Sider

søndag 14. februar 2010

Noko til meg sjølv/ something for myself


Tenkte det var på tide med noko til meg sjølv, og eit litt større prosjekt. Tenkte det kom til å ta laaaang tid med tynt garn og små pinner til denne store kroppen, men det gjekk overraskande raskt. Sidan ermer er noko herk så starta eg med dei. Eg er heller ikkje så veldig glad i 5-pinner. Helst burde alt kunne strikkast på rundpinne.


Kanten på ermet er inspiert frå Myk start si gamaldags omslagstrøye som eg har strikka før. Det rosa garnet er frå nøstebarn og eg har kanskje brukt ca 60-70g. Diverre har eg ikkje noko vekt så meir nøyaktig vert det ikkje og eg strikka det på pinne 3. 

Sjølve bolen er strikka i dobbelt garn frå garnet et kjøpte hjå Oleana. Det er ei aning tynnare enn totrådsgarnet til Nøstebarn. Her brukte eg pinne 4,5.

Sidan eg hadde to tjukkelsar i garn og pinnar så brukte eg same masketalet heile vegen. Eg byrja med 250. Det burde vera fint både til large og xl. Til medium ville eg brukt 200. Ribbekanten er 15 cm og den grå delen av bolen før raglanfellinga er 40 cm.

Til ermene la eg opp 120 og strikka fram og til bake til det vart 3 riller. Så strikka eg to og to saman slik at det vart 60 masker og fortsatte i ribbestrikk 20 cm. Då eg gjekk over til det doble oleanagarnet auka eg til 120 masker igjen og strikka nye 20 cm.


Så strikka eg heile greia saman og byrja på vanleg raglanfelling. Sidan eg hadde så mange masker felte eg ein del ekstra masker over ermene som gir ein lett puffermetendens. Eg angrar litt på at eg ikkje hadde litt meir is i magen og i alle fall felte 10 masker mindre her slik at heile genseren hadde vorte i alle fall 5 cm lengre. Då hadde den vore litt meir eigna til ein slags kjole også. Vel, vel det er slike erfaringar ein skal gjera seg. Etter 15 cm med raglanfelling sette eg av 30 masker til halsen midt på og felte 3+2+2+1+1+1 i kvar side av halsen. Sså strikka eg vidare 5 cm med raglanfelling. Då rekna eg arbeidet som ferdig og bytta til det rosa nøstebarngarnet, plukka opp masker langs halsen samt dei 30 maskene fortil og strikka 4-5 cm halskant.


I finally knitted something for myself and it went much faster than I thought it would. Since I made up the pattern as I went I had to make some slight adjustments to the original plan and in the end I think maybe I chickened out and should have stayed put to the original plan. I love these sleeves which are inspired from Myk start and their Gamaldags omslagstrøye

5 kommentarer:

  1. Så fin! Du har jammen god tålmodighet når du setter i gang med - og fullfører et så stort prosjekt med tynt garn.

    SvarSlett
  2. Ja, det tenkte eg og, men det gjekk forbausande fort. Sannsynlegvis av di det berre var å strikka rundt og rundt i glattstrikk. Takk skal du ha :-). Dei ullkjolene dine er forresten veldig lekre.

    SvarSlett
  3. Den ble rålekker, Mette! Det ser unektelig ut som et drøyt arbeid. Ingen actionbilder?

    Så flott at vesken falt i smak!

    SvarSlett
  4. Denne var kjempeflott! Kjekt å strikke noko til seg sjølv også ein gong i blant :)

    SvarSlett
  5. Hm, actionbilder? Meiner du då på meg? Hyppig brukt i alle fall og takk for hyggelege tilbakemeldingar. Eg har også kome fram til at den har heilt rett lengde for strikk har jo ein tendens til å siga litt.....

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails