Sider

tirsdag 10. januar 2012

Prikk på prikk


Gallery of Modern art i Brisbane har ei eiga avdeling for barn. Der har dei også denne fantastiske interaktive utstillinga. Du er med på å laga han. Litjpia fekk eit ark med prikkar i raudt, gult, blått og grønt. Ho sprang rundt og klistra over alt. På førehand var rommet spraymåla kvitt, også plantane. Ein utruleg flott effekt. Kunstnaren er Yayoi Kusama frå Japan. Ho ser ut til å elska prikkar.

Utstillinga i Brisbane heiter Look now - See forever.



I etasjen under har dei ei permanent utstilling for barn der dei også kan utforma sine digitale blomsterrom i tillegg til den faste instillasjonen.

6 kommentarer:

  1. Aw! Fantastisk Mette! Verda er liten. Og denne utstillinga må ha vore eit eventyr både for liten og stor! Så artig at de faktisk VAR der!

    Og godt nytt år til deg!
    Klem

    SvarSlett
  2. Vitlejenta har fint skjørt på det biletet, gitt!

    SvarSlett
  3. Var dere der?
    Kult!

    Har sett disse bildene flere steder på nettet i det siste. Må ha vært morro å oppleve det for litjpia og storpian! :)

    Siw

    SvarSlett
  4. Så utruleg kult!!! Sånn vil eg ha i Noreg!

    SvarSlett
  5. Så herlig bilde! Ser ut som lillejenta koste seg, virkelig! Må være et eldorado for alle oss fargeglade.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails