Sider

Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hekling. Vis alle innlegg

lørdag 10. mars 2012

Hekla vagina


Simpleten elsker kunstferdige variantar av kroppsdelane våre. Dette er laga av ein belgisk kunstnar - ei hekla gigavagina. Vel, eigentleg er dette vulva. Vagina er nemleg skjeden, altså den delen innafor medan kjønnsleppene og skjedeopningen er vulva. Den skal visst nok vega ca 150-200 kg. Forestillinga er ein del av «Revenge of the Frilly Table Ornaments», som er ein del av BIT Teatergarasjens vårprogram. De kan lesa meir om den hjå BA. 

I sommar skal den vera utstilt på Nordisk kongress i Obstetrikk og gynekologi i Grieghallen. Vi gler oss :-).


onsdag 8. februar 2012

Fanabolero

Snakk om tre i eitt. Dette er eit skikkeleg kinderegg. Eg har strikka, hekla og brodert. Trur dette må vera det mest forseggjorte plagget eg nokon gong har laga. Kanskje er det difor eg har budd i det i dag. Som Besta sa så kan det eigentleg brukast både til fint og kvardags avhengig av kva ein har under. Eg var også på ein fotoseanse i dag der eg brukte jakka. Diverre så er det nokon som eig dei bileta så eg kan ikkje berre bruka dei fritt utanom i privat samanhang. Og det er vel strengt tatt ikkje dette. De må altså nøya dykk med dei bileta eg fekk veninna mi til å ta på altanen på Kvinneklinikken i Bergen då sola diverre hadde gått attom ei stadig veksande sky. Ein smule irriterande kan ein vel seia. Jakka var sjølvsagt endå finare i dei proffe bileta i soljos enn i skuggedalen på KK. 

Eg er altså strålande nøgd med jakka. Fekk i tillegg kjøpt meg ei fin nål til å lukka ho med på Husfliden i dag av bein og tre.

Nett som eg sit her burde eg også ha rydda i heimen, men er alt for nøgd med jakka til ikkje å blogga om ho idag sjølv om det er midt på natta.

Eg har altså som de ser lagt på ein rutebord og nokre ekstra luserader (6stk) for å gjera det til ei jakke i staden for ein bolero. Det takkar eg meg sjølv for gong på gong, for den hadde nok ikkje vorte brukt viss den var ein bolero. Eg måtte også justera litt på skuldrene etter at eg sydde den saman for den siste luserekka gjorde at skuldrene sto eit par cm utanfor skuldrene. Såg nesten ut som eg hadde skulderputer. Det er ikkje den effekten eg ynskjer så då korrigerte eg det. Sidan eg tok med dei ruterekkene på bolen også så fekk eg jo ganske så mykje ekstra å brodera også. Det tok 2-3 kveldar å brodera alt. De finn mønsteret på Ravelry og Epla.

tirsdag 11. oktober 2011

WOW-hekling


Dette er reine kunstverk. Utruleg kva nokon får til.
De finn det hjå jungjung


I am speechless.

Sjekk det ut sjølve.

fredag 17. juni 2011

Hekla brudebukett

Valencia knits viste oss denne fantastiske brudebuketten frå eit bryllup i Portland. For ein fantastisk søt ide. Eg falt pladask og klarte ikkje noko anna enn å dela han med dykk.

torsdag 16. juni 2011

Er det sommar?


Det kan ein sjølvsagt av og til lura på. Difor går det heilt fint å strikka ullklede framleis. Strikker framleis på Tubey. Har no byrja på sjølve bolen og så langt er eg nøgd. Det var litt kjedeleg å strikka ei så lang strømpe som trengs for å dekka ryggen min og båe armane.

I mangel på eigne strikkeprosjekt å blogga om så viser eg heller den søte toppen mor mi har strikka og hekla til Litjpia. Viss været held seg slik det var på måndag og i dag så kan vi jo håpa på at den kan brukast i år. Tysdag hadde vi nesten vinter. Det er litt misstrøstig.

Har elles byrja eit massivt oppryddingsarbeid og arkivering av epostane mine. Det slo meg plutseleg at eg håper ein innfører arkivering i skulen no som alt vi produserer og får tilsendt skal inn på ei datamaskin. I tillegg håper eg touch-metoden vert innført på skulen. No sit jo alle med tastatur framfor seg, og alle skal nytta det i dagleglivet og på arbeid. Trur maskinskriving må ha vore det luraste valfaget et nokon gong har tatt. Det er ganske kjekt å kunne skriva utan å sjå på tastaturet.

Puh, skjønar de kor lite eg har å bidra med på denne bloggen for tida? He, he, vel min grøne genser veks og vonleg kan han ikkje nyttast før til hausten.

lørdag 2. oktober 2010

Innvollar - gamal skuleplansje

For ei tid til bake var eg på nytt innom Patina på Evanger. Ein fantastisk fin butikk og kafe som alle burde stikka innom på vegen mellom Bergen og Voss. Dei hadde Balkanfest den dagen, og eigentleg måtte ein betala inngangspengar for å få gå inn på området der også Patina ligg. Heldigvis har dei omsut for ei vegfarande kvinne i naud som hadde stogga for å kjøpa ei gåve på vegen til Ulvik. Takk skal de ha!


Der fann eg denne fine gamle skuleplansjen over innvollane våre. Sidan eg er gynekolog og med det kirurg som opererer i magen om enn ikkje på tarmar så tykte eg den passa heilt perfekt. Meir perfekt hadde det berre vore dersom eg hadde funne ein planseje over dei kvinnelege kjønnsorgana.


No har endeleg plansjen kome på veggen.


Eg har også endeleg fått tatt bilete av puta som Judith etterlyste fleire bilete av. Ei pute som bestemora mi har hekla. Fargane sto også veldig fint til plansjen ;-).

onsdag 4. november 2009

Hekla korg



Etter at eg endeleg kom meg opp i loftsboden så er stova endå fullare av garn. Det viste seg at eg hadde ein del garn igjen frå min husflidsperiode på 90-talet. Den gongen (førre gongen) Dc Martens var på mote, miljøvern var hot; kampen mot EU tok ein del tid og eg tok imot restegarn frå fjern og nær.

Vel, med så mykje garn i stova så hadde eg bruk for fleire korger til å ha dei i. Plastposar er forbode og miljøvennlege stoffnett er litt kjedeleg å sjå på. Så då fann eg denne oppskrifta på Ravelry.

Korga vart 29 cm i diameter og 22 cm høg.

Eg har jo då også omsider oppdaga denne nettstaden for handarbeidsfantastar der ein kan dela idear, prosjekt og garn mm.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails