Sider

mandag 22. februar 2010

Lydbok er redninga/audibooks are my rescue

Det er sørgeleg lite lesing for tida sidan eg sit med hendene i eit strikkety det meste av kvelden. No er DVD-samlinga endevendt minst ein gong og eg har vore igjennom The Wire, Mad Men og House. Nett-TV er ein fin ting for oss som ikkje har TV-signal (ikkje eit politisk standpunkt, men noko som skjer når ein trur at ein har avtalegiro med Canal Digital, hiver alle breva som kjem frå dei av di ein trur det er reklamen for så å vakna opp ein dag til svart skjerm og skjøna at breva var purringar og at avtale giroen ikkje eksisterte), men det er lite å sjå på TV'n for tida. Alt dreier seg om OL, og det gidd eg ikkje. 

Så då oppdaga eg biblioteket på nytt og lydbøker. Slettes ikkje verst. Så langt har eg høyrt på Gisken Armand som les Salvadorena av Cecilia Samartin og Hjulskift av Vigdis Hjorth.

Salvadorena var ganske så "lettlest" med forutsigbar slutt som så mange "page turners" med ei romantisk historie. Starten på historia frå borgarkrigen i El Salvador var den beste og mest spennande delen. 

Hjulskift derimot var artig med mange gode miljøskildringar. Eg likte godt delen frå ein middag hjå kollegaen hennar - eit studie i pretensiøs middelklasse/akademikar-kultur. Sikkert mange som kan kjenna seg att her. Løp og les!

Sadly the books I have read the last year are rare. Especially after my entire time is devoted to knitting. I have seen my collection of DVD's plenty of times and due to some stupid misunderstanding on my behalf I am now without TV. So what to do? Finally I headed for the library and have now started on audiobooks which is perfect for a knitter. So far I have heard Salvadorena by Cecilia Samartin and a book by a Norwegian author called Vigdis Hjorth.

2 kommentarer:

  1. Lydbøker fra biblioteket har jeg begynt med også, så jeg tar med meg tipset om Vigdis Hjort. Jeg skal begynne på "Midtens rike" av Færøyvik. Tenkte at det kunne være ok å reise litt i "hodet" i det minste. :)

    SvarSlett
  2. Ja, lurer på om eg ikkje har lese den. Eg har i alle fall lese ei asiaskildring av han. Reiseskildringar er absolutt ikkje å forakte. No er eg midt i "Eg elska ho" av Anna Gevalda.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails