Sider

mandag 22. august 2011

Nyfødt-spøt


Ah, då har mor til veslejenta som vart født i sommar sagt eg kan bruka dei bileta eg fekk tilsendt av ho på bloggen. Ei øranes lita fin vakkerdokke.

Eg tok utgangspunkt i Lillestakken igjen, men eigentleg er den vel så omgjort at det er spørsmål om eg kan påstå at det er same kjolen. 

Eg strikka ikkje bølgekanten nedst, og la opp 160 masker. Fyrst strikka eg fem riller i rettstrikk før eg gjekk over i tre rett og ein vrang. Etter 18-20 cm snudde eg arbeidet slik at vrangsida kom ut og reduserte til 80 masker før eg strikka "beltet" slik som det er i mønsteret. Felte så mange masker som det står i mønsteret til kvar armhole. I neste omgang la eg på 36 masker og strikka tre riller med rettstrikk over dei til ermene. I neste omgang definerte eg midten på ryggen og strikka fram og til bake slik at det vart ein opning bak. Eg har brukt raglanfelling av di eg tykkjer det eller rundfelling er finast på babyar. Det gjorde eg av di eg ville bruka daisies som mønster. Det finn instruksjon om korleis å strikka dei hjå Pickles. Eg strikka sju rader med daisies og tre-fire omgangar til før eg sette av dei midterste fem maskene og felte ei maske i kvar side heilt til eg kom ut til raglanfellinga. Då plukka eg opp maskene i midten og ei for kvar felt maske før eg strikka tre riller med rettstrikk og felte laust av. Til slutt hekla eg ein kant rundt opningen i ryggen og laga 3- 4 hemper til knappar i ryggen. (hugsar strengt tatt ikkje om det var tre eller fire knappar).

Huva er ei hjelmhuve utan spissen foran og med tre rader med daisies.



Eg har brukt pinne nr 3, kvitt alpakkagarn og restegarn til fargane.

10 kommentarer:

  1. Er det kjolen du strikket på hos oss som er ferdig? Fin kjole, fin baby:)

    SvarSlett
  2. Det stemmer Lill. No er den ferdig i tillegg til eit par luer :-).

    SvarSlett
  3. Åååå for en søt liten tulle i nydelige hjemstrikket antrekk :o)
    Ønsker deg en flott dag :o)

    SvarSlett
  4. So søt. Det kan no ikkje vera mykje att av lillestakken, så dette kan du nok kalla di eiga oppskrift.

    SvarSlett
  5. Nydeleg kjole og lue! - og baby, sjølvsagt;-)

    SvarSlett
  6. Nydelig liten tulle! Blir helt forgapt, men ser at det er flotte strikketing hun har på seg også! :)

    SvarSlett
  7. Nyfødte i strikkaklede er virkelig superskjønt! (Større barn også, forsåvidt...)

    Stilig med daisyer på lua og, god ide!

    SvarSlett
  8. Århhh , hun er sød og fint strikketøj :-))

    SvarSlett
  9. Så veldig, veldig fin liten jente! Og strikkeklær, det hører absolutt med, og gjør babyopplevelsen enda bedre!

    SvarSlett
  10. Ja, ho er yndig og fin. Ingenting er som ull så no er det nesten godt at hausten er på veg ;-)

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails