Sider

Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjole. Vis alle innlegg

onsdag 26. juni 2013

Jøss, litt strikk

Skal jo verta tante igjen til sommaren. Sidan korkje mora eller faren strikker noko og heller ikkje dei andre tantene så trør eg til. Hyggeleg med litt småstrikk igjen. Går jo svimlande fort. Dessutan er det slikt ein har å gjera mellom slaga på vakt når litjpia er langt vekke.

Pickles Darling dress and turban. No trur eg veslejenta skal verta fin.
Deilig garn Drops Merino extra fine.

Har klart å få meg eit par fine turar her i Hammerfest. På Tyven med utsikt over Hammerfest by og ein tur til eit vatn ved Forsøl.



Elles sit eg helst og drøymer om hengestolar. Ikkje så mykje å velga mellom i Noreg er eg redd.

lørdag 18. mai 2013

Hipp, hipp, hurra

Mor mi strikka denne nydelege trønderbunaden for tre år sidan. Det viste seg at vesten var meir enn brukande nok for mange år, men stakken og forkleet var litt kort etter kvart. Så no har moderen strikka eit lengre skjørt. Eg fekk alt tilsendt nesten ferdigstrikka. Måtte berre strikka ferdig kant, 10 cm på forkleet og så montera alt. Strålande vakkert resultat. Denne bunaden er rett og slett eit funn og vi har fått mange beundrande kommentarar i dag. Det er jo litt gøy å vera to i same bunad.


Takk for ein strålande flott 17. mai i år også.


mandag 22. august 2011

Nyfødt-spøt


Ah, då har mor til veslejenta som vart født i sommar sagt eg kan bruka dei bileta eg fekk tilsendt av ho på bloggen. Ei øranes lita fin vakkerdokke.

Eg tok utgangspunkt i Lillestakken igjen, men eigentleg er den vel så omgjort at det er spørsmål om eg kan påstå at det er same kjolen. 

Eg strikka ikkje bølgekanten nedst, og la opp 160 masker. Fyrst strikka eg fem riller i rettstrikk før eg gjekk over i tre rett og ein vrang. Etter 18-20 cm snudde eg arbeidet slik at vrangsida kom ut og reduserte til 80 masker før eg strikka "beltet" slik som det er i mønsteret. Felte så mange masker som det står i mønsteret til kvar armhole. I neste omgang la eg på 36 masker og strikka tre riller med rettstrikk over dei til ermene. I neste omgang definerte eg midten på ryggen og strikka fram og til bake slik at det vart ein opning bak. Eg har brukt raglanfelling av di eg tykkjer det eller rundfelling er finast på babyar. Det gjorde eg av di eg ville bruka daisies som mønster. Det finn instruksjon om korleis å strikka dei hjå Pickles. Eg strikka sju rader med daisies og tre-fire omgangar til før eg sette av dei midterste fem maskene og felte ei maske i kvar side heilt til eg kom ut til raglanfellinga. Då plukka eg opp maskene i midten og ei for kvar felt maske før eg strikka tre riller med rettstrikk og felte laust av. Til slutt hekla eg ein kant rundt opningen i ryggen og laga 3- 4 hemper til knappar i ryggen. (hugsar strengt tatt ikkje om det var tre eller fire knappar).

Huva er ei hjelmhuve utan spissen foran og med tre rader med daisies.



Eg har brukt pinne nr 3, kvitt alpakkagarn og restegarn til fargane.

søndag 7. august 2011

Lillestakken

Eg liker denne enkle og fine oppskrifta på babykjole. Denne gongen har eg laga ein "plissert" variant av skjørtet. Eg strikka tre rett og ein vrang som eg snudde med vrangsida ut. Tykte det gav ein artig effekt. Oppskrifta er frå Myk start.

Dette er tredje gongen eg strikkar kjolen. Litjpia var den fyrste som fekk og vi har brukt han mykje. Sidan det er sopass stor opning for armane sidan det er seler så kan kjolen brukast lenge trass i at han kryp oppover og ender opp med å vera meir som ein vest enn ein kjole.


Det har ikkje vore så mykje strikking i det siste, men vonleg tar det seg opp snart. Denne kjolen har eg strikka til dotra til ei veninne. Fine, vesle Gine.

tirsdag 19. juli 2011

Sommarkjole


I den laaaange ventetida då eg gjekk og venta på å få henta Litjpia så for det ein del strikkeplagg mellom fingrane.  Det gjorde dette plagget også. Eg skulle freista å imponera damene på barneheimen til å tru at ho kom til ein skikkeleg heim. No er det jo slettes ikkje sikkert at dei tykkjer strikkekjolar er det flottaste i verda, men ein blondeinspirert modell tenkte eg i alle fall var i rette gata. Til sjuande og sist viste det seg at han var alt for stor. Likevel var det den kjolen vi kledde på ho på siste flyet, rett før vi landa og velkomstkomiteen skulle få sjå ho. 

No derimot er kjolen heilt perfekt og faktisk rett så søt. 

Oppskrifta er frå Mandarin barn 0904. De finn oppskrifta på Ravelry her. Eg hugsar ikkje heilt kva storleik eg strikka, men truleg 2 år og heller ikkje kva for garn eg endte opp med.

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

mandag 2. mai 2011

Snart ferdig



No nærmar det seg med stormsteg at Still light tunikaen er ferdig. I mangel på noko anna så viser eg altså eit halvferdig produkt så skal vi sjå kva eg får til av betre bilete når den endeleg er ferdig. Det må nok litt damping til. Han ser rett nok litt sjøgrøn ut på det biletet her, men det er han så absolutt ikkje. Fargen har meir gult enn blått i seg. Eg er godt nøgd og strikker lange ermer i staden for 3/4. Har i grunnen aldri likt 3/4 arm. Det er liksom korkje fugl eller fisk.

Elles er jo ikkje akkurat varmebylgja og stormsolskinet det mest inspirerande strikkeværet. I dag derimot er det litt gråare utanfor og temperaturen gir von om at eg kanskje kan få brukt tunikaen på denne sida av sommaren. 

I helga hadde eg fri frå både jobb og morsrolla. Det var FANTASTISK! og så fekk Litjpia ei betre mor igjen på sundagen. Fredag var eg ute på Jazzboks og laurdag såg eg "Helena og førkjene". Drivande godt show! Ho Helena Bremer får det til igjen. Dei som har sjansen bør ta seg ein tur til Førde 1. eller 2. juni og sjå sjølve.

torsdag 31. mars 2011

Tunikaen veks


Berre meir og meir nøgd med fargen eg valde for Still Light tunikaen. Den veks, og eg er veldig glad for at eg har skaffa meg maskemarkørar.

Eg er så ivrig etter å strikka at eg i går fyrst vart sitjande til kl 01.00 for å strikka til rett nedafor ermene. Så prøvde eg han på og oppdaga at Large var alt for stort for meg (og det er eg sjølvsagt veldig nøgd med) slik at eg måtte rekka opp 10 omgangar. Det er litt slitsamt å få alle 448 maskene tilbake på pinnane igjen. Til slutt var kl 02.00 før Litjpia vakna, og eg fann ut at eg sikkert burde koma meg i seng. Genialt å byrja frå toppen når det er snakk om å få den rette storleiken. 

Alt dette medan eg såg dei siste episodane av Mad Men sesong 4. Elskar den serien og håper verkeleg dei bestemmer seg for ein sesong 5 også. Dei har i alle fall laga ein open slutt på denne serien så det er håp.

fredag 25. mars 2011

Still light tunika


Eg har sikla over denne oppskrifta lenge og endeleg hoppa eg i det. Ein smule inspirert av Caloweena. Tunikaen er veldig populær på Ravelry med ikkje ferre enn 387 prosjekt ferdige eller i gang. Det kan eg godt skjøna. Sikkert fleire av de der ute som har strikka den allereie. 

Designaren er finske Veera og 100% rain som er ein av favorittane mine i bloggeverda når det gjeld stilig og fargesterk design.

For fyrste gong i mitt liv har eg hive meg på ei oppskrift på engelsk, men det går i grunnen forbausande lett så no kan eg berre angra på at eg har venta så lenge. Garnet er Tynn alpakka kjøpt på Husfliden. Gode gamle Husfliden. Må seia eg var litt overraska om ikkje forferda då eg måtte læra ei av damene der om Ravelry, men eg kan også ver opplysningskontor for mønster og strikk.

Sist helg var eg på "bli ny"-kurs i Oslo eller nærare bestemt Sandvika så no har eg fått ekspertuttalelse på at grønt er ein kledeleg farge for meg sidan eg er VÅR og har grøne auge. Eigentleg visste eg dette, men sidan mor mi er så glad i grønt at ho også helst et godteri som er grønt så har eg halde litt tilbake på den fargen. Det var på tide å la alt det fare så eg har vald å strikka tunikaen i eit flaskegrønt, melert garn. 




Tunikaen skal strikkast frå topp til botn og sidan SM i mønsteret tyder Slip Marker så tenkte eg det var på tide å kjøpa seg maskemarkørar. Det har vore inkjeeksisterande i mi verd til no i dag då dei vakre markørane eg kjøpte av Mono til stor glede låg i postkassa mi. Takk!!!

tirsdag 15. mars 2011

Hooked on a feeling



I helga feira eg 40årsdagen min i lag med ei veninne. Ja, eg vert 40 år i neste veke. På eitt vis ikkje nøgd med at eg allereie er 40, men så måtte eg jo realitetsorientera meg sjølv og påpeika at det er jo makalaust å ha vorte sopass vaksen. Det kunne vore verre skjebnar.


Mi veninne er god på detaljar (ingen tilfeldigheit at eg ville feira med ho) så vi hadde raud løpar og anna stæsj på plass i denne vakre stallen frå 1700-talet som er under oppussing  til å verta eit selskapslokale. Det er berre å gle seg til Starefossen Vel har gjort alt dugnadsarbeidet ferdig.

På nytt har eg fått sjansen til å bruka ein av bestemor mi sine gamle kjolar frå 50-talet. Eg kjende meg som Red/Joan frå Mad Men. Den sit som støpt så eg skjøner kvar eg må ha fått kroppen frå. Det er rart dette med arv.


Må seia det i grunnen er ganske stas med talar.... Ugift og ufeira som er eg så var dette fyrste gong og det ga meirsmak. 

Mi chilenske veninne hadde laga pinata til oss.

TAKK!!!!


tirsdag 21. desember 2010

Jul i vintage arvegods

Som eg har sagt tidlegare så har eg vore med og rydda på loftet etter besteforeldra mine. Der var det mange gamle klede. Deriblant denne kjolen.

Den var mormora mi sin og mor mi trur ho brukte han på slutten av 40-talet då onkelen min var liten gut. Sidan oldefar min var skreddar er det også mest sannsynleg han som har sydd han. 

På føtene har eg farmor sine gamle sko frå 30-talet då ho var ung og gjekk i selskap. Dei har nesten den same fargen.

Mest overraska er eg over at han passer så godt som han gjer. Eg tenkjer på bestemora mi som lita og nett, og sikkert 10 cm kortare enn meg. Men han sit faktisk som støpt. På innsida har eg til alt overmål ein av dei gamle underkjolane hennar.




Diverre er lyset på årets kortaste dag ein sorgens kapittel så det er absolutt ikkje tilrådd å zooma bildene. Litjpia har også grisa på linsa ser det ut til slik at eg har fått ein imaginær flekk på kjolen. Det får de bæra oer med. Eg kunne berre ikkje dy meg for å visa han fram.

onsdag 24. november 2010

Frå bestemor sitt skattkammer

Posted by Picasa

Det er stor gåveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg å blogga om. I alle fall lenge før sakene skal giast bort.

Om sider har eg derimot fått tid til å vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann på kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte på 40- og 50-talet då dei var små ungar. Oldefar min var skreddar så eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.

Så no er det berre for syskenbarna mine å produsera barn som kan få bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjønningen eit par innlegg lenger ned skal ha på seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblå strømpebukse på 17. mai. Vi får berre vona at storleiken held.

søndag 3. oktober 2010

Lillestakken i ny versjon

Eg er fan av Myk start og denne kjolen har eg strikka til Litjpia også. Ho er ein liten toåring og har framleis glede av kjolen i storleik 9-12 mnd. 

Denne gongen har eg strikka til ei lita vakkerdokke som også var veldig lita då ho vart fødd. Ganske så nøgd med dei graderte stripene som gir eit litt retro preg.

Eg har nytta alpakkaull. Det er nok ein av mine favorittar av di eg elskar den mjuke kjensla.

torsdag 18. mars 2010

Seterjentens søndag

Så var 17. mai i bunad i boks for besteveninna til litjpia også. Dette var eit flott mønster på barnebunad. Det skal koma ei jakke også, men eg er såpass fornøyd med resultatet at eg måtte publisera det no. Mor og mamma til besteveninna har vore påkrevd å skryta mest kvar dag i det siste så no har eg nok brukt opp den kvota.

Stakken er i mørkebrunt og ikkje i svart slik det vanlegvis er. Det høver godt til det flammande raude og flotte håret til bunadseigaren. Besteveninna og litjpia utgjer vår eigen liten Benetton-reklame.
Eg gler meg til å sjå dei to i finstasen på 17. mai.

onsdag 24. februar 2010

Bunad til småjentene/traditional dresses for the girls


Litjpia skal jo få grøn, strikka trønderbunad av bestemor si til 17. mai. 

Eg har tatt på meg oppdraget å laga bunad til besteveninna og naboen til litjpia. Dei er som to erteris, og når litjpia vakner eller livet går ho i mot så roper ho alltid på veninna si.

Eg må seia det finst grueleg mykje stygt som går under namnet strikkebunad for ungar.

Men til slutt fann vi ein vi tykte var fin. Den er frå Raumagarn og har oppskriftsnr 3082. Dei på Husfliden meinte han var ein kopi av austfoldsbunaden, og han er ikkje heilt ulik. 

Fin vert han nok i alle fall til vakkerdokka med det flammande raude håret.

My little daughter will have a traditional dress from Trøndelag for 17th of May knitted by my mother. Now I have volunteered to knit a traditional dress for her little best friend and neighbour. This one is a design by Rauma and looks a bit like the traditional dresses from the south eastern part of Norway.

mandag 16. november 2009

Naivistisk


Barnevakttenesten har nett vore på besøk. Ringt og nedkallt i teneste då eg fekk akutt behov for å vera noko meir enn berre mamma. Så der svingte mor mi seg rundt og tok ekspressbussen ned til Bergen. Ekspressbussen vil seia 16 timar over natta frå Trondheim via Sogn og Fjordane til Bergen. Der sit ho og tronar på fyrste rad med boka på fanget og strikketøyet i hendene.

Ikkje berre kom barnevakttensten i ekspressfart, men ho hadde også med seg nokre kjoler til litjpia, nabovennen og Oslo-veninna. Designaren av teikningane er storekusina i Oslo. Ho og bestemora hadde gått gatelangs i Paris då dei såg ein kjole med barneteikningar og lot set inspirera. Og jenta tok oppgåva med glans og no er teikningane foreviga på kjolene.



Ikkje verdas beste årstid for godt ljos, men eg tykte dei var så søte at eg ville dela med dykk.

torsdag 29. oktober 2009

Retro kjole








Dette mønsteret frå Dale har ein skikkeleg retro look. Kjolane på 70talet var litt stuttare i stakken slik at småfolka kunne springa friare i kring. Ofte hadde dei rett nok ei strikka pynteunderbukse også. Eg hugsa godt at ein del jenter hadde nokre voldsame fluffy truser under stakken. Var eg missunneleg? Nei, eg trur ikkje det. Hugsar det best som eit merkeleg fenomen. Vel, denne kjolen har ikkje strikketruse. Det held fint med eit par strømpebukser eller tights.

LItjpia var veldig fornøyd då ho fekk den på og stilte faktisk villig opp for fotografen - utan heilt å skjøna instruksjonane.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails