Sider

onsdag 24. februar 2010

Bunad til småjentene/traditional dresses for the girls


Litjpia skal jo få grøn, strikka trønderbunad av bestemor si til 17. mai. 

Eg har tatt på meg oppdraget å laga bunad til besteveninna og naboen til litjpia. Dei er som to erteris, og når litjpia vakner eller livet går ho i mot så roper ho alltid på veninna si.

Eg må seia det finst grueleg mykje stygt som går under namnet strikkebunad for ungar.

Men til slutt fann vi ein vi tykte var fin. Den er frå Raumagarn og har oppskriftsnr 3082. Dei på Husfliden meinte han var ein kopi av austfoldsbunaden, og han er ikkje heilt ulik. 

Fin vert han nok i alle fall til vakkerdokka med det flammande raude håret.

My little daughter will have a traditional dress from Trøndelag for 17th of May knitted by my mother. Now I have volunteered to knit a traditional dress for her little best friend and neighbour. This one is a design by Rauma and looks a bit like the traditional dresses from the south eastern part of Norway.

2 kommentarer:

  1. A propos Litjpia eller gud veit:

    I natt drøymde eg at eg sende ein pakke i posten til deg. Den pakka inneheldt gamalt innpakkingspapir (hovudsakleg julepapir) som eg hadde samla på, men som eg skjønte at eg ikkje kom til å bruke fordi eg ikkje er kreativ nok. Men så kom eg på den gode ideen at eg skulle sende dette papiret til deg, fordi du sikkert ville kunne kome til å bruke det til noko. Då eg hadde sendt det, fekk eg melding om at du var gravid. Då vart eg veldig glad og bestemte meg for å reise og vitje deg. Men før eg kom så langt, fekk EG ei pakke i posten av DEG, som bestod av to pakker med kontaktlinser (minus 2.0, berre ein halv mindre enn kva eg faktisk brukar, så då vart eg òg glad for at det trefte så godt), dessutan eit par slike små sjokoladar som ein får på flyet til kaffien. Det syntest eg var ei mykje flottare gåve enn det eg hadde sendt til deg, så eg fekk sporenstreks svært dårleg samvit og tykte det såleis vart litt ekkelt å besøke deg. Så fekk mannen min ein telefon om at barnet ditt var kome, og det var ein gut, og han skulle heite Atkins, uttale: Ætkins. Det tykte både eg og mannen var eit forunderleg namn. Og så var draumen slutt.

    Veit ikkje om dette passa som bloggkommentar, men han har jo litt med handarbeid å gjere.

    Eli

    SvarSlett
  2. Ha, ha, ha, så fantastisk Eli! Veldig mange gode gåveidear. Eg sit på internettcafe av di maskina mi på nytt er på service, men no går dei i alle fall grundig igjennom ho. Takk og lov for apple care. Ætkins er ikkje øvst på lista nei så du er nok ikkje sanndrøymt ;-).

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails