Sider

Viser innlegg med etiketten tidtrøyte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tidtrøyte. Vis alle innlegg

lørdag 15. oktober 2011

Småstrikk

Veka gjekk frå pest til fest.


Influensasjuk og sjølvmedlidande start på veka. Stakkars Litjpia som hadde ei så slapp mor. Då eg korkje hadde matlyst eller orka å strikka skjøna eg at det sto skralt til. Så produksjonen var nær null, men heldigvis sveiv feberen langsamt ut innan onsdag. Litjpia gjekk på legd til ymse av sine vener mine vener var stort sett på haustferie.
Onsdagen derimot fekk vi storinnrykk av ei veninne av meg med tre ungar. Sola skein og det vart ein super haustferie på Fløyen, kanopadling på Skomakerdiket, masse leik med store jenter (5,5 år) og ein storebror (8 år). O lukke! Det er desse tvillingjentene som forer oss med stort sett alt som finst av klede og sko. Så då er det jo på sin plass å gje ei lita strikkegåve tilbake. Eg er litt monoman når eg fyrst har funne ei oppskrift som fungerer så då vart det den same halsen på nytt.

Elles prøver eg å strikka opp restebomullsgarnet. Dette garnet er noko greier frå 80-talet. Mjukt og godt, men øh, ganske mykje overskotsfarge.....

Ha ein god laurdagskveld!

onsdag 10. mars 2010

Ulldottar/furballs

Mi veninne Wenche på Tysse (hytteparadiset mitt) er særs dyreglad og held seg med både sauer, høner, kaniner, hundar og katt. Eit aldri så lite paradis for dyr og barn. 

Rett nok er ho dyreglad og god, men også såpass rasjonell at nokre dyr går til slakt. 

Sauene er villsautypen, men får sove inne om natta. Dei er trass alt berre tre søyer og ein vær. 

Når våren no omsider kjem (eg krysser fingrane og er lei snø) så skal sjølvsagt sauene klyppast. Sidan Wenche ikkje nytter ulla sjølv så går den til den som vil ha eller i bosset. Hm, det var jo litt leit tenkte eg og byrja å lura på om eg skal slå meg på spinnebylgja og ta med meg rokken og kardane til bestefar min. Då er jo heller ikkje steget langt til heimefarga garn.

Hm, hm, hm, tenk, tenk, tenk..... ei ny syssel på Tysso?

My friend Wenche is a true lover of animals and have among hens, dogs, cats and rabbits four sheep that keeps her company. Three eyes and one ram. They are old Norwegian feral sheep and get long wool. She doesn't use the wool herself and gives it or throws it away. That's when I started wondering if I should start spinning my own wool and hand dye it too. The rest of the family might happily throw my grandfathers old spinning wheel and carding-combs after me. Think, think, think.... 

lørdag 7. november 2009

Endra blogdesign?

Når ein sit heime på kveldane og trøyer tida med strikking og the Wire så vert det mange avbrekk på nettet. Noko må ein ha å gjera, og det å vaska ned huset eller liknande er ikkje det eg traktar etter. Skal eg vera heilt ærleg så er eg så glad når eg endeleg har svingt moppen at eg tykkjer det er nyvaska også etter ei veke. Men så dukker det opp hybelkaninar - på badet.


Det finst utruleg mykje å sjå der ute på free templates for blogger, men ikkje så mykje som er veldig aktuelt. Litt mykje fargar eller veldig sterilt med nokre vanvittige illustrasjonar. Her er vel ein av dei mest innhaldsrike sidene.

 Ikkje heilt enkelt å velja og når ein så skal forsøke så får ein beskjed om at dei møysommeleg tillaga listene ein har laga seg i sofall vert sletta. Då får eg lettare panikk. Dette er verkeleg upløyd mark for meg så då vart det ikkje fleire endringar denne gongen heller enn å endra litt skriftfarge. Hallo! kor avansert må det eigentleg vera? Eg har aldri likt å ommøblera. Ta vekk og leggja til derimot, men sofaen står der den står til den er så full av flekkar etter klissete barnehender og hendige uhell at han må bytast ut.

Nei, no er det på tide med ein ny episode the Wire og vidare strikking på ein vest til ein gut på 4 år.
 

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails