Sider

tirsdag 13. september 2011

Valdagsstrikk


Dritlei av sjalet eg strikker og som vonleg snart er ferdig. Berre måtte ha noko som var raskt unnagjort.

Restegarn frå Sparkjøp og Dalegarn samt pinne nr 12 vart redninga. Vesten vart altså strikka medan eg vart meir og meir sur under valdagssendinga. 



Ok, så var nedgangen til Frp ei STOR glede, men kva hjelper vel det når Høgre går så vanvittig fram. I tillegg er eg vakse opp i ein familie der Ap er rekna til høgresida. Så då skjønar de at valet var triste greier i mi lille verd. Berre på Møhlenpris gjekk SV ned med 6,2% til 10% og Raudt ned 5,1% til 8%. Det er altså min flotte, raude bydel eg snakkar om. No har eg rett nok alltid vore eit utskot og hatt ein hang til motkulturprosjekt osv. Mållaget, Kvinnefronten - ikkje nett massekultur i alle fall så eg ville neppe trivdes med å stemma i medvind (reint bortsett frå då vi vann EU-kampen sjølvsagt.)

Med mange vener i Sp er eg nesten betre stemt for dei enn for Ap, men eg er altså glad for Raud/grøn-regjering, og ja, Stoltenberg gjorde ein god jobb 22. juli. Får litt kjensla av Gro og Kåre-æraem reint bortsett frå at det no er Jens og Erna. Dei har til saman over 70% av stemmene så det er ikkje så mykje att til resten. Kjedeleg!

Vel, vesten er som de ser ikkje så avansert. 60 masker på pinne 12. Ved deling er det 17 på kvart framstykke og 26 bak. La også opp 17 nye masker til kvart erme og felte med raglanfelling.

Litjpia ropte Jippi då ho høyrde eg skulle strikke til ho og er nøgd med "Hello Kitty"-knappane eg fekk frå Monstermønster.

Håper på betre tider ved neste val!
(som de ser så er ikkje Litjpia heilt nøgd ho heller)

4 kommentarer:

  1. Nei, det var ikke rare valgresultatene her i byn. Verst var likevel valgdeltakelsen, syntes jeg. Nå som vi skulle vise ansvar og støtte demokratiet, så var det så sinnsykt mange som ikke sa noe i det hele tatt. :-(

    SvarSlett
  2. Enig med deg i at det ihvertfall er en GLEDE at frp har gjort et skralt valg....
    Så fint at du bruker buksa, da:) Gode jenta!!!

    SvarSlett
  3. Kjempefin og arti vest!
    Arti med strikketøy som går fort unna.

    SvarSlett
  4. Det er alltid godt med noko lettstrikk når ein er lei av det store hovudprosjektet. Berre ikkje gjer som meg og legg det i skuffa, då vert det aldri ferdig! Eg held endelig på å gjere ferdig ein body eg starta på i mars. Ting tar tid!

    Stine

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails