Ser ut til at koplinga mellom kameraet mitt og mac'en har takka for seg. Det var i alle fall umogleg å få overført bilder. Så då sat eg igjen med iphone utan blitz og dårleg lampelys. Oh glory....
La min elsk på Pickles si vaffelhuve. Den er særs enkel å strikka og samtidig veldig effektfullt mønster. Må seia at eg i grunnen var meir nøgd med fargen på den førre. Veit ikkje heilt kva eg tykkjer om den melerte effekten. Eg har brukt same type garn som i den førre så den er så mjuk som berre det. Denne gongen hadde eg brunt i botnen med rosa kashmirgarn i staden for raudt.
Vel, vel, det er i alle fall resultatet.
Det er dessutan deilig å sjå at våren er i emning sjølv om det sluddar etc innimellom.
I bedet i bygarden vår har vi ei diger tue med blåveis. Der har det bløma i nærare 3-4 veker no. Jippi!
Kjempefin lue. Har aldrig sett et slikt mønster.
SvarSlettDeilig at det går mot vår igjen.
Ha en fin dag vidre :o)
Blåveis!! Det har vi ikkje her eg bur. Skulle gjerne hatt ei tue:) Det ser så vårleg ut. Men eg klarer meg vel med krokus og snøklokker!
SvarSlettSå herlig å se blåveis. Tror jeg vil på blåveistur i morra:-)
SvarSlett