Som sagt før så er eg fan av kunstprosjekt på anatomi og kropp. Denne gongen kom eg over ein strikka versjon av mage-tarm-traktus. Spiserør, magesekk, lever, galleblære, tynntarm og tjukktarm. Slettes ikkje verst. På denne bloggen får du nærare kommentert innhaldet i strikkeanatomien.
Det har vore lite foto i påska. Fantastisk vær, sjuk litjpi, mykje kos og no nærmar Still light tunikaen seg å vera ferdig. Strengt tatt er det ikkje ein tunika, men ein kjole. Eg nærmar meg no ferdig med fyrste ermet. Med det været vi har for tida så er det vel helst eit plagg for neste vinter. Kan jo ikkje håpa på litt kalde dagar berre slik at eg skal få nytta den nye kjolen....
Oi, oi, oi, herleg! :)
SvarSlettHei Mette. Denne vil du like, en strikket hjerne http://www.telegraph.co.uk/news/newstopics/howaboutthat/4245919/Psychiatrist-knits-anatomically-correct-woolly-brain.html
SvarSlettHilsen Judith
Fantastisk Judith! Det er utruleg kva nokon tar seg tid til og får til. Like rotete og uoversiktleg som hjernen sjølv. Då eg i si tid las til anatomieksamen så hadde eg klart å gløyma hjernen heilt til eg hugsa det helga før eksamen. Heldigvis kom eg ikkje opp i hjernen....
SvarSlett