Endeleg kom eg meg ut til huset mitt på Tysso. Grunna ei litt ambisiøs utfordring i august/september så tok eg skrekken og rømte til byen. Eg hadde berre vore mor i 6 veker og var åleine i regnet med litjpia på hytta. Den staden som fløymer over av sosiale folk utanfor butikken i godvær på sommaren virka heilt forlatt, jenta surna og eg fekk panikk. Takk til kjære Wenche og Don for å berga meg gjennom dagen.
Denne gongen derimot er eg velbefarne mor og i godt selskap av ei veninne. Det var utruleg herleg å koma ut igjen. Veldig hyggeleg å snakka med naboar og Ty på butikken.
Det einaste skåret i gleda var at røra var sprekt så det sto eit fontene på kjøkenet og ei på badet. Heldigvis virka det som det nett hadde skjedd så eg trur ikkje det vert varige vasskader. Litt hell skal ein visst ha.
Vi koste oss på akebrett og ein halvferdig "snøskulptur" (det skal vera ei ferm dame).
Sidan vatnet var avskrudd gjekk vi nostalgisk over til å smelta snø i tillegg til vatnet vi fekk frå Ty på butikken.
Kjære Tysse, eg lover å koma heim att igjen om ikkje så lenge.
I finally managed to go out to my country cottage again. It was lovely to be back and talk with everybody. The only down fall was the broken water pipes due to ice. I had forgotten to leave some heat on when I left in September. We made go by melting snow and the contribution from our local merchant.
Dear Tysse I promise to come back soon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.