Sider

Viser innlegg med etiketten Tysso. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tysso. Vis alle innlegg

mandag 14. oktober 2013

Tapet eller fliser?

 
Ok, eg syns det kan vera ganske gøy med maling, tapetsering og interiør av og til. Har litt lyst på nye hyller og fliser bak på kjøkenet på Tysso.

Men så dumpa eg borti denne økotapeten av Lousie Body. Lurer på om eg skal forstå det rett i at det er sjølvklistrande.... På ei svensk nettside står det at den er vassfast. Hm, veldig freistande alternativ til dyre fliser.

mandag 12. august 2013

Galleri smedhuset

Ikkje mange som kan skilta med ei kunstutstilling i eigen heim, men det kan altså eg. Mine kreative nieser og dotter har gjort om det eine rommet til eit galleri. 
 
 
Kvart kunstverk har fått tittel og namnet til kunstnaren. Som til dømes "morderiske Sarah" eller "alene" osv.
 
 
Det er også tematisk satt opp.





Elles kan det nemnast at det er differensierte prisar for barn og vaksne. 

Stikk gjerne innom!

søndag 11. august 2013

Pallekarmar


Pallekarmar er jo populært i hagesamanhang, men då helst i heil form som bed og kjøkenhage. Eg har ein raskhaug midt i åsynet til hagen som eg jo sjølvsagt har lyst til å skjula. I sommar har eg også brukt mykje tid på å byggja steintrapper og leggja stein til ein hagegang. Yvonne Dengin seier i ei av hagebøkene sine at det viktigaste er å byrja med strukturen og grunnmuren i hagen. Det er det eg held på med no. Grunnmuren skaper ramma rundt blomane og plantene. Dessutan er det gøy.


Når litjpia si største glede er å få sminke seg og andre - ho har det ikkje frå meg, så tenkjer eg det er bra at ho ser at kvinnerolla også inneheld steinlegging. "Ikkje sant du er verdas sterkaste mamma, mamma?". Klart det....


Tenkte litt fram og tilbake på kva eg skulle bruke til å byggja opp ein kant mot raskhaugen. Planen er å planta bambus. Har lest at dei kan vera fæle til å spre seg, men det gjer ingen ting at dei sprer seg opp i raskhaugen. På Trädgårdsonsdag, svensk TV, så ga dei råd om å bruke ei tett plastplate på dei sidene ein ikkje vil at røtene skal gå. Tenkjer å leggja det på innsida av treveggen som ekstra vern. Vel, eg var inne på å bruka torvblokker, men så kom eg på pallekarmene. Besta har hus rett ved palleleverandøren i Ulvik og der kostar dei berre 90 kr stykket. Eg delte dei i to, bretta dei ut og tilpassa dei til kvarandre. Sette ned ein trestake på tre stader bak og skrudde dei tre høgdene fast til trestakene for stabilitet. I tillegg er dei støtta opp med steine i endane. Problemet med pallekarmane på sikt er sjølvsagt at dei ikkje er trykkimpregnerte så ein får jo så kor lenge dei held, men innan den tid kan eg jo ha fått lyst på forandring uansett.


Det er uhorvelege mengder gamalt jernskrot på tomta til smedhuset. Fann mellom anna ei gamal skeise.







tirsdag 30. juli 2013

Fint med Finn


Dette har vore ein handarbeidssommar. 
Og då meiner eg godt gamaldags arbeid som steintrappbygging i tillegg til lappeteknikk og anna småplukk. Slik får ein trent både finmotorikk og grovmtorikk. Aller mest nøgd var eg sjølvsagt med trappa. Det har også vorte auka opp til ein stor hellelagt gangveg og eit par trappetrinn til. Kjem nok bilete etter kvart, men regnet tok oss og eg måtte på jobb i byen.

Mor mi held fortet med litjpia og eit barnebarn til. Ho er fabelaktig grei, elsker å vera med barnebarna og er full av planar, turar og legg opp eit bra program for ungane.

Elles har eg tråla Finn på nytt og fekk tilslag på desse fine 50-talshagestolane. Med på lasset fekk eg eit par staudar frå bedet samt gamalt sengetøy, handdukar, eit par fat, nokre rullar tapet frå 50-talet mm. Vert litt småglad av slikt. No lurer eg på når eg skal få brukt det. Hm, berre det ikkje vart husafyll, men kjem til nytte.





søndag 21. juli 2013

Tripp trapp


Steike, kor sinnsjukt nøgd eg er med meg sjølv

Eit nytt innlegg i serien Mette gjer ting ho ikkje kan og får det til.


Far min var alltid god til å forsøka nye ting, og det var mykje prøving og feiling. Hugsar hekla bamsar, fyllte og broderte bamsar ut av gamle ullbukser, heimesydde vestar og gymbaggar og eit elendig forsøk på å laga leverpostei. I tillegg var/er han ein skikkeleg handyman og feminist slik at eg fekk tidleg svingt meg med hammar og sag.

Det svarar seg når eg no svinger meg på Tysso.


Har i dag bygd denne trappa i hagen min på Tysso på under tre timar. Den er faktisk stødig. Trappenormalen er på inga måte følgd. Her er det både ulike inntrinn og opptrinn, men eg trur eg er innafor regelen om 15-20cm på opptrinnet. Det var utruleg mykje store steinar å bryta ut av grunnen før eg kunne byggja opp. For eitt av trinna måtte eg rett og slett bygga på ein diger kampestein som allereie var der. Det var litt restar att etter den store skiferplattingen eg fekk laga i fjor. I tillegg er tomta vanvittig full av steinar og gamalt jarnskrap. Eg bur jo trass alt i smedhuset.



Avslutta i hengekøya med ein is :-)





torsdag 18. juli 2013

Og sumar vart det

 
Med hengestol. Ingen av desse fancy eg sikla på i førre innlegg, men ein heilt vanleg kanvastype medan eg venter. Deilig å lena seg tilbake for å lesa ei bok også når det duskregner.

Veldig nøgd med det pergolaliknande overbygget som den hyggelege snikkaren Knut Mathisen har bygd. Eg sat i Hammerfest medan han sendte meg bilete på korleis ting utvikla seg. Trass i nokre kriseliknande reaksjonar frå meg så tok han det veldig pent. I tillegg hadde han heilt rett på nokre av dei vala han tok for byggverket. Det er bra for ein hage å få litt fleire sonar. Rart å sjå korleis inntrykket endrar seg berre på grunn av eit gjerde.

No har eg brukt endå fleire kroner på å kjøpa fleire planter. Mellom anna prøver eg meg på kiwi og humle som slyngplanter på pergolaen. Litt usikker på kor godt den humleplanten liker seg. Den kan liksom veksa 15cm i døgeret, men så langt har eg berre sett nokre cm på ei veke. Derimot veks arkitektens trøyst godt på muren bak trampolina.


Elles er vi på prosjekt dokkestove igjen. Litjpia tykte den var litt sørgeleg og det hadde ho rett i. Golvet var jo ikkje noko særleg og ikkje hadde vi satt inn møblar i høveleg storleik heller. No har vi lagt på voksduk på golvet frå Stoff og stil med stiftepistol. Eit enkelt og billig grep.

fredag 28. juni 2013

Hengestol


Den siste veka har ein snekker regjert ute på Tysse og bygd stakittgjerde oppe på muren slik at vi skal sikre oss å ikkje falle ned 4 meter samt eit overbygg.

Veggene er opne bortsett frå armeringsmatter på to sider der tanken er at det skal vera klatreplanter.

Sidan det no plutseleg finst ein plass å henga opp ein hengestol så tråler eg nettet etter fine variantar. Det er sjølvsagt mykje ein kunne ha lyst på, men ein ender vel opp med noko billig i alle fall som eit pauseinnslag på vegen til den perfekte hengestolen.


Aller helst vil eg ha denne fargerike saken, men kor finn ein den. Alternativt er det ganske vakkert med bambus også.



mandag 24. juni 2013

Ute er det nye inne


Ferietid er lik hagetid og når eg no sit her i nord og venter på at ting skal skje så har eg også sett umåtelege mengder med hage-tv.

Det er jo ikkje tvil om at "ute er det nye inne". Må jo le litt av det. Ser mellom anna at avisa heime på Orkanger, der eg kjem ifrå, har hatt serien "årets uterom".

Sannsynlegvis er eg litt sein til å hiva meg på det som viser seg å vera ein trend, men det er gøy med hage. Møysommeleg har eg gjort litt etter litt i hagen til huset mitt på Tysso sidan eg kjøpte det i 2007. Planene auker år for år, men det er jo viktig å ikkje overarbeida seg og ikkje minst satse på ein villhage når ein ikkje er der heile tida. 

Det er gøy å vera i hagen. Dessutan er det deilig å lempe på stein få skit under fingrene, forbanne ugraset og sjå spirane koma.

For tida er eg mest opptatt av å byggja fundamentet i hagen og legga hagegangar.

No sit eg her i nord og planlegg og drøymer.


torsdag 13. juni 2013

Gamal draum


Sikla på naboens rysjer og lamper med dingeldangel då eg var barn. Hjå oss var det fullstendig ribba for slikt stæsj. Der var det heller oransj, grønt, brunt og skikkeleg cordfløyelsdominans.

No har derimot vi barn av 70-talet lagt vår elsk på dei gamle kitchy lampeskjermane til nabokjerringa.

Eg fann ein avlang variant på Fretex, demonterte den gamle, kvite, kjedelege IKEA-lampeskjermen, bente til metallramma og slepte den nye nedpå. Voila!

Derimot trudde eg at litjpia skulle elske lampeskjermen; "den er stygg mamma".

søndag 26. mai 2013

Seljefløytetid

 
Strålande dag for treklatring.
 
Då eg var 6-7 år lærte eg å lage seljefløyter av far min. Det var vedunderleg å spikka, få borken til å løsna og så få lyd i ei fløyte. Det er sikkert over 30 år sidan eg laga mi førre seljefløyte. Eg hadde eit litt misslukka forsøk her for nokre år sidan.

 
Litjpia har ynskt seg ei seljefløyte og eg tykte sjølvsagt det ville vera forsmedeleg å ikkje få det til. 

Jippi! Fekk det til på fyrste forsøk. 
Folk på Møhlenpris kan gle seg over ein skjærande lyd.

Vi har vore på "Liv i gamle stover" på Osterøy museum i dag. Flott program i strålande vakkert ver. Der var det mange aktivitetar for ungar og vaksne. Vi har såleis spikka armband og seljefløyte, ete ramslauksuppe, halde høner, lam og kaninar samt grilla pinnebrød og køyrd med hest og kjerre.
 
Litjpia har spikka hol i tightsen sin.



I tillegg vart litjpia ståande lenge og sjå på ei som spant garn med ein handtein. Plutseleg skjøna ho at alt dette garnet faktisk kjem frå sau.

torsdag 21. februar 2013

På kongeleg jakt

 
Eg samler på kongelege til doen på Tysse. For å vera ærleg så har eg no ein heil haug med fine bilete som eigentleg er alt for fine til å henga på do. Enda godt at doen heiter Cinderella.

Då eg oppdaga desse fine bileta på Finn fekk eg nesten åndenaud og skunda meg å senda ein mail til den hyggelege damen som skulle selga dei. Til alt overmål var ho opprinneleg frå Rindal.

Eg mangla Maud i samlinga mi så no har eg heil kongerekke frå Kong Oscar opp til i dag. 

Eg har sagt at alle kongar som har regjert i den tida huset har eksistert skal få vera med. Det står 1889 på trappa så derfor får denne sardinkongen frå Sverige vera med.

tirsdag 1. januar 2013

Lite å skriva heim om

Himmel og hav kor lite eg har strikka i året som gjekk. Det vesle eg har strikka har eg stort sett ikkje blogga om heller (øh, berre for å få det til å framstå som om eg har ein haug med storarta prosjekt som ikkje har sett bloggedagsens ljos). Det einaste eg kan dra fram som eit framifrå prosjekt er Fanaboleroen.

Elles var nok det viktigaste i år at eg endeleg fekk realisert litt av hagedraumen på Tysse. Det var herleg å få seg ein fin uteplass. No ligg det duka for fleire prosjekt til sommaren. Mellom anna lurer eg veldig på korleis eg skal verta kvitt all skvallerkålen.....

Nord-Noreg-turen med to veker jobbing i Hammerfest før vi køyrde heile vegen ned til Trøndelag er nok også eit av årets høgdepunkt. Vi hadde strålande vær i Finnmark og heller regntungt heile vegen sørover, men kven bryr seg vel om det trass i at Lofotveggen og Svolværgeita forsvann i skoddeheimen.

No startar eit nytt år. Litjpia og eg har feira med vener på Hamlagrø. Det striregna i går og i dag var det winter wonderland. Dei vaksne har oppsummert at årets nyttårsforsett må vera at det ikkje finst noko som helst orsaking for ikkje å trena. Difor har vi starta året med 15 min på ski og heile 500 steg (øh, litt langt igjen til 10 000) så langt. 


Herregud, godt det er kvardag i morgon.

tirsdag 3. juli 2012

Hagedrøm


Endeleg er uteplassen ferdig. Etter å ha kika på denne elendige plassen i fleire år så beit eg i det dyre eplet og fekk hjelp av ein anleggsgartner. Det får jo vera grenser for kva ei fulltarbeidande åleinemor skal driva med på eiga hand. 

Her ser det både før og etter bilete. No gjenstår det berre å fylla i med plantar og litt putlearbeid som eg kan styra med sjølv. 


Kan informera om at den trampolina har eg satt opp heilt åleine. Det tilrår eg ikkje. Hadde mor mi kome med nokre velmeinte kommentarar då eg sto der og sleit som verst så hadde eg frøst.

Anleggsgartneren er noko av det mest joviale og sjarmerande eg har møtt på lenge. Han har halde alle lovnader og er ein slik "dette fikser vi" type som det er ein fryd å møta. Oddvar Jersin - Hagemannen gjer mellom anna nydeleg steinarbeid. Finst også på Facebook. Etter skodespelarutdanning og prosjektleiar i Telenor og Ericsson i Marokka fann han ut at han ville vera anleggsgartner. Gøy. 



Må også visa eit bilete av den kjære tørrmuren som eg bygde i lag med bror min. Buhu, den er no historie så då er dette det minnet eg har. 

Skulle gjerne hatt nokre solbilete nett no, men det får koma seinare. Ikkje ferdig med denne hagen nei.

søndag 10. juni 2012

Sommar og blomar

Jobber iherdig med å få litt svung over hagen på Tysso. Noko blømer jo som berre juling. I det eine bedet måtte eg faktisk byrja å tynna litt ut av ein blå sak som formeirer seg som berre nøkken. Den heldt på å fullstendig skuggeleggja ein fin hosta eg har. No har eg flytta litt av den bort i eitt bed som slit litt meir. Der kan den godt få formeira seg litt meir.


Hagearbeid gir meg freid i sjela. Skal ikkje påstå eg er noko naturtalent eller har så mykje kunnskap og innsikt, men det er koseleg å plukka ugras, flytta litt på planter og planta nytt.



Ha nokre fine dagar.

søndag 29. april 2012

Hardtarbeidande husmor på ferie


Litjpia har reist på ferie. Eg har altså berre meg sjølv å tenkja på. Det er himmelsk. Kva er vel då meir nærliggjande enn å straks reisa ut på hytta og ta seg ei skikkeleg arbeidsøkt? Etter obligatorisk kaffe og avis på trappa i sola (og restane av påskegodtet) så gjauv eg laus på skjulet. Ein slags gjennomgang der eg heile tida har vore redd for å trakka på spkiker frå all den planken som låg der og som elles var full av rusk og rask. Av ein eller annan grunn tenkte eg for nokre år sidan at det var lurt å samla kvist og kvast for småbrensel i rein sjølvbergingsand. Rusk, det er og vert ikkje anna enn rusk og eigentleg brenn det ikkje så himla bra heller. Oppskrytt, øh ingen har vel skrytt av det anna enn meg sjølv. No skulle i alle fall den hersens greia til pers. 

De av dykk som tykkjer at det no liknar på eit rotihop av gamalt materiale og slettes ikkje shina, har sjølvsagt heilt rett, men de skulle berre sett kva slags skjorereir det var før. No har eg klart å laga til tre vedkasser som eg har kledd med noko gamal takpapp eg hadde liggjande. Eg trur eigentleg at det avrunda steinformasjonen der må ha vore ein del av smia tidlegare. Kvifor skulle ein elles mura det opp slik? Vel, vel, Oppe til høgre ser de dei fantastiske vedkassene. Det sit faktisk fast. Eg har spikra det i hop slik at det står støtt og så kan vi tenkja oss at eg ville ha ein litt tilfeldig look. "Golvet" var berre stein så eg heiv på litt meir stein for å ha underlag til den gamle døra/lemmen. Det er meir enn nok stein på den tomta mi for å seia det mildt. Nedst til høgre ser det skjorereiret. Det har no vorte til ved. Eg skjønar faktisk kvifor ein del menn likar å kløyva ved. Ein kjenner seg ekstremt nyttig og produktiv. I tillegg får ein operera skikkeleg verkty. Eg fekk endeleg brukt den kappsaga eg kjøpte då eg trudde eg skulle byggja meg sofa. Den sofaen er framleis ikkje bygd, men det er jo framleis tid til litt bygging og teikningane frå syskenbarnet mitt Guro, dei har eg enno. 

Om ikkje det var nok (utruleg kor mykje tid ein har når ingen heile tida spør om noko) så har eg endeleg fått trekt ferdig gyngestolen. Litt under midten ser de det fantastiske blomstermotivet som før pryda gyngestolen. Den hadde då i tillegg kapper rundt det heile. Vanvittig spør du meg. Orginalen har jo rotting i sete og rygg, men det har vel gått i stykker på eit tidspunkt. Så Grete viss du ser dette og tykkjer eg har fare ille åt med gyngestolen til mormora di så er det berre å ta av trekket og så dett kappene ned igjen. Veldig reversibelt.

Bjøllesauene har ringla så fint for meg i heile dag i lag med P2. Toppen på lukke spesielt når eg fekk med meg Folkemusikktimen.

Ha ei strålande veke! 
Snart reiser eg til Valencia :-)

Småfusking på symaskin


Ikkje nett nokon syekspert, men det er gøy med mønster og fargar. Tre puter over same lest. Kroklisser og stoff frå IKEA. Sleit med å få stramma undertråden på den eine og så handla det kanskje berre om å treom på nytt.
Blant alt bestemor mi samla på av hyssing og gamalt innpakkingspapir så hadde ho sjølvsagt også ein gamal sukkersekk frå Cuba.



Elles er det veldig kjekt å ha ei jente som snart er 4 år. Endeleg har eg fått hjernen tilbake og litt aktivitetsspelerom. I dag har ho latt meg både rydda, sy og putla på medan ho sjølv putla rundt meg. Det er verkeleg eit nytt liv. Baksida av det er at eg orkar andre ting enn å setja meg i sofaen og strikka så det vert lite strikking for tida. Ingen ting å klaga på eigentleg, men no kjem det kanskje til å vera litt langt mellom strikkeinnslaga her.

mandag 3. oktober 2011

Hausttradisjon

Er det når noko har skjedd i alle fall to haustar på rad. 5 vaksne og 6 barn på plass på Tysso i helga. Denne gangen funka doen og regnet var bytt ut med indian summer. Fantastisk flott helg med gode, gamle vener. 

Det vart fiska ein lyr, makrell og brokkoli - squashen glapp av kroken. 
Late dagar på kaien, rosene vart klypte og ugrass luka av beddet. Då er eg nøgd.

Litjpia har gått sin fyrste fjelltur!!! Mor er imponert for det var mange trapper og langt å gå for ei jente på 92 cm. Sjølvsagt hjelper det godt å ha selskap av 5 andre flotte ungar som syns at det er gøy å leika med ei lita jente. 


Elles stakk eg ein kjapp tur innom Fretex i Åsane på vegen og fann endeleg eit nytt bord til stova som kan ta over etter det alt for låge forsamlingshusbordet som sto der frå før.  


mandag 26. september 2011

I påvente av blokking


Eg har strikka eit sånn derre lacesjal Cherry Blossom. Kan ikkje seia at det var den artigaste strikkinga eg har drive med. Puh, det var i grunnen ganske langtekkeleg. Trur derimot at resultatet ikkje er så verst. I alle fall var ei veninne av meg veldig begeistra. Vi får sjå, no må eg sjå til å blokka det. 

Elles held eg på med Hidden in the forest av 100% rain. Det er derimot herleg strikking. Trur det var alle desse langtekkelege vrangomgangane som tok knekken på meg.

Til helga skal vi på hytta med vener. Her ser det den eine stova. Ikkje fullt så gul og brun som tidlegare. Det vart kjempelyst etter at eg mal golvet grått og veggane kvite.

søndag 18. september 2011

Jøss, eg har fått brukt symaskina

Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle få tid til å sitja og sy på hytta når eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar før ein vert mor.

No fyrst løsnar det. Litjpia har vorte 3 år og klarer endeleg å leika åleina - reint bortsett frå at ho helst skal gjera og læra alt eg gjer sjølvsagt. I helga har vi hatt besøk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde på ein del for seg sjølve. 

Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjøpt eit stoff på Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er også frå IKEA og det raude frå ein stoffbutikk på Grønland. No kan eg jo drøyma om ein større produksjon ein gong til neste år kanskje. Syr på hytta og strikker heime.

Strikking held ein jo på med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som å sjå på TV, på toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gøymast diskre ned under bordet?




I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk på plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga står endå og blømer for seg sjølv ute i boden, og den påtenkte sofaen har ingen sett.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails