torsdag 13. juni 2013

Gamal draum


Sikla på naboens rysjer og lamper med dingeldangel då eg var barn. Hjå oss var det fullstendig ribba for slikt stæsj. Der var det heller oransj, grønt, brunt og skikkeleg cordfløyelsdominans.

No har derimot vi barn av 70-talet lagt vår elsk på dei gamle kitchy lampeskjermane til nabokjerringa.

Eg fann ein avlang variant på Fretex, demonterte den gamle, kvite, kjedelege IKEA-lampeskjermen, bente til metallramma og slepte den nye nedpå. Voila!

Derimot trudde eg at litjpia skulle elske lampeskjermen; "den er stygg mamma".

onsdag 12. juni 2013

Kveldsstund på Tysse

Min faste barnefrie dag og eg suste ut på Tysse etter arbeidstid for litt sol, hage og hygge. Ein time reiseveg er i grunnen heilt passe. Forvilla meg inn på IKEA på vegen og tapte ein time god kos, men det har eg jo meg sjølv å takke. 

Skal kjøpa ny seng til det eine rommet på Tysse og tenkte det skulle verta ei skikkeleg dobbeltseng. Det breiaste eg har til no er 120 cm. Litt knapt for eit velvakse par - ikkje det at det er så veldig mange av dei der ute, men det er jo greit å ha det tilgjengeleg.  

Kva er dette med madrassar på 140 cm? For det fyrste er det umogleg å få inn i bilen og for det andre så er det også lovleg smalt. I tillegg sel dei ikkje laken til herlegheita. Nei, trur det vert to 75 cm senger i staden. Viss senga vert noko særleg breiare enn 150 cm så får ikkje moderen plass til hunden og kofferten sin. Ein skal tenkja på alt.

Prøver meg på lappeteknikk og fekk laga ferdig denne puta. Den andre puta eg laga var av eit gamalt broderi og nokre band, men innan eg hadde laga den så lada mobilen ut.
 

Det mobilfrie livet er herleg!

søndag 26. mai 2013

Seljefløytetid

 
Strålande dag for treklatring.
 
Då eg var 6-7 år lærte eg å lage seljefløyter av far min. Det var vedunderleg å spikka, få borken til å løsna og så få lyd i ei fløyte. Det er sikkert over 30 år sidan eg laga mi førre seljefløyte. Eg hadde eit litt misslukka forsøk her for nokre år sidan.

 
Litjpia har ynskt seg ei seljefløyte og eg tykte sjølvsagt det ville vera forsmedeleg å ikkje få det til. 

Jippi! Fekk det til på fyrste forsøk. 
Folk på Møhlenpris kan gle seg over ein skjærande lyd.

Vi har vore på "Liv i gamle stover" på Osterøy museum i dag. Flott program i strålande vakkert ver. Der var det mange aktivitetar for ungar og vaksne. Vi har såleis spikka armband og seljefløyte, ete ramslauksuppe, halde høner, lam og kaninar samt grilla pinnebrød og køyrd med hest og kjerre.
 
Litjpia har spikka hol i tightsen sin.



I tillegg vart litjpia ståande lenge og sjå på ei som spant garn med ein handtein. Plutseleg skjøna ho at alt dette garnet faktisk kjem frå sau.

lørdag 18. mai 2013

Hipp, hipp, hurra

Mor mi strikka denne nydelege trønderbunaden for tre år sidan. Det viste seg at vesten var meir enn brukande nok for mange år, men stakken og forkleet var litt kort etter kvart. Så no har moderen strikka eit lengre skjørt. Eg fekk alt tilsendt nesten ferdigstrikka. Måtte berre strikka ferdig kant, 10 cm på forkleet og så montera alt. Strålande vakkert resultat. Denne bunaden er rett og slett eit funn og vi har fått mange beundrande kommentarar i dag. Det er jo litt gøy å vera to i same bunad.


Takk for ein strålande flott 17. mai i år også.


torsdag 2. mai 2013

Eit lite raudt futteral


Måtte til slutt innsjå at den gamle macbooken min heldt på å dette frå kvarandre og i grunnen halta litt etter snart 5 års trufaste slit. Den siste veka har også stikkontakten falt frå kvarandre.

Eg har difor kjøpt ny macbook pro i nett same storleik 13'', må jo få den ned i veska. 

Er ikkje så veldig forkjust i den derre metalliclooken så den kvita gamle maskina (ikkje fullt så kvit og fin lenger etter at nevøen lakka den med neglelakk og neglelakkfjernaren øydela finishen) er framleis ein designfavoritt. 

Derimot hadde eg sett denne raude varianten hjå bokhandelvertinna på Litteraturhuset i Bergen. Ein slik måtte eg ha. Viser seg diverre at Eplehuset ikkje lenger fører vara, men til slutt fann eg den på Amazone - Incipio Feather. Kjem i eit utal fargar. 

Bestilte glad og lukkeleg og fyrst etter å ha trykt bekreft kom eg på at eg var vekkreist dei dagane den skulle leverast. Då er det godt å ha gode naboar.

No er den nye macbooken installert med programvare og midt lekre, raude cover. 

De har vel aldri sett vakrare mac?

lørdag 20. april 2013

Before dark

Har fått meg ny favorittjakke.

Ein av mine favorittdesignarar er Veera Välimäki. Ho har laga mønsteret til denne enkle og fine jakka - Before dark. 

Sjølv om eg gjekk ned nesten ein pinnestorleik så vart jakka litt laus i strikken. Typisk, men kva for underverker gjer ikkje ein liten runde på 40 grader finvask med ei jakke. I amerikanske mønster skriv ein jo ofte at ein skal vaska og blokke, og det har eg altså no gjort. No sit den som støpt.


Hadde ikkje nok blått garn til heile jakka så eg måtte spe på med noko grønt. Gjekk fint det. Hadde rett nok ikkje nok av dei to grønfargane heller så det vart ulikt på ermene og nede på bolen. Slik går det når ein liker å kjøpe garn før ein har funne ut kva ein vil bruka det til.

Ha ei fin helg vidare.




fredag 22. mars 2013

Høgg, høgg, høgg

Den fyrste bilen eg kjøpte har no vorte padde flat. Han har tent meg både vel og litt ugreit. Mykje moro har vi hatt og mange stader har vi vore. Kan ikkje seia den vart så gamal, men så har eg vel kanskje ikkje behandla den så pent heller. 

Dei seier at Renaultar er lunefulle og at elektronikken går åt skogen. Jadda, jadda, jadda, motoren har tikka og gått etter grundig stell av dei på Fondenes auto. Elektronikken derimot har svikta grufullt dei seinare åra. Snøvinteren for 4 år sidan tok sentrallåsen og startsperra. Startsperra måtte då koplast ut manuelt slik at då nokre lånte bilen min og klarte å skru på lyset over speilet og lada ut batteriet så var det ikkje nok å få Falck på døra. Oh, no, då hadde startsperra slått seg på igjen og bilen måtte tauast til verkstad. Etter at sentrallåsen og startsperra gjekk har det også vore innbrot i han. Tjuvkoplinga tok straumen til dashbordet så dei siste par åra har eg ikkje sett kor mange km eg har køyrt. Alt dette kan ein leva med
 
Rett over jul gjekk straumen til CD-spelar, radio, klokke og med det uttak til DVD-spelaren til ho i baksetet. Dødsstøtet for bilen var då speedometeret konka i førre veke. Sidan då viste det stort sett 160 også i 50-sonen. Då var det nok for det kan ein ikkje leva med. Sympatisk nok skjedde dette berre 5 dagar før årsavgiftfristen.

No ligg bilen fatklemt på Hanøytangen.
 


Litt vemodig.


Eg skulle liksom ha is i magen og tenkja meg godt om før eg kjøpte ny bil. Mekanikaren min har gitt meg gode råd og det var stort sett Toyota Yaris som sto på lista, men Citroen kunne godtakast. Det kunne derimot ikkje Ford Focus, Peugot eller ein ny Renault. I tillegg måtte eg lova å visa den til han før eg kjøpte ein ny bil.

Plutseleg dukka det opp ein raud, snerten liten sak som ser flunkande ny ut trass sine 10 år. Den er særs godt tatt vare på av eit godt vaksent par og har stort sett berre køyrd mellom Nesttun og Lagunen dei få km den har køyrd. I mellom køyreturane har den stått trygt og godt for vær og vind i sin eigne, vesle garasje. 

Eg er hoppande glad og nøgd og det er Litjpia og. Ho ynskte seg nemleg ein raud bil.
Gårdagens helt var Dag Fondenes.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails