Sider

lørdag 19. februar 2011

Gir meg ikkje med dei daisyjakkane


Eg har to kusiner som nett har fått seg kvar si dotter så då tenkte eg dei skulle få seg kvar si jakke av dette eine mønsteret eg har laga. No er den eine ferdig. Fargane er inspirert av ei par cowboystøvlettar kusina mi har. Ja, dei er kvite med mønster i knæsje fargar. Så no kan mor og dotter stå i stil.

Det er artig å sjå kor ulike jakkane vert når ein bruker ulikt garn og fargeval til trass for same mønster.
Eg har nytta naturfarga alpakka Tynn alpakka frå Du store alpakka og diverse restegarn i gilde fargar. Knappane er frå resteboksen og er vel i utgangspunktet plukka frå ein resteboks på ein eller annan butikk.



Diverre er det ikkje så ofte eg tar meg tid til å surfa rundt til alle dei flotte bloggane eg ikkje kjenner frå før. Som oftast vert det berre turar innom til dei kjende og kjære eg kjenner frå før, men i dag var eg innom denne svenske bloggen by Caloweena. Eg har visst ikkje vore innom så mange svenske bloggar skjønar eg. Her var det i alle fall litt andre ting enn det ein finn i norske bloggar og det er jo artig samt litt butikktips for den som skal til Stockholm.





7 kommentarer:

  1. Den er fin. Jeg synes rigtig godt om farverne og de forskellige knapper :)

    SvarSlett
  2. Vad roligt att du hittat till min blogg! :) Och vilken fantastiskt söt liten kofta!! Blir väldigt sugen på att sticka en sån!

    SvarSlett
  3. Så hyggelege de er. Eg likte og godt tutti frutti preget.

    SvarSlett
  4. Heia! Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min. (http://blogg.gausen.net/2011/02/4x4-utfordring-fra-ab/)

    SvarSlett
  5. den ser kjempe lekker ut så flink du er:)

    SvarSlett
  6. Så fin jakke! Det ryktas på klinikken at du hadde blogg, så da måtte eg nett google deg! Ser eg har mykje god lesing foran meg her! Helsing Laila fra obsen :O)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails