litjpia. 

Ho kledde han utruleg godt og har på dette biletet vore grei med mor si for eigentleg tykkjer ho dressen er for babyar. Etter å ha fått mykje skryt for han i løpet av dagen frå fleire så er det lov å håpa at han kan verta brukt i barnehagen i vinter.

Eg nyt kvart eit minutt ho går med han og heldigvis har vi arvtakarar slik at strikkeplagga vert brukt av meir enn eitt barn. Nett dette plagget lurer eg også på om ikkje skal få lova til å koma i nostalgibunken slik at det kan dukka opp i seinare generasjonar også.

mandag 17. oktober 2011

Fritt etter Fana


Sidsel J. Høivik har laga nokre fine boleroversjonar av både Fanakofta og Setesdalskofta. 
Eg har sett på dei tidlegare, men no fekk eg plutseleg ånden over meg og smatt innom Husfliden i dag for å handla Finullgarn.
Valet fall på Fanakofta. Kunne jo ikkje verta anna når eg trass alt bur i Bergen.
Eg har så vidt kome igang og her ser de fargevalet. Hovudfargane er ubleika kvit og mosegrøn.
No maser Litjpia om at ho og vil ha. Enno er mor den største helten.


lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

onsdag 5. oktober 2011

Hidden in the forest


Ligger litt dårleg an til å nå 11 sjal i 2011, men er i alle fall oppe i 6 stk så langt. Siste sjal er Veera frå 100% Rain sitt Hidden in the forest. Ho har jo nokre veldig populære oppskrifter på Ravelry slike som Still light tunik med 565 prosjekter og Striped study shawl med 1385 prosjekt. Båe har eg strikka tidlegare. Her har de tunikaen og her er sjalet. Denne gongen er eg ein av dei ti fyrste til å strikka sjalet så får vi sjå om denne oppskrifta vert så populært som nokre av dei andre. Eg kjem i alle fall til å strikka fleire. 

Eg har stort sett nytta restegarn til den rosa delen og noko prøvegarn til det kvite. Det er nok litt tjukkare enn garnet Veera brukte så eg gjekk opp i pinnestorleik.

Vel, vel, det er ikkje så lett å ta bilete i haustregnet. Viss de ser nøye etter så ser de at eg har på med Still light tunikaen :-).

søndag 7. august 2011

Lillestakken

Eg liker denne enkle og fine oppskrifta på babykjole. Denne gongen har eg laga ein "plissert" variant av skjørtet. Eg strikka tre rett og ein vrang som eg snudde med vrangsida ut. Tykte det gav ein artig effekt. Oppskrifta er frå Myk start.

Dette er tredje gongen eg strikkar kjolen. Litjpia var den fyrste som fekk og vi har brukt han mykje. Sidan det er sopass stor opning for armane sidan det er seler så kan kjolen brukast lenge trass i at han kryp oppover og ender opp med å vera meir som ein vest enn ein kjole.


Det har ikkje vore så mykje strikking i det siste, men vonleg tar det seg opp snart. Denne kjolen har eg strikka til dotra til ei veninne. Fine, vesle Gine.

mandag 20. juni 2011

Tubey

Så var han ferdig, og eg er supernøgd. Han sit som støpt. Spesielt liker eg korleis han draperer seg over skuldrene. Ein del andre på Ravelry har klaga over at den vert posete over ryggen, men det er ikkje noko problem dersom ein lagar ein close fit for då strekker den nedre delen seg tilsvarande. Den er trass alt meir elastisk i breidda enn den øvre delen. 

Eg må seia det var litt langtekkeleg å strikka dei to ermene i eitt, men alt i alt tok ikkje genseren så lang tid. Eg strikka i storleik large sidan det er min storleik, men gjekk ned i pinnestorleik til pinne 4. Truleg strikker eg ganske laust for erfaringa mi frå Still Light tunikaen var også at den vart større enn forventa. 


Eg er ikkje så glad i sommarfuglermer og valde difor å strikka rettstrikk fram og tilbake nedst på ermene og så sy saman med knapper som berre er til pynt. For å få ein slags heilheit strikka eg også 10 riller med rettstrikk nedst der eg delte framsida og basida i to.
Som Du Bedåre har lagt merke til så har eg brukt ei stor sikkerheitsnål i fronten for å få til v-utringing. V-utringing er meir flatterande til meg. Enkel og reversibel løysing.

For dei som lurer så er altså dette linken til oppskrifta. Eg fann også ei omsetjing til norsk, men har ikkje brukt den så de får forsøke å søka på designaren. Det var slik eg fann den. Her finn de han på Ravelry.

Garn: Drops alpakka og Tynn alpakka frå Du store alpakka

Pinnar: 4 mm

lørdag 4. juni 2011

Tubey


Har gått bananas på Ravelry og funne haugevis av ting eg kunne tenkja meg å strikka - til meg sjølv. Før har det vore mykje barnestrikk, men det er litt kjedeleg i lengda trass i at det sjølvsagt går rimeleg raskt. Ikkje minst sidan Litjpia får så mykje strikkating av bestemødrene at eg ikkje gidd å konkurrera med dei.

Vel, no har eg i alle fall funne eit nytt mønster på Ravelry  og Knitty - Tubey. Eg strikker storleik L, men bruker pinne 4 i staden for 5. Trur eg må strikka litt laust med tanke på at L var aaaalt for stort då eg strikka Still Light Tunikaen. Så langt er eg i alle fall veldig nøgd med å ha gått ned i pinnestorleik for så langt har eg i alle fall fått den ynskte close fit som eg hadde lyst på til ermene.


Puh, det er ei ganske lang strømpe som skal strikkast til ermer og øvre side av ryggen, men det går rimeleg raskt heldigvis. Har også byrja å vinna over aversjonen min mot 5-pinnar også.

Pinnar 4 
Drops alpakk - oliven-/mosegrøn

fredag 25. mars 2011

Still light tunika


Eg har sikla over denne oppskrifta lenge og endeleg hoppa eg i det. Ein smule inspirert av Caloweena. Tunikaen er veldig populær på Ravelry med ikkje ferre enn 387 prosjekt ferdige eller i gang. Det kan eg godt skjøna. Sikkert fleire av de der ute som har strikka den allereie. 

Designaren er finske Veera og 100% rain som er ein av favorittane mine i bloggeverda når det gjeld stilig og fargesterk design.

For fyrste gong i mitt liv har eg hive meg på ei oppskrift på engelsk, men det går i grunnen forbausande lett så no kan eg berre angra på at eg har venta så lenge. Garnet er Tynn alpakka kjøpt på Husfliden. Gode gamle Husfliden. Må seia eg var litt overraska om ikkje forferda då eg måtte læra ei av damene der om Ravelry, men eg kan også ver opplysningskontor for mønster og strikk.

Sist helg var eg på "bli ny"-kurs i Oslo eller nærare bestemt Sandvika så no har eg fått ekspertuttalelse på at grønt er ein kledeleg farge for meg sidan eg er VÅR og har grøne auge. Eigentleg visste eg dette, men sidan mor mi er så glad i grønt at ho også helst et godteri som er grønt så har eg halde litt tilbake på den fargen. Det var på tide å la alt det fare så eg har vald å strikka tunikaen i eit flaskegrønt, melert garn. 




Tunikaen skal strikkast frå topp til botn og sidan SM i mønsteret tyder Slip Marker så tenkte eg det var på tide å kjøpa seg maskemarkørar. Det har vore inkjeeksisterande i mi verd til no i dag då dei vakre markørane eg kjøpte av Mono til stor glede låg i postkassa mi. Takk!!!

torsdag 24. mars 2011

Never change a winning strikkeoppskrift

Ok, eg innrømmer at eg har ein tendens til å repetera meg sjølv. I dei siste innlegga har eg visst berre strikka vaffellue eller daisyjakker, og det har eg jaggu gjort denne gongen og. 

Det er syskenbarna mine som har fått kvar si fine jente i tillegg til veninner som får jenter så då flesker eg til på nytt og på nytt. Det er litt artig å sjå at den same jakka tar ulik form og farge. Mønsteret er det same som før.

Denne gongen har eg nytta Baby Merino frå Gjestal kjøpt på Nille. Det er melert i rosa og raudt. I tillegg har eg nytta Baby Ull som også er frå Gjestal, men kjøpt denne gongen på Sparkjøp. Det siste er også merino ull og superwash og utgjer det gule i jakken. Eg nyttar pinne nr 3.




Eg har i grunnen kost meg med å kjøpa garn på Sparkjøp og Nille. Det er av og til litt kjipe fargar, men til dømes Cortina som eg fann hjå Sparkjøp har riktig så fine fargar. Det er alt anna enn drygt, men kva gjer det når det kostar 12 kr nøstet.

lørdag 19. februar 2011

Gir meg ikkje med dei daisyjakkane


Eg har to kusiner som nett har fått seg kvar si dotter så då tenkte eg dei skulle få seg kvar si jakke av dette eine mønsteret eg har laga. No er den eine ferdig. Fargane er inspirert av ei par cowboystøvlettar kusina mi har. Ja, dei er kvite med mønster i knæsje fargar. Så no kan mor og dotter stå i stil.

Det er artig å sjå kor ulike jakkane vert når ein bruker ulikt garn og fargeval til trass for same mønster.
Eg har nytta naturfarga alpakka Tynn alpakka frå Du store alpakka og diverse restegarn i gilde fargar. Knappane er frå resteboksen og er vel i utgangspunktet plukka frå ein resteboks på ein eller annan butikk.



Diverre er det ikkje så ofte eg tar meg tid til å surfa rundt til alle dei flotte bloggane eg ikkje kjenner frå før. Som oftast vert det berre turar innom til dei kjende og kjære eg kjenner frå før, men i dag var eg innom denne svenske bloggen by Caloweena. Eg har visst ikkje vore innom så mange svenske bloggar skjønar eg. Her var det i alle fall litt andre ting enn det ein finn i norske bloggar og det er jo artig samt litt butikktips for den som skal til Stockholm.





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails