Sider

Viser innlegg med etiketten latino. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten latino. Vis alle innlegg

onsdag 17. mars 2010

Puss, puss så får du ein suss

Ein reklameplakat frå spania på 50-talet. "Dentamin desde infancia boca sana" "Sunn munn frå barndomen med Dentamin". Plakaten er kjøpt på auksjon kl 02 på natta i kafeen Cafe del Temps i el Barrio del Carmen i Valencia. Eg budde rett rundt hjørnet i 97/98, og vi hadde mykje moro med desse nattlege auksjonane på tysdagar. Ryktet sa at den stengte grunna omsetjing av marihuana - den distinkte lukta hang i alle fall tung over lokalet. 

Smykkeopphenget på gardinvaier frå IKEA er inspirert frå Rom 123. Fargerikt og dekorativt.

The poster is an old Spanish ad from the 50ties "Dentamin desde infancia boca sana" "A healthy mouth from infancy with Dentamin". I bought it at a local auction at 2 am in the Cafe del Temps in el Barrio del Carmen in Valencia. I lived right around the corner in 97/98, and we loved going to this auctions on tuesday night. Rumors claim the cafe was closed due to marihuana and the cafe was heavily scented with the smell of it.

The jewelry is hanging on a curtain wire from IKEA. Colourful and decorative.

søndag 15. november 2009

Litjpia sin favoritt

Litjpia er snart 18 mnd og ein sucker for god musikk. Mange meiner ho har det i genene av di ho har afrikanske gener. Ha, ha, eg lo godt då eg sjekka opp musikken til oromerane. Ikkje nett det ein tenker på som afrikanske rytmer.

Fakta er at vi har alle medfødd rytme i ulik grad spørsmålet er berre om vi utvikler det og tar var på det eller ikkje.

Her får de fyrst litjpia sin favoritt Rosana frå Spania - El Talsiman.




Og her har de litt oromisk musikk (ormerane er ei stor folkegruppe i Etiopia). For meg høyrest det ut til å ha meir til felles med arabisk. Må seia at det er ganske enerverande med all den elektrnikken dei har pøst inn i all oromisk musikk eg klarer å finna på youtube.


søndag 1. november 2009

A donde vayas

Har mimra litt med musikken til Elefante så då fekk eg lyst til å dela litt.

onsdag 28. oktober 2009

Latino klassiker

Eg elskar desse latinoklassikarane som nesten vert som standardlåtane innafor jazz. Her er ein av mine desiderte favorittar som er sunge av mange forskjellige. Luz Casal sin versjon er den eg likar best. Grunnen til det er vel så enkel som at det var den fyrste eg høyrde. Eg har den på ei plate med musikk frå Almodovar sine filmar. Songen var med i filmen "Tacones lejanos" (Høge helar). Que disfruten! (Enjoy)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails