Sider

fredag 15. april 2011

My uterus


Eg sit og lagar undervisning til medisinstudentane og søker rundt på nettet etter illustrasjonar. Det er utruleg artig. Temaet er "Myoma uteri" også kalla muskelknutar på norsk, og dei sit stort sett i uterus (livmora).

Har litt dilla på kunst som illustrerer sjukdom og kroppsdelar. Det finst ganske mykje av det. Ikkje minst når det gjeld svangerskap også når svangerskapet endar i ein spontanabort.

Men denne gongen er eg altså på utkik etter livmora. Då fann eg denne strikka varianten av Leonid Tishkov.

Det er altså livmora med egglederane ut som armar som så held på eggstokkane.


Denne tatovering er jo då ei bra illustrasjon på korleis ho ser ut rett innafor reint bortsett frå at ho har overdrive storleiken litt og at alt sit lengre ned. Ganske uforståande for meg at ho vil gå rundt med det på magne, men folk har så mange ønsker og preferansar.

3 kommentarer:

  1. Ja , man undre sig nogle gange over folks ønsker ,og valg . Kiggede lige på din anden blog , kussomaten som du skriver om , den var meget besøgt...:-))

    Så for nylig en dokumentar fra et sted i Afrika , hvor man var begyndt at 'lære' sygehjælpere op i at foretage kejsersnit på fødekliniker , idet mange kvinder ellers ville dø pga lægemangel , meget interessant .

    God påske

    SvarSlett
  2. Ja eg veit ikkje kva eg tykjer om den tatoveringa. Lite fint spør du meg. Men den strikka livmora den var fin. Utruleg kva folk brukar tid på:) Eg er ikkje så produktiv som det ser ut til. Eller kasnkje litt :) Har ein del ting liggande som ikkje er ferdig, som berre manglar litt. Og har liggande ting som er ferdig men ikkje blogga. Så når det då kjem fleire innlegg dag etter dag, så kan eg virka veldig produktiv. Men du skal vita da at det er ikkje mykje rydding og vasking eg driv med. Stort sett berre striking. Ha ei fin påske, klem frå nattevakta.

    SvarSlett
  3. Ha,ha, ha, Linda, ja, det siste kjenner eg meg att i. Snart finn hybelkaninane vegen inn i strikketyet.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails