Sider

torsdag 28. april 2011

Småstrikk


Været er utruleg vakkert og lite strikkeinspirerande for tida, men ei god veninna har nett fått verdast finaste gut. Det er inspirerande. 

Ho meiner at ein overdriver ullbruken på små ungar og at dei godt kan få lov til å ha på seg bomull.... Det er altså barnelegen si tilråding (ho er barnelege) så då måtte eg finna noko anna enn ull. 

Eg har funne noko garn i ei restekorg som eg trudde var bomull, men det viste seg å vera 50% bomull og 50% bambus. Veldig mjukt og deilig er det i alle fall og heiter Luna frå Løve garn. Modellen er den same hjelmlua som alltid, men vesleguten har meir i vente.

Dei siste dagane har vi levd i Nygårdsparken saman med studentane og russen. Litjpia har allereie lært kva russekort er. Herleg, herleg med vår.

tirsdag 26. april 2011

Oppskrift på livmorstrikk

Tok ein sjekk på friends projects på Ravelry og fann oppskrift på livmor med eggstokkar hjå min kollega Ingrid. Biletet har eg lånt frå Ingrid på Ravelry
Herleg. Kanskje ikkje den anatomisk sett riktigaste modellen, men no kan du altså enkelt strikka deg ei livmor. Det spørs om ikkje det vert gåva for gynekologen som har alt.
Her finn de i alle fall oppskrifta.
I tillegg har Judith gjort meg merksam på ein strikka versjon av hjernen. Den finn ein blant mange andre versjonar på Museum of Sicientifically Accurate Fabric Brain Art

søndag 24. april 2011

Anatomisk strikk


Som sagt før så er eg fan av kunstprosjekt på anatomi og kropp. Denne gongen kom eg over ein strikka versjon av mage-tarm-traktus. Spiserør, magesekk, lever, galleblære, tynntarm og tjukktarm. Slettes ikkje verst. På denne bloggen får du nærare kommentert innhaldet i strikkeanatomien.

Det har vore lite foto i påska. Fantastisk vær, sjuk litjpi, mykje kos og no nærmar Still light tunikaen seg å vera ferdig. Strengt tatt er det ikkje ein tunika, men ein kjole. Eg nærmar meg no ferdig med fyrste ermet. Med det været vi har for tida så er det vel helst eit plagg for neste vinter. Kan jo ikkje håpa på litt kalde dagar berre slik at eg skal få nytta den nye kjolen....

søndag 17. april 2011

Jøss, finalist

Eg likar godt Moseplassen sin hageblogg. Ho har stadig vekk fotokonkurransar. Denne gongen var det Frøken vårtegn. Eg er ikkje nokon superfotograf, men tykte dei vidunderleg vakre blåveisane våre som har gledd oss frå februar til fram til for ei vekes tid sidan fortende litt merksemd. Eg sendte difor inn dette bildet.

No viser det seg at det har vorte ein av 14 finalistar blant 70 deltakarar. Det må eg jo seia eg er nøgd med. Veldig hyggeleg dersom nokon vil inn og stemma på blåveisen Frøken Viljesterk her og eller nokre av dei andre.

Striped study shawl


Då vart eg ferdig med sjalet frå Veera og 100% rain. Det er faktisk både finare og meir hendig enn eg hadde venta. Eg lurte litt på korleis den usymmetriske forma ville ta seg ut i praksis, men det viser seg at det er mykje lettare å slenga rundt halsen enn vanlege sjal. I tillegg har ein ikkje den lange flappen hengande ned foran. Ein absolutt favoritt.

Garnet er "restegarn" frå Oleana og Shetland soft frå Malsen og Mor.
Det har vel gått med omlag eit halvt nøste av kvar av Shetland soft. Gler meg over at det visst nok skal verta mjukare og mjukare ved bruk.


Det er regnfullt og ikkje dei beste lysforholda for tida så bileta kunne vore klårare, men det er jo i utgangspunktet ganske så klåre fargar i skjerfet. Det er altså tre raudfargar og beige. Kven skulle tru at eg skulle hiva meg på beige. Eg er meir ein raud enn ein beige person, men den er fin å kombinera med andre fargar for min fargepallett. Hi, hi, eg har jo vore på fargeanalyse må vita. 

fredag 15. april 2011

My uterus


Eg sit og lagar undervisning til medisinstudentane og søker rundt på nettet etter illustrasjonar. Det er utruleg artig. Temaet er "Myoma uteri" også kalla muskelknutar på norsk, og dei sit stort sett i uterus (livmora).

Har litt dilla på kunst som illustrerer sjukdom og kroppsdelar. Det finst ganske mykje av det. Ikkje minst når det gjeld svangerskap også når svangerskapet endar i ein spontanabort.

Men denne gongen er eg altså på utkik etter livmora. Då fann eg denne strikka varianten av Leonid Tishkov.

Det er altså livmora med egglederane ut som armar som så held på eggstokkane.


Denne tatovering er jo då ei bra illustrasjon på korleis ho ser ut rett innafor reint bortsett frå at ho har overdrive storleiken litt og at alt sit lengre ned. Ganske uforståande for meg at ho vil gå rundt med det på magne, men folk har så mange ønsker og preferansar.

tirsdag 12. april 2011

Ikkje halsbrekkande

I staden god varme og halspleie. Sjølv om våren no er i anmarsj så har vi vel ale lært at ein skal passa seg for den skarpe lufta. 

Dette er enkle saker. 40 masker på pinnen. 6 riller og så rettstrikk på dei ytste 6 maskene på kvar side før ein avslutter med 6 riller. På dei siste 6 rillene laga eg 4 kanppehol (strikka 4 masker, 2 masker av, strikka 8 masker 2 masker av osv. Avslutta med 4 masker. På neste omgang la eg opp to masker over kvart knapphol.)

Knappene fann eg i restekorga til Knappehuset i Bergen. Dei hadde berre att ein av kvar farge. Opprinneleg hadde eg tenkt med 4 gule knappar, men det viste seg å vera vanskeleg å finna i rett storleik. Så då vart dette alternativet.

Garn: 3- 4 nøster Cortina, Sparkjøp
Pinnar: 7

søndag 10. april 2011

VÅR - livet er herleg


Endeleg kom våren. Trudde han skulle koma litt meir i går, men i dag har det vore varmt og deilig. Så då er trappa på Tysse innvigd for sesongen og årets fyrste trappemåltid fortært. Enkel kost som vanleg, men fantastisk utsikt ned til sauene som vandrer rundt berre nokre få meter frå oss. 


Sauene har vore på Askøy i vinter, men no er dei heldigvis tilbake. Nokre få lam har så vidt sett dagens ljos også, men dei fleste er ventande i påskeveka. Det er så utruleg rørande å sjå desse ustøe små lamma som stavrar seg avgarde.

Elles har vi vore på god gamaldags basar med åresal i Lihalli i dag. Det var skikkeleg nostalgisk, mykje folk, utruleg billege kaker (5 kr) og eit utal av premiar.

fredag 8. april 2011

Strikker trottig på


Still light tunikaen veks. No skal eg snart byrja med lommene. Det går i grunnen ganske radig unna. 

Dei siste dagane har eg også vore på eit par konferansar/seminar og då har eg strikka på det skeive study shawl til same designer Veera og då har eg nytta litt gamalt garn eg kjøpte på Oleana i tillegg til nokre av dei Shetland soft nøstene de såg i førre innlegg. Ikkje overraskande for meg sjølv i alle fall så vart det raudtonane som vann igjen. Det kjem snart bilde.

I helga er det meldt godt vær på Vestlandet så no set Litjpia og eg nasen mot Tysso for litt avslapping og hagearbeid.

GOD HELG!

tirsdag 5. april 2011

Garnsnoping


Ei lita tid tilbake klarte eg endeleg å kjøpa litt shetland soft frå Malsen og Mor. Monstermønster reklamerer stadig for dette garnet så eg hadde fått god lyst til å kjøpa det. I det eg var i ferd med å kjøpa det såg eg i tillegg at dei held til i Bergen.

No lurer eg på om eg skal nytta noko av dette garnet til Veeras Striped study shawl. Sjalet er litt skeivt i forma og elles enkel rillestrikk med striper. Av og til er det enkle best.

mandag 4. april 2011

Award

Eg har fått ein "Liebster blog award" frå Lindastrikkerier. Det er ein award eg lett kan klare å oppfylla for den er for bloggar med under 100 følgarar, og det einaste eg skal klare er å finna fem andre bloggar eg liker med mindre enn 100 følgarar. Målet er å spre informasjon om ulike bloggar. Eg er diverre himla dårleg til å svara på spørsmål og utføra utfordringar, men dette er berre hyggeleg. Tusen takk Linda!

Blogger eg gjerne vil nemna og gje awarden vidare til er:

Hjertelill som syr og lager utruleg mykje fint og fortel om alt det kreative ungane ho har på skulen tar seg til i tillegg til at ho har tre fine gutar inkludert ein av kompisane til Litjpia frå Addis.
Ragnhild sin stad som driv med kvardagsblogging i tillegg til diverse strikke- og syprosjekt. 
Maskeball som strikker mykje flott.
Strikk handknits sør-afrikansk med norske aner som bur i London, strikkar mykje og med mange flotte bilder og andre inspirasjonskilder.
Citronmoster med fargerike strikkeprosjekt nede i Danmark.

Ein liten oppdatering: Sidan eg er så dårleg til det med awards og utfordringar så fann eg no denne logoen om award fri blog hjå Citronmoster (som eg då hadde klart å senda ein award til... øh). Den passer meg veldig bra. Eg syns det er veeeeeldig hyggeleg å få ein award, men får litt hjartet i halsen kvar gong så då er det kanskje greiast å styra unna.

A "Liebster blog award" from Lindastrikkerier. An award I finally can manage to fulfill since the only thing I have to do is find other 5 blogs with less than 100 followers that I like. The gole is to promote other blogs. I am terrible at challenges but this one I managed. Thank you Linda.

Just found this award free blog logo on Citronmoster blog (after having given her an award....). That is definitely the solution for me. I like people thinking of my blog but I am awful when it comes to actually doing something about them so I guess I am better off with no such attention.




fredag 1. april 2011

Frøken viljesterk

Rett nok har eg vist bilder av blåveisen i hagen vår før, men no har det seg slik at Moseplassen har ein konkurranse om Frøken vårtegn 2011 og då tenkte eg at den fantastiske vårgaven vi har i hagen som har gitt meg håp om vår i to månader allereie fortente ein sjanse. 

Eg har kalla ho for Frøken viljesterk av di ho allereie har trassa snø, vind og blæst for å vera her og har ikkje vist noko teikn til å bukka under eller gi etter for naturens alle prøvelser. Tua vert ikkje mindre med åra, og ho står der og gleder både oss i bygården og naboar som vandrer forbi. For tida utgjer sambygdingane hennar og ho eit vakkert teppe, og er vi heldige så held dei til påske.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails