Sider

onsdag 24. februar 2010

Bunad til småjentene/traditional dresses for the girls


Litjpia skal jo få grøn, strikka trønderbunad av bestemor si til 17. mai. 

Eg har tatt på meg oppdraget å laga bunad til besteveninna og naboen til litjpia. Dei er som to erteris, og når litjpia vakner eller livet går ho i mot så roper ho alltid på veninna si.

Eg må seia det finst grueleg mykje stygt som går under namnet strikkebunad for ungar.

Men til slutt fann vi ein vi tykte var fin. Den er frå Raumagarn og har oppskriftsnr 3082. Dei på Husfliden meinte han var ein kopi av austfoldsbunaden, og han er ikkje heilt ulik. 

Fin vert han nok i alle fall til vakkerdokka med det flammande raude håret.

My little daughter will have a traditional dress from Trøndelag for 17th of May knitted by my mother. Now I have volunteered to knit a traditional dress for her little best friend and neighbour. This one is a design by Rauma and looks a bit like the traditional dresses from the south eastern part of Norway.

mandag 22. februar 2010

Lydbok er redninga/audibooks are my rescue

Det er sørgeleg lite lesing for tida sidan eg sit med hendene i eit strikkety det meste av kvelden. No er DVD-samlinga endevendt minst ein gong og eg har vore igjennom The Wire, Mad Men og House. Nett-TV er ein fin ting for oss som ikkje har TV-signal (ikkje eit politisk standpunkt, men noko som skjer når ein trur at ein har avtalegiro med Canal Digital, hiver alle breva som kjem frå dei av di ein trur det er reklamen for så å vakna opp ein dag til svart skjerm og skjøna at breva var purringar og at avtale giroen ikkje eksisterte), men det er lite å sjå på TV'n for tida. Alt dreier seg om OL, og det gidd eg ikkje. 

Så då oppdaga eg biblioteket på nytt og lydbøker. Slettes ikkje verst. Så langt har eg høyrt på Gisken Armand som les Salvadorena av Cecilia Samartin og Hjulskift av Vigdis Hjorth.

Salvadorena var ganske så "lettlest" med forutsigbar slutt som så mange "page turners" med ei romantisk historie. Starten på historia frå borgarkrigen i El Salvador var den beste og mest spennande delen. 

Hjulskift derimot var artig med mange gode miljøskildringar. Eg likte godt delen frå ein middag hjå kollegaen hennar - eit studie i pretensiøs middelklasse/akademikar-kultur. Sikkert mange som kan kjenna seg att her. Løp og les!

Sadly the books I have read the last year are rare. Especially after my entire time is devoted to knitting. I have seen my collection of DVD's plenty of times and due to some stupid misunderstanding on my behalf I am now without TV. So what to do? Finally I headed for the library and have now started on audiobooks which is perfect for a knitter. So far I have heard Salvadorena by Cecilia Samartin and a book by a Norwegian author called Vigdis Hjorth.

fredag 19. februar 2010

Babyvest og sokkar/ Baby vest and booties

Posted by Picasa

Hadde lyst til å strikka noko anna enn vesten til Nøstebarn så då fann eg lille livstykke hjå Isager via Siripirisiri. Den gjekk både raskt og lett å laga i totråds ullgarn. Eg brukte av det garnet eg har kjøpt hjå Oleana.

For fyrste gong har eg også strikka eit par babysokkar etter oppskrifta til Ullent eventyr som eg fann på Ravelry. Dei var enkle å strikka og lett å følga oppskrifta. Ser at eg ikkje skal nytta ribbestrikk på fotrygg og fotbladet neste gong, men perlestrikk tykte eg gjorde seg.

There is always new kids coming into the world and a vest and booties makes a nice present. This vest I found is from the Danish blog Isager. It was easy an quick to knit. The booties I found on Ravelry and you can find it in English from the designer Ullent eventyr.

tirsdag 16. februar 2010

Herlege 50-talet/ The lovely 50'ies

Eg har verdas beste naboar både over og under. 

I etasjen under bur Wenke. Vi har klart å adoptera ho som bestemor til litjpia. Dei fleste har jo i utgangspunktet to bestemødre og no har også litjpia fått si bestemor nr 2. 

Besta (altså Wenke) er også ein superstrikkar av rang, og det er kanskje ikkje ei sjel i Narviksområdet som ikkje eig eit plagg som ho har strikka. I tillegg så har ho sydd ein heil masse i si tid og har også ein vev som ho håper snart kan koma opp og stå.

No har eg også fått låna av besta sitt mønsterarkiv. O'la,la. 

Her er det mykje inspirasjon å henta. 
Diverre har eg ikkje noko scannar så de må ta til takke med foto av heftene.

Noko av det beste er jo bilettitlane. Dette heftet frå 1957/58 er min store favoritt.

Sjekk desse overskriftene:
Se hva mamma har laget.
Våre forfengelige små døtre (er det dei eller vi som er forfengelege?)
Korrekt og kokett (ein vinnar spør du meg)
Ramsalt sjø og lys sommerkveld

I have perfect neighbours. We have adopted the woman downstairs as a grandmother. She is a knitaholic with a huge production of wonderful mittens, jumpers, dresses etc. She also used to sow and weave. It turned out she also has this wonderful collection of old patterns that she lend to me from the 50'ies. Have a look! Unfortunately I don't have a scanner and had to photograph the pages instead. 

søndag 14. februar 2010

Noko til meg sjølv/ something for myself


Tenkte det var på tide med noko til meg sjølv, og eit litt større prosjekt. Tenkte det kom til å ta laaaang tid med tynt garn og små pinner til denne store kroppen, men det gjekk overraskande raskt. Sidan ermer er noko herk så starta eg med dei. Eg er heller ikkje så veldig glad i 5-pinner. Helst burde alt kunne strikkast på rundpinne.


Kanten på ermet er inspiert frå Myk start si gamaldags omslagstrøye som eg har strikka før. Det rosa garnet er frå nøstebarn og eg har kanskje brukt ca 60-70g. Diverre har eg ikkje noko vekt så meir nøyaktig vert det ikkje og eg strikka det på pinne 3. 

Sjølve bolen er strikka i dobbelt garn frå garnet et kjøpte hjå Oleana. Det er ei aning tynnare enn totrådsgarnet til Nøstebarn. Her brukte eg pinne 4,5.

Sidan eg hadde to tjukkelsar i garn og pinnar så brukte eg same masketalet heile vegen. Eg byrja med 250. Det burde vera fint både til large og xl. Til medium ville eg brukt 200. Ribbekanten er 15 cm og den grå delen av bolen før raglanfellinga er 40 cm.

Til ermene la eg opp 120 og strikka fram og til bake til det vart 3 riller. Så strikka eg to og to saman slik at det vart 60 masker og fortsatte i ribbestrikk 20 cm. Då eg gjekk over til det doble oleanagarnet auka eg til 120 masker igjen og strikka nye 20 cm.


Så strikka eg heile greia saman og byrja på vanleg raglanfelling. Sidan eg hadde så mange masker felte eg ein del ekstra masker over ermene som gir ein lett puffermetendens. Eg angrar litt på at eg ikkje hadde litt meir is i magen og i alle fall felte 10 masker mindre her slik at heile genseren hadde vorte i alle fall 5 cm lengre. Då hadde den vore litt meir eigna til ein slags kjole også. Vel, vel det er slike erfaringar ein skal gjera seg. Etter 15 cm med raglanfelling sette eg av 30 masker til halsen midt på og felte 3+2+2+1+1+1 i kvar side av halsen. Sså strikka eg vidare 5 cm med raglanfelling. Då rekna eg arbeidet som ferdig og bytta til det rosa nøstebarngarnet, plukka opp masker langs halsen samt dei 30 maskene fortil og strikka 4-5 cm halskant.


I finally knitted something for myself and it went much faster than I thought it would. Since I made up the pattern as I went I had to make some slight adjustments to the original plan and in the end I think maybe I chickened out and should have stayed put to the original plan. I love these sleeves which are inspired from Myk start and their Gamaldags omslagstrøye

lørdag 13. februar 2010

Garnbyte

I dag hadde eg den gleda å møta Lise frå Lises hobbyblogg. Ho har etterlyst noko oransje garn til eit sjal ho held på med sidan Pickles hadde fått inn ny variant av appelsin - altså av garnet abuelita baby merino. Til alt overmål så hadde eg nett eit slikt nøste ho trengte liggjande. 

Så no har vi gjort eit garnbytte. Eg fekk restenøstene hennar i rosa, raudt og lilla. I tillegg hadde ho laga ei veldig fin veske til litjpia så no er eg i grunnen litt beskjemma over alt eg har fått i hus i byte mot eit skarve nøste. Huff, så kjekt som ei gamal dame eg kjende ofte sa. 

Litjpia har allerei kost seg over veska, prøvd den på og oppdaga at den til og med hadde lommer inni. Det var stas.


I had the delight of meeting Lise from Lises Hobbyblogg today. She was in need of some yarn from Pickles that I happened to have. They have a new stock and the colour is absolutely different. It turned out I was the lucky one. In return I got her left over yarnes in purple, pink and red and she had also made a bag for my little girl. Slightly ashamed and delighted. My little girl loved the bag and the pockets she found on the inside.

tirsdag 9. februar 2010

Kjøkenklutar av rein silke - kitchen cloth in pure silk

Fann dette garnet i rein silke i ei restekorg i haust. Ved kjøp på meir enn 10 nøste var det berre ti kroner stykket så eg klarte ikkje å dy meg. Etterpå har eg vore skikkeleg i beit på kva eg skulle laga av alt dette garnet.



Men no har eg forsøkt meg med kjøkenklutar. Dei virkar i alle fall å trekkja til seg fukt for det er mest som om hendene vert tørre berre av å ta i garnet.

Lekre tykte eg i alle fall dei vart (om eg skal seia det sjølv he, he). "Vårsola" byrjar så vidt å visa seg og fuglane kvitrar så fint, men ljoset virka nok sterkare enn det som rett var.

Oppskrifta er som før 40 masker og 25-30 cm.



I found this pure silk yarn for sale last autumn and couldn't resist it. Frankly I wasn't shore what to use it for but now I have ended up by knitting kitchen cloths. They seem to be useful for my hands feels all dry after just holding the yarn.

40 stitches 25-30 cm in all different patterns and you have yourself a cloth.

mandag 8. februar 2010

Vinterland - winter at the cottage

Endeleg kom eg meg ut til huset mitt på Tysso. Grunna ei litt ambisiøs utfordring i august/september så tok eg skrekken og rømte til byen. Eg hadde berre vore mor i 6 veker og var åleine i regnet med litjpia på hytta. Den staden som fløymer over av sosiale folk utanfor butikken i godvær på sommaren virka heilt forlatt, jenta surna og eg fekk panikk. Takk til kjære Wenche og Don for å berga meg gjennom dagen.

Denne gongen derimot er eg velbefarne mor og i godt selskap av ei veninne. Det var utruleg herleg å koma ut igjen. Veldig hyggeleg å snakka med naboar og Ty på butikken.

Det einaste skåret i gleda var at røra var sprekt så det sto eit fontene på kjøkenet og ei på badet. Heldigvis virka det som det nett hadde skjedd så eg trur ikkje det vert varige vasskader. Litt hell skal ein visst ha.

Vi koste oss på akebrett og ein halvferdig "snøskulptur" (det skal vera ei ferm dame).


Sidan vatnet var avskrudd gjekk vi nostalgisk over til å smelta snø i tillegg til vatnet vi fekk frå Ty på butikken.

Kjære Tysse, eg lover å koma heim att igjen om ikkje så lenge.

I finally managed to go out to my country cottage again. It was lovely to be back and talk with everybody. The only down fall was the broken water pipes due to ice. I had forgotten to leave some heat on when I left in September. We made go by melting snow and the contribution from our local merchant.
Dear Tysse I promise to come back soon.

søndag 7. februar 2010

Kaffe Fassett - Long leaf coat


Mor mi byrja på dette prosjektet for lenge sidan. Då det vart for tungt å vanskeleg å ha med seg på nattevakt så stranda det i ei stor korg. Etter ca 7 års pause gjorde ho det endeleg ferdig. 

No er kåpa i bruk som eit vanvittig herleg og varmt plagg på hytta mi på Tysso. Det er ei dame i England på Ravelry som no held på med same kåpa, og eg har lova ho bilde. 

Det er dessutan eit fantastisk fargesprakande plagg og ei utfordring å strikka. Sjølv driv eg helst med modifiseringar av Kaffe Fassett. Det vil seia grove forenklingar.

My mother started this project ages ago but when it grew impossible to take on to her night shifts it hibernated. After about seven years it came out of the basket and was finished. It is now used as a blanket and as you can see a coat at my country cottage. It is wonderful and very warm.

A woman in England on Ravelry is knitting this coat and I have promised her some photos. Enjoy the colorful display.


Posted by Picasa

fredag 5. februar 2010

Kunsthandtverk og kongress i Thailand



Rett etter at eg kom heim frå kongressen "The first international congress on women's health and abortion" så streika mac'en min. Etter 10 dagar på service er den endeleg heime igjen.

Trass i at eg budde i 36. etasje så tok ei utal av ørsmå insekt bustad i mac'en min. Til slutt fann eg ut at det dreide seg om maur. Det er ikkje få fantasiar eg har hatt om at grunnen til kollapsen skuldast syreangrep frå desse myrene på den finstilte elektronikken.

Det er utruleg kor handicappa ein vert når ein er offline.

Eg orka ikkje å handla så mykje ute i Bangkok - eg orka eigentleg ikkje å reisa så mykje rundt denne gongen. Gjekk meg ein tur i eksosen og fekk ikkje gjort så mykje anna enn pedikyr, manikyr og massasje. Vel verdt pengane var det i alle fall.

Men om ikkje vi kjem til marknaden så kom marknadsfolka til oss. Det var rikeleg med boder som selde thailandske produkt inne på kongressen.

Tidlegare har eg vore på kongress i Chiang Mai og då kjøpte eg meg eit skjørt med dei typiske mønstra og broderia frå nord. Dei er utruleg flotte. Denne gongen vart det vesker og ei dokke. Oh, glede.

Eg elsker dei fargane. I kollagen finn de meg saman med ein nepalesisk kollega midt inne blant alle broderia.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails