Sider

fredag 28. august 2009

Gammeldags omslagstrøye



Lillestakken vart strikka etter at eg hadde strikka denne omslagstrøya frå den same boka Myk start og bloggen til forfattaren av strikkeboka. EI nydeleg strikkebok for den som vil strikka til baby. Spesielt må eg seia at eg liker ermene. Dei vert veldig elegante i grunnen. Eg har tenkt å nytta den patenten på andre ting eg strikker også. I originalmønsteret er alt strikka i same garn og farge. Sidan eg aldri kan halda meg til ei oppskrift, men helst vil modifisera litt så har eg sjølvsagt endra fargevalet. Eg har også vald å ha to knapper i kvar side i staden for knyting. Ikkje veit eg kva som skjedde med rutemønsteret, men eg fekk i alle fall ikkje same breidden på stykket her som på rillestykket. Vel, vel, alt går ikkje alltid som planlagt, men trøye vart det alikevel. Garnet eg nytta var alpakkaull kjøpt i restekorga i Arequipa og det brune kjøpt hjå Husfliden.

1 kommentar:

  1. Eg elskar når folk herjer med oppskriftene og gjer nokke heilt anna enn slik det var tenkt! Fine jakken! Og ja slike rysjekantar er finfine! Eg fann deil første gang på gamle boullstrøyer, sånne i strikka tynt bomullsgarn.. maskinstrikka.. å de er så finfine.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails