Sider

Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten garn. Vis alle innlegg

søndag 18. august 2013

Lavendelkåpe


Sumaren si beste strikkeoverrasking. Kvifor gjorde eg den ikkje ferdig før?


Eg har altså strikka Pickles si lavendelkåpe av noko gamalt restegarn. Det duegrå garnet er frå ein kveil eg kjøpte av Oleana og det gule har eg fått hjå besta-naboen. Tredobbel mengde av det grå og enkel av det gule.


Sidan eg strikka den ferdig har eg brukt den kvar dag.

Say no more!



onsdag 14. august 2013

Strandkjole

Eg har ikkje berre lagt stein i sommar. Litt strikking vart det også. Pickles sin strandjole. Det som skulle verta årets sommarkjole er ferdig no som hausten står for tur. Diverre er eg ikkje ein gong sikker på om litjpia vil ha han. 


Det tok ekstra lang tid fordi Pickles hadde klart å pakke med eit nøste som var feilfarga. Det var det andre nøstet eg strikka med og vart ikkje oppdaga før eg var godt igang med det fjerde. Opprekking og venting på nytt nøste medan ein er på ferie. I tillegg var det ikkje nok garn til å følga mønsteret så eg måtte laga ei løysing med å bruka kontrastfargen for å få nok lengde. 



Fekk nytt nøste, men ikkje meir enn eit lite unnskyld per mail. Veit ikkje, men hadde i grunnen rekna med å få tilbod om eit gratis mønster eller noko liknande i alle fall som plaster på såret. Ingenting i staden sit eg her med ein kjole som er ferdig nokre veker på etterskot. Vi får sjå om den er passe til neste år også.

Fin er han i alle fall og det er eit deilig garn.

onsdag 26. juni 2013

Jøss, litt strikk

Skal jo verta tante igjen til sommaren. Sidan korkje mora eller faren strikker noko og heller ikkje dei andre tantene så trør eg til. Hyggeleg med litt småstrikk igjen. Går jo svimlande fort. Dessutan er det slikt ein har å gjera mellom slaga på vakt når litjpia er langt vekke.

Pickles Darling dress and turban. No trur eg veslejenta skal verta fin.
Deilig garn Drops Merino extra fine.

Har klart å få meg eit par fine turar her i Hammerfest. På Tyven med utsikt over Hammerfest by og ein tur til eit vatn ved Forsøl.



Elles sit eg helst og drøymer om hengestolar. Ikkje så mykje å velga mellom i Noreg er eg redd.

torsdag 20. juni 2013

Langt mot nord


Verdas nordlegaste fødeavdeling - der er eg no.
Hammerfest!!!!

I tillegg går vi no inn i årets lengste dag. Den er jo forresten lang nok her i nord, men det er jo litt fint å tenkja på alikvel.

Når ein stort sett har vakt og skal vera i beredskap heile døgeret så kjem ein ikkje så langt. Det tyder at eg sit heime og ser på Hageprogramma som Moseplassen har lagt ut link til og så strikker eg.

Snart er Lavendelkåpa til Pickles ferdig og så skal eg strikka litt babyplagg. Snerten selekjole også frå Pickles.

De kan finna fargeval og litt bilder på mi side på Ravelry.

lørdag 20. april 2013

Before dark

Har fått meg ny favorittjakke.

Ein av mine favorittdesignarar er Veera Välimäki. Ho har laga mønsteret til denne enkle og fine jakka - Before dark. 

Sjølv om eg gjekk ned nesten ein pinnestorleik så vart jakka litt laus i strikken. Typisk, men kva for underverker gjer ikkje ein liten runde på 40 grader finvask med ei jakke. I amerikanske mønster skriv ein jo ofte at ein skal vaska og blokke, og det har eg altså no gjort. No sit den som støpt.


Hadde ikkje nok blått garn til heile jakka så eg måtte spe på med noko grønt. Gjekk fint det. Hadde rett nok ikkje nok av dei to grønfargane heller så det vart ulikt på ermene og nede på bolen. Slik går det når ein liker å kjøpe garn før ein har funne ut kva ein vil bruka det til.

Ha ei fin helg vidare.




fredag 21. september 2012

Prospektkort


Det var denne dagen i august. Ja, det er altså ei stund sidan. Eg veit, men livet går veldig fort for tida. Strikkelysta er på eit minimum så det einaste eg produserer er kjøkenklutar. I sommar har eg for så vidt produsert eit sjal og noko anna langt eg har strikka som eg ikkje aner kva eg skal bruka til. Stikkegarn som er utruleg vakkert å sjå på, men som altså klør noko infernalsk sjølv for meg. Det var tidtrøytestrikk på bilturen der mor mi tok seg av all køyring. Luksus!

Men altså på dette biletet er vi i Vikøy, Hardanger, rett ved Norheimsund. Vi har satt ungar og spanjolar i gang med krabbefiske. Trur spanjolen tykte det var like gøy som ungane.

Som Litjpia sa på vegen heim: "dette var ein fin dag mamma".

onsdag 28. mars 2012

Snart nyfødt


No venter vi i spenning kvar dag på at det skal koma ei lita jente. Var litt usikker på om ho hadde eit hentesett for korkje mormora eller mora strikka så då slo eg like så godt til med eit heilt lite antrekk. Vi får sjå. Det finst jo ei farmor også.

Hadde kjøpt noko melkefibergarn ei tid tilbake. Det er utruleg mjukt og deilig og skal elles ha same kvalitetane som ull i følge ho som selde det sjølv om det kjendest meir ut som mjuk bomull. 

Lua er frå Pickles sitt hentesett, men i staden for å strikka vaffelstrikk så strikka eg daisies. Dei kan brukast til alt. Jakken har eg komponert sjølv. Likte godt A-forma og beltet i daisy-strikk. Det er strikka nedanfrå og opp.

Ja, ja, så fekk eg blogga litt igjen då. Det vert lite av det for tida. Får knapt lese noko bloggar og. Veit ikkje heilt kvar tida tar vegen. Eller vel, det er mykje arbeid med den kongressen der heklevaginaen skal vera.



Ha ein fin kveld!

fredag 23. mars 2012

Småfolk i små plagg


No er det småfolk på gang i gjen. Ja, ikkje hjå meg altså. Her er egga i ferd med å tørka på rot og det får dei berre gjera, men eg har jo veninner som ventar små. Veldig gøy når det flaskar seg for folk og det tyt ut små fine ungar. Denne vesle pia er ikkje fødd enno, men terminen er rett rundt hjørnet. 

Mora strikkar ikkje sjølv så då er det jo ekstra hyggeleg å produsera nokre få plagg. Her har de eit par luer, men det er meir på pinnane.

Det grøne garnet er frå Nøstebarn og det plommefarga meiner eg er restar eg fekk frå Lise.



Har hatt det litt travelt i det siste så har måtte nedprioritera strikkepinnane litt diverre.

onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

fredag 6. januar 2012

Eksotiske fibrar


Sjå nøye på bilda og tenkj på kva det kan vera. Det ljosaste garnet er av eit lite dyr, og eg hadde aldri i livet tenkt på at ein spinn garn av denne ulla/pelsen. Det mørkt brune garnet derimot kan eg skjøna når eg ser ulla på dyret, men at det var sjå mjukt å deilig det hadde eg ikkje trudd.

Vi fann det på ein liten butikk ved Grovely station på the Ferny Grove line i Brisbane som heiter Yarn Over. Dei har ein nettbutikk også. Nett dette garnet kjem frå Lotus yarns som er eit kinesisk merke. Dei har spesialisert seg på naturlege fibrar og luksuriøse fibrar.

Den lyse er altså Mink - ja, nettopp - 100% mink. Det er deilig og mjukt. No drøymer eg om å finna eit mønster på noko som ser ut som ein mink stola.

Den andre er tibetansk yak. Det er tynnare og supermjukt, litt som cashmere som er det blå garnet.

Nokre av bilda var tatt på ein gardeniabusk. Vakre blomar som luktar heilt himmelsk og som alltid minner meg om Omara Portuondo og songen Dos Gardenias para ti.


torsdag 29. desember 2011

Morris & sons




Moderen rakk berre så vidt å installera oss på hotellet før ho fann annonsen til Morris & Sons i hotellet si guidebok. Dei er leiande i garn og handarbeid i Australia. Stor forretning i to etasjar med broderie oppe (som vi hoppa glatt over) og strikking i underetasjen. Og no snakkar vi sjølvsagt Sydney. Rett ved sida av Queen Victoria galleries.


Vi budde ved Darling Harbour og tok Monorail til Queen Victoria Galleries før vi bukserte oss ned på gateplan og kunne hoppa over på gratisbussen. Vel, det var etter at vi hadde fyllt på garnlageret.

Ok, så gjekk vi ein smule amokk. Det er jo ikkje det at dette garnet var så mykje billigare eller betre enn det vi har heime, men det er jo gøy å prøva noko nytt som er merka australian wool. Så no har eg altså ein stor bærepose med australsk garn i korga. 


Mor mi er galnare enn meg. Vi måtta kjøpa ein ny bag for å få plass til alt, eller eigentleg fordelt vekta utover. Kvar koffert kan berre vega 20-23 kg. I tillegg høyrde vi jo om smørkrisa og kom heim med to kg smør i kofferten.


mandag 26. desember 2011

Australiastrikkejulegåver


Fekk strikka litt på ferie også. Deilig garn dette Silk garden frå Noro. Vi var jo lettare animerte då vi fann den fyrste garnbutikken i Australia i denne vakre, vesle byen oppe i the Dandenongs - Sassafras. I Sassafras wool store.

Bulky greier med lange fargeskift heldigvis. Eg er ikkje så glad i korte fargeskift, men tykkjer det kan vera ganske effektfullt med lange. Men kva strikker ein eigentleg av slikt? Det vart nokre halsar. På eit par av dei laga eg ei holrand kvar 20 omgang og på den siste la eg opp 31 masker og slapp ned kvar fjerde maske. Hadde nesten gløymt kor enkel den effekten var. 

No er gåvene farne til Oslo med toget. Vel, det var fullt av bussar på stasjonen i dag som skulle til Voss og ventande tog. Det er kanskje Dagmar som har laga problem i natt.

I år var det berre Litjpia, mor mi og eg som feira julekveld i lag. Veldig herleg for dei vaksne, men Litjpia klaga på at det var lite ungar. Spesielt deilig er det med tanke på gåvesermonien. Vi unngjekk gåvejunkien. Ho tok seg god tid mellom gåvene og vi vaksne måtte skunda på litt av di eg var redd for at ho skulle somna. Vi har trass alt jetlag her i huset og underteikna hadde tatt imot fleire barn i løpet av natta - ikkje i ein stall vel og merke. Så avslutta vi kvelden ganske så upedagogisk då den trøytte mora skulle oppdra den trøytte dottera i korleis ein takkar ordentleg for gåver.

No har den trøytte mora 4-5 dagar husmorferie og har tenkt å strikka, sjå på TV og omorganisera barnerommet.

lørdag 12. november 2011

Hidden igjen


Trass i at eg ikkje er heilt sikker på kor nøgd eg er med måten ein auker på til dette sjalet sidand det liksom ender med å "krympa" litt nedst så har eg altså strikka eitt til. Eg liker nemleg veldig godt den bølgekanten nedst. Kanskje må eg modifisera og laga mitt eige mønster. Denne gongen har eg brukt Drops alpakka (sennepsgul) og babyull frå Gjestal (brun). Mønsteret er altså Hidden in the forest av Veera Välimäki.

Det er ikkje alltid like enkelt å ta fine bilete i november i Bergen, men no har vi jo fint vær for tida. I tillegg har Litjpia plutseleg vist interesse for å vera modell. Det er verkeleg noko nytt. Kanskje ho var mest opptatt av å få merksemd frå mora som hadde vore meir enn busy og ein smule avvisande i forkant. Papirsortering, rydding, husvask - blæh for store og små.
PS: legg merke til den fine kombinasjonen med badedrakt og stiliongs. Vi prøver ut feriegarderoben.

Elles er det lite tid til blogging for tida. Litt stressa for å få i mål ein del ting før vi hiv oss på flyet til Australia om eit par veker. Eg skal på kongress og Litjpia med bestemor som barnevakt skal vera med. 




No har eg bestillt julekort, men lurer jo på kva slags prioritering det er frå mi side. Skikkeleg krampetiltak sidan vi kjem heim to dagar før jul, men det er vel greit å senda slike kort på litjjulkvelden og?

onsdag 5. oktober 2011

Hidden in the forest


Ligger litt dårleg an til å nå 11 sjal i 2011, men er i alle fall oppe i 6 stk så langt. Siste sjal er Veera frå 100% Rain sitt Hidden in the forest. Ho har jo nokre veldig populære oppskrifter på Ravelry slike som Still light tunik med 565 prosjekter og Striped study shawl med 1385 prosjekt. Båe har eg strikka tidlegare. Her har de tunikaen og her er sjalet. Denne gongen er eg ein av dei ti fyrste til å strikka sjalet så får vi sjå om denne oppskrifta vert så populært som nokre av dei andre. Eg kjem i alle fall til å strikka fleire. 

Eg har stort sett nytta restegarn til den rosa delen og noko prøvegarn til det kvite. Det er nok litt tjukkare enn garnet Veera brukte så eg gjekk opp i pinnestorleik.

Vel, vel, det er ikkje så lett å ta bilete i haustregnet. Viss de ser nøye etter så ser de at eg har på med Still light tunikaen :-).

tirsdag 27. september 2011

Cherry blossom to go - ferdig blokka

Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.

Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.

Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g. 

Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.


 Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.


torsdag 26. mai 2011

Leafy shawl

Som så mange andre lærte eg tysk på skulen. Kan ikkje seia at eg har hatt så mykje nytte av det, men til dette sjalet har eg altså vore på Ravelry og funne ei oppskrift på tysk. Vel, det var vel helst ein instruksjonsvideo. Den er lett å følga. Sjalet får ei fin rand med blad på den eine sida og er litt "skeivt". Har lurt på om eg skal hiva meg på bølga med å strikka 11 sjal i 2011. No har eg strikka to sjal så langt i år, og har allereie byrja på eit bladsjal til.

Garnet eg har brukt er shetland soft frå Malsen og Mor med pinnar nr 5.

Lette strikking som krev lite konsentrasjon. Perfekt for sommaren.

Learned German in school but can't say I have really had much use of it. Until now that is. I just made this shawl based on a instruction video in German that I found through Ravelry. Have thought about knitting the 11 shawls in 2011 and I am two down... Well, just started a third one based on the same pattern.

lørdag 21. mai 2011

Summer cardigan

Vi var så vidt innom sommaren her rett før 17. mai. No er det nesten vanskeleg å hugsa. Det er som eit vagt minne å rekna. Medan det står på så trur ein plutseleg at Bergen har vorte ein stad der det ikkje bruker å regna. Det trur visst yr.no også for i etterkant av ein finværsperiode så vert duskregn markert med tre dråpar på skya, nett slik det var under dei store skybrudda på hausten. 

Vel, vel, eg klarte i alle fall å byrja på ein sumarjakke. Eg hadde jo dette Silkegarnet frå Idena som eg ikkje heilt visste kva eg skulle bruka til. No vart det ei jakke. Har fått litt dilla på å strikka frå halsen og ned ette Still light tunikaen. Det er makalaust greit når ein er usikker på om ein har nok garn. 

Jakken er strikka på pinne 7 og med berre 4 fleire masker enn romperdrakta som eg strikka i silke. Den var strikka på pinne 4. 

No fekk eg også brukt ein av knappane eg vann hjå Monstermønster. Ven, vakker, blomeknapp i tre. 

Ha ei strålande helg. No skal eg i 40 årsdag.



I bought this silk yarn last year because it was a bit less than 2 dollars per skein (50g). The texture is pretty rough and it has been hard to find the right use for it. With the glimps of summer we had earlier this month I decided on a cardigan for my self. After knitting the still light tunika I love the top down approach. Especially when you have only a limited amount of yarn. So this is how far I got with the skeins i had. It is nice and light and still quite warm. A bit loose around the edges and the buttons are on the wrong side etc, but it works. Have a lovely weekend I am off to a 40th anniversary.

fredag 20. mai 2011

Arrival of the goody bag


Strikkemagasinet varsla om Drops-sal. Eg gjekk fem på og har "blakka" meg på alpakkagarn. I dag kom godteposen i hus. I form av ein hentelapp per mail. Har de vore med på det før?

Snart må eg ha nye korger til alt dette garnet. 

Etter "bli ny"-dagen min i Sandvika hjå Lone i "I am" så har eg endra fargepletten min litt. Eg har i alle fall kutta ut svart - i den grad eg har brukt svart - og slått meg på brunt i staden.

I was just made aware by Strikkemagasinet that Drops is having a sale. I couldn't help myself and now I have a big pile of new alpaca yarn in need of a basket and some needles.

torsdag 5. mai 2011

Jippi - still light tunika to go


Sat oppe i går kveld og gjorde ferdig Still light tunikane. Heldigvis er det sopass skarp luft for tida at eg ikkje smeltar i ein strikkakjole. Så i dag har eg fått mykje skryt for kjolen.

For dei som ikkje kjenner til denen tunikaen så finn de han hjå Veera og 100% rain.
De finn også oppskrifta på Ravelry.

Dette er det fyrste eg har strikka etter ei oppskrift på engelsk, og det gjekk jo forbausande lett. Veera lager gode oppskrifter som er lette å lesa. For fyrste gong skulle eg også laga prøvelapp, og ut frå prøvelappen så passa det heilt med oppskrifta. Det var berre det at når eg byrja å strikka så var det som på prøvelappen var 10 cm vorte til 12 cm så eg gjekk ned frå large til medium. Trass i det er det absolutt ein romsleg tunika og ikkje akkurat tight fit slik den skulle ha vore etter oppskrifta. Vel, vel, det gjer ikkje noko for den fell fint og er behageleg slik den er.  Fargen er eg supernøgd med. Ribbekanten nede har eigentleg same masketal som kjolen sjølv. Då eg hadde strikka den ferdig så viste det seg at den var alt for laus og krølla seg oppover. Eg rekte den difor opp og for kvar 10. maske så strikka eg to saman. Sidan eg ikkje liker 3/4 ermer har eg vald å strikka ein lang ribbekant nedst på kvart erme. 


Garn: Tynn alpakka frå Du store alpakka
Pinner: 3 mm

søndag 17. april 2011

Striped study shawl


Då vart eg ferdig med sjalet frå Veera og 100% rain. Det er faktisk både finare og meir hendig enn eg hadde venta. Eg lurte litt på korleis den usymmetriske forma ville ta seg ut i praksis, men det viser seg at det er mykje lettare å slenga rundt halsen enn vanlege sjal. I tillegg har ein ikkje den lange flappen hengande ned foran. Ein absolutt favoritt.

Garnet er "restegarn" frå Oleana og Shetland soft frå Malsen og Mor.
Det har vel gått med omlag eit halvt nøste av kvar av Shetland soft. Gler meg over at det visst nok skal verta mjukare og mjukare ved bruk.


Det er regnfullt og ikkje dei beste lysforholda for tida så bileta kunne vore klårare, men det er jo i utgangspunktet ganske så klåre fargar i skjerfet. Det er altså tre raudfargar og beige. Kven skulle tru at eg skulle hiva meg på beige. Eg er meir ein raud enn ein beige person, men den er fin å kombinera med andre fargar for min fargepallett. Hi, hi, eg har jo vore på fargeanalyse må vita. 

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails