Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg
tirsdag 20. august 2013
tirsdag 30. juli 2013
Fint med Finn
Dette har vore ein handarbeidssommar.
Og då meiner eg godt gamaldags arbeid som steintrappbygging i tillegg til lappeteknikk og anna småplukk. Slik får ein trent både finmotorikk og grovmtorikk. Aller mest nøgd var eg sjølvsagt med trappa. Det har også vorte auka opp til ein stor hellelagt gangveg og eit par trappetrinn til. Kjem nok bilete etter kvart, men regnet tok oss og eg måtte på jobb i byen.
Mor mi held fortet med litjpia og eit barnebarn til. Ho er fabelaktig grei, elsker å vera med barnebarna og er full av planar, turar og legg opp eit bra program for ungane.
Elles har eg tråla Finn på nytt og fekk tilslag på desse fine 50-talshagestolane. Med på lasset fekk eg eit par staudar frå bedet samt gamalt sengetøy, handdukar, eit par fat, nokre rullar tapet frå 50-talet mm. Vert litt småglad av slikt. No lurer eg på når eg skal få brukt det. Hm, berre det ikkje vart husafyll, men kjem til nytte.
onsdag 12. juni 2013
Kveldsstund på Tysse
Min faste barnefrie dag og eg suste ut på Tysse etter arbeidstid for litt sol, hage og hygge. Ein time reiseveg er i grunnen heilt passe. Forvilla meg inn på IKEA på vegen og tapte ein time god kos, men det har eg jo meg sjølv å takke.
Skal kjøpa ny seng til det eine rommet på Tysse og tenkte det skulle verta ei skikkeleg dobbeltseng. Det breiaste eg har til no er 120 cm. Litt knapt for eit velvakse par - ikkje det at det er så veldig mange av dei der ute, men det er jo greit å ha det tilgjengeleg.
Kva er dette med madrassar på 140 cm? For det fyrste er det umogleg å få inn i bilen og for det andre så er det også lovleg smalt. I tillegg sel dei ikkje laken til herlegheita. Nei, trur det vert to 75 cm senger i staden. Viss senga vert noko særleg breiare enn 150 cm så får ikkje moderen plass til hunden og kofferten sin. Ein skal tenkja på alt.
Prøver meg på lappeteknikk og fekk laga ferdig denne puta. Den andre puta eg laga var av eit gamalt broderi og nokre band, men innan eg hadde laga den så lada mobilen ut.
Det mobilfrie livet er herleg!
søndag 29. april 2012
Småfusking på symaskin
Ikkje nett nokon syekspert, men det er gøy med mønster og fargar. Tre puter over same lest. Kroklisser og stoff frå IKEA. Sleit med å få stramma undertråden på den eine og så handla det kanskje berre om å treom på nytt.
Blant alt bestemor mi samla på av hyssing og gamalt innpakkingspapir så hadde ho sjølvsagt også ein gamal sukkersekk frå Cuba.
Elles er det veldig kjekt å ha ei jente som snart er 4 år. Endeleg har eg fått hjernen tilbake og litt aktivitetsspelerom. I dag har ho latt meg både rydda, sy og putla på medan ho sjølv putla rundt meg. Det er verkeleg eit nytt liv. Baksida av det er at eg orkar andre ting enn å setja meg i sofaen og strikka så det vert lite strikking for tida. Ingen ting å klaga på eigentleg, men no kjem det kanskje til å vera litt langt mellom strikkeinnslaga her.
onsdag 8. februar 2012
Fanabolero
Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK.
Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.
Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.
Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.
søndag 29. januar 2012
Bestakåpa
Verdas beste Besta har hengt over symaksina i dag. Snakk om å vera heldige. Litjpia var også veldig nøgd med kåpa si. Ho hadde vore med og tatt ut stoffet og fargevalet. Sto lenge ogs spegla seg. Det er eit godt teikn. Elles er eg redd ho kjem til å sjå på barndomstida si som eit langt husflidsmareritt med stadig nye heimespøta plagg.
Ha ein god sundagskveld! Eg ser eg har mykje godt i vente når det gjeld nett-TV.
søndag 18. september 2011
Jøss, eg har fått brukt symaskina
Hugser nesten ikkje sist. Trudde liksom eg skulle få tid til å sitja og sy på hytta når eg vart mor. Hallo, snakk om at ein har urealistiske illusjonar før ein vert mor.
No fyrst løsnar det. Litjpia har vorte 3 år og klarer endeleg å leika åleina - reint bortsett frå at ho helst skal gjera og læra alt eg gjer sjølvsagt. I helga har vi hatt besøk av fleire barn. Dei har snekra (flagg ?), skrudd i skruer og elles halde på ein del for seg sjølve.
Ei pute i all mogleg juksestil. Har kjøpt eit stoff på Ikea med illustrasjonar, kroklisser og restestoff. Stripestoffet er også frå IKEA og det raude frå ein stoffbutikk på Grønland. No kan eg jo drøyma om ein større produksjon ein gong til neste år kanskje. Syr på hytta og strikker heime.
Strikking held ein jo på med av di ein kan gjera det kvar som helst og samtdig med at ein gjer anna som å sjå på TV, på toget, forelesing etc. Kor er den portable minisymaskina og syprosjektet som kan gøymast diskre ned under bordet?
I tillegg har eg endeleg brukt drillen slik at eg fekk på plass dei nye knottane til skapet. Kappsaga står endå og blømer for seg sjølv ute i boden, og den påtenkte sofaen har ingen sett.
tirsdag 21. desember 2010
Jul i vintage arvegods
Som eg har sagt tidlegare så har eg vore med og rydda på loftet etter besteforeldra mine. Der var det mange gamle klede. Deriblant denne kjolen.
På føtene har eg farmor sine gamle sko frå 30-talet då ho var ung og gjekk i selskap. Dei har nesten den same fargen.
Mest overraska er eg over at han passer så godt som han gjer. Eg tenkjer på bestemora mi som lita og nett, og sikkert 10 cm kortare enn meg. Men han sit faktisk som støpt. På innsida har eg til alt overmål ein av dei gamle underkjolane hennar.
Diverre er lyset på årets kortaste dag ein sorgens kapittel så det er absolutt ikkje tilrådd å zooma bildene. Litjpia har også grisa på linsa ser det ut til slik at eg har fått ein imaginær flekk på kjolen. Det får de bæra oer med. Eg kunne berre ikkje dy meg for å visa han fram.
onsdag 24. november 2010
Frå bestemor sitt skattkammer

Det er stor gåveproduksjon for tida, og det er det litt vanskeleg å blogga om. I alle fall lenge før sakene skal giast bort.
Om sider har eg derimot fått tid til å vaska og stryka nokre av dei gamle barnekleda eg fann på kottet til besteforeldra mine. Dette er truleg klede som min onkel, tante og mor brukte på 40- og 50-talet då dei var små ungar. Oldefar min var skreddar så eg vil tru at mykje av dette er ting som han har sauma.
Så no er det berre for syskenbarna mine å produsera barn som kan få bruka desse kledene. Vi har allereie sett for oss at skjønningen eit par innlegg lenger ned skal ha på seg denne ballong-/bleiebuksa og jakken med kvit eller myrkeblå strømpebukse på 17. mai. Vi får berre vona at storleiken held.
søndag 30. mai 2010
Til lukke med dagen/Happy B'day
Litjpia fylte 2 år i dag og hadde sin fyrste fødselsdagsfest.
Då ho fekk vita at ho skulle få både kake og gåver så hoppa ho gledesstrålande rundt i ekstase. Litt verre var det då ikkje kaka kom på borde med ein gong. Kva skulle no ho med gjester eller pølse fyrst?
Litjpia har to fantastiske bestemødre som lagar så mykje fint til ho at all min produksjon no er vigd til andre barn.
Mi mor som heiter bestemor har jo strikka trønderbunad til ho. I dag var det besta som er naboen under oss og som vi har adoptert som kom med det eine flottare enn det andre. Ho har sauma bukse og kjole og strikka eit fantastisk søtt sommarantrekk i oransj bomullsgarn i tillegg til ein nydeleg gamalrosa jakke. Det er bestajakken med knappar frå ein av barnekjolane besta sjølv hadde då ho var lita.
Er vi ikkje heldige?
We are lucky to have two creative grandmothers, my mum and our next door neighbour who we have adopted to be her grandmother.
My mother made her the traditional dress that I have blogged about earlier and to day it was neighbour gran who came with one creation after the other. She had sewn a dress and trousers together with a knitted jacket with buttons from a dress she used to have as a child. And not to forget the knitted summer dress and tights in orange cotton.
Aren't we lucky?
tirsdag 20. april 2010
Nostalgi med broderi/nostalgic needle point
Bestemora mi elska desse broderibilda, og eg elska bestemora mi. Saman sat vi og broderte romantiske broderi i ull og bomull medan vi høyrte på "Husker du". Det var i lang tid yndlingsprogrammet mitt (eg var vel 7-8 år), og eg hugsar enno med sorg at Odd Grythe døde.
No er bestemor og bestefar for lengst døde og broderibilda har fått ny renessanse på hytta. Syns dei eignar seg godt i den gamle smia med det babyrosa interiøret. Fjollete fint, kan ein vel seia.
Her har også den gamle, morske prostinnen fått plass på veggen. På byrjinga av nittenhundretalet sendte ho sin eldste son til USA for å gå på skule slik at han skulle gløyma husmannsjenta han var forelska i. Ho konfiskerte i tillegg dei breva dei forsøkte å senda til kvarandre - prestens bustad var postkontoret. Men dei gløymde aldri kvarandre og ca 40 år seinare møttest dei. Då var dei båe vorte enkefolk - og så fekk dei kvarandre. Hah, det skulle ho visst overkicadoren.
My grandmother loved these needle points and I loved my grandmother. So the two of us sat down and did needle point together. Now both my grandparents are long gone and the needle points have gotten their renessanse at my country cottage. Just next to the strict reverends wife who sent her oldest son to the States in 1905 so he would forget about the poor farmer's girl he was so in love with. She even confiscated their attempts of correspondence. They never forgot each others though and after 40 years they finally met. Both had widowed and were free to marry. A sad but lovely story. The old bag should have known.
lørdag 3. april 2010
Påske på Tysso/ Easter at the country house
Den faste gjengen var på plass på hytta for spel, filmar, god mat og grilling i Dalen på påskeaften. Stort sett grått og regn, men ei strålande avslutning på vårt opphald i dag med strålande sol.
Her har de årets påskebord.
Eg strikkar stadig vidare på valmuene til Kaffe Fassett og trur eg endeleg er over den kritiske fasen. No er det berre striper på programmet.
I tillegg har eg reparert vimplane. Dei er laga av voksduk, og eg trudde dum som eg var at dei var så stive at dei ville halda seg fint ein etter ein på snora utan å skvusja seg saman. Så feil kan ein ta. Etter at tyngdekrafta og vinden hadde fått leika litt med dei så var dei alle klesst opp i eine enden av snora. No derimot har eg fasta kvar og ein vimpel med eit sting og berre øydelagt ein nagl på det. Klessnora som dei heng på er ikkje nett meint til å sauma i.
Håper de alle framleis har ei god påske.
It has been Easter at the country cottage with the same group as always. Good food, games, films and lots of relaxing together with the local, traditional barbecue for the whole village.
I am still knitting on the persian poppies but do think I have had a brake through. Have also mended the flag line. They are made of oilcloth and I kind of thought they would hang happily and easy on the line without having to fasten every one of them. I was so wrong. Gravity and the wind took hold of them and pressed them all in one direction. Now I have tighten every one of them with a stitch so lets hope they will stay put a little longer.
fredag 5. februar 2010
Kunsthandtverk og kongress i Thailand
Rett etter at eg kom heim frå kongressen "The first international congress on women's health and abortion" så streika mac'en min. Etter 10 dagar på service er den endeleg heime igjen.
Trass i at eg budde i 36. etasje så tok ei utal av ørsmå insekt bustad i mac'en min. Til slutt fann eg ut at det dreide seg om maur. Det er ikkje få fantasiar eg har hatt om at grunnen til kollapsen skuldast syreangrep frå desse myrene på den finstilte elektronikken.
Det er utruleg kor handicappa ein vert når ein er offline.
Eg orka ikkje å handla så mykje ute i Bangkok - eg orka eigentleg ikkje å reisa så mykje rundt denne gongen. Gjekk meg ein tur i eksosen og fekk ikkje gjort så mykje anna enn pedikyr, manikyr og massasje. Vel verdt pengane var det i alle fall.
Men om ikkje vi kjem til marknaden så kom marknadsfolka til oss. Det var rikeleg med boder som selde thailandske produkt inne på kongressen.
Tidlegare har eg vore på kongress i Chiang Mai og då kjøpte eg meg eit skjørt med dei typiske mønstra og broderia frå nord. Dei er utruleg flotte. Denne gongen vart det vesker og ei dokke. Oh, glede.
Eg elsker dei fargane. I kollagen finn de meg saman med ein nepalesisk kollega midt inne blant alle broderia.
mandag 16. november 2009
Naivistisk
Barnevakttenesten har nett vore på besøk. Ringt og nedkallt i teneste då eg fekk akutt behov for å vera noko meir enn berre mamma. Så der svingte mor mi seg rundt og tok ekspressbussen ned til Bergen. Ekspressbussen vil seia 16 timar over natta frå Trondheim via Sogn og Fjordane til Bergen. Der sit ho og tronar på fyrste rad med boka på fanget og strikketøyet i hendene.
Ikkje berre kom barnevakttensten i ekspressfart, men ho hadde også med seg nokre kjoler til litjpia, nabovennen og Oslo-veninna. Designaren av teikningane er storekusina i Oslo. Ho og bestemora hadde gått gatelangs i Paris då dei såg ein kjole med barneteikningar og lot set inspirera. Og jenta tok oppgåva med glans og no er teikningane foreviga på kjolene.
Ikkje berre kom barnevakttensten i ekspressfart, men ho hadde også med seg nokre kjoler til litjpia, nabovennen og Oslo-veninna. Designaren av teikningane er storekusina i Oslo. Ho og bestemora hadde gått gatelangs i Paris då dei såg ein kjole med barneteikningar og lot set inspirera. Og jenta tok oppgåva med glans og no er teikningane foreviga på kjolene.
mandag 6. juli 2009
Vasstette uteputer
Eg fann endeleg ut at Stoff og stil også finst i Bergen. Gjekk litt amok på veg til landstaden min. Har hatt litt dilla på uteputer i voksduk i det siste. Ganske så anvendeleg her på vestlande når vatnet kan koma til å detta ned i bøttevis. Dessutan er dei fantastiske til luking for å unngå såre kne. Ungar kan dra dei med over alt og grønske er eit lite problem. Rett nok kan ein verta litt sveitt i baken i sommarvarmen, men det er eit mindre problem. For meg er dei heilt fantastiske om morgonen på steintrappa frå 1889 når eg nyt morgonkaffen.
På baksida har eg vald eit litt stivare, heilt kvitt vaksdukmateriale som dei har både hjå Åhlens og Stoff og stil. Åhlens har den rosa med kvite og grøne blomar. Dei andre to er med stoff frå Stoff og Stil. Det er superenkelt. Fyllputene har eg delvis kjøpt på IKEA eller Stoff og stil (mykje Stoff og stil her.... øh). Klipp ca 3-4 cm saumrom med vaksduk utanfor putene. Så syr du ein konvolutt - altså på tre av sidene. Putt puta inni, brett kantane inn på den opne sida og lukk med ein maskinsaum. Det er lurt å la det vera litt opning i kvar side for putene har ein tendens til å fylla seg opp med luft og så får du "fisepute" når du set deg på dei dersom opningen ikkje er så stor. Men det kan jo vera gøy.... ikkje minst for den yngre garde.
mandag 22. juni 2009
Stelleveske som ingen har make til
No som eg skal leggja ut på tur til Addis Abeba (Etiopia) for å henta litjpia mi så har eg slått meg laus med symaskina. Mange års ganske tvilsame prosjekt som barn når det gjeld dokkeklede og haremsbukser på 80-talet har gjort meg til delvis ven med symaskina. Kjøpte meg ei ny i fjor slik at oldemors gamle Elna som berre syr rettsaum, men i høgste grad er elektrisk, er satt i kottet. Har latt meg inspirera av ei veske på Mønsterarkivet, men sidan eg ikkje har nettilgang på Tysso så er alt gjort litt ut ifrå ein ide i hovudet. Gleden over resultatet er difor veldig stor. Ikkje så reint lite stolt over meg sjølv faktisk.
Yttersida er ein voksduk eg kjøpte i København der den andre halvdelen ligg på kjøkenbordet. Innhaldet kjøpte eg på ein stoffbutikk på Grønland. Ein av desse med sariar og dess like i utstillingsvindauget. Herleg variasjon og inspirasjon.
Veska består av 3 delar som utgjer sider og botn. Alle delane er like lange. Så er det to hovudsider som er lett rektangulært slik at den er litt breiare enn den er høg. Innmaten består av dei same delane samt to sider ekstra som er litt kortare og som utgjer lommer. Til slutt sette eg på lokket som også består av to lag - eit lag vaksduk og eitt lag for. Hanken er dobbelt lag med det stoffet eg har brukt som for, eit enkelt bomullstøy. Eg byrja med å sy hovudsidene saman med botn, så sydde eg på sidene. Dei står litt over kanten og utgjer festet for handtaket. Eg sydde foret på same viset, men der la eg dei delane som skulle verta lommer på innsida som eit dobbelt lag før eg sydde i botn og sider. Til slutt sydde eg ein saum midt på den eine lomma slik at det vart to mindre lommer. Eg planlegg å setja inn ein borrelås på den store lomma fordi den vert i overkant stor slik den er no. Lokket er klypt like stor som hovudsidene. Eg bretta inn ca 1 cm av voksduken rundt heile kanten over foret og sauma rundt. Etterpå sauma eg det fast med ca 5 cm overlapping på den eine yttersida. Reima/handtaket må ein tilpassa til vogn og storleik på veska slik at den ikkje vert hengjande og sopa bakken. Her sauma eg saman to stykke med same breidde som sidestykkene, vrengte det og sauma langs båe ytterkantar, bretta inn ca 1 cm og la det mot innsida av sidestykkene og sauma fast. Voila, ei stelleveske som ingen har make til
Abonner på:
Innlegg (Atom)






