Sider

søndag 29. januar 2012

Bestakåpa


Verdas beste Besta har hengt over symaksina i dag. Snakk om å vera heldige. Litjpia var også veldig nøgd med kåpa si. Ho hadde vore med og tatt ut stoffet og fargevalet. Sto lenge ogs spegla seg. Det er eit godt teikn. Elles er eg redd ho kjem til å sjå på barndomstida si som eit langt husflidsmareritt med stadig nye heimespøta plagg. 

Ha ein god sundagskveld! Eg ser eg har mykje godt i vente når det gjeld nett-TV.

onsdag 25. januar 2012

Hekle og klippe

Fanaboleroen veks. No mangler eg faktisk berre å strikka ein kant, hekla kantar og brodera så er han klar. På vegen til det måtte eg klippa opp framme. Symaskina står på hytta så den er ikkje tilgjengeleg. Rett nok bur verdas beste Besta i etasjen under, men no hugsa eg plutseleg på at eg hadde sett at Vibekes lille ullne hadde link til korleis hekla kantar før ein klipper. Her finn de linken til hekleinstruksen. Puh, hjartet i halsen før eg klipte, men det ser ut til å ha gått bra. 


No skal eg berre spela litt meir wordfeud og så strikka litt i mellom slaga så vert det snart ei fanakofte å visa fram. Det er ikkje mykje bolero akkurat. Som sagt tidlegare tykkjer eg ikkje magepartiet gjer seg heilt i ein bolero lenger.

søndag 22. januar 2012

Gnistrande vakker vinter


Lukka i livet viste seg denne helga å vera vener med hytte på Kvamskogen. Snakk om herleg vintervær, Når ein er i Bergen så trur ein ikkje det finst noko som heiter snø, men berre ein time unna har ein altså vakre snødungar og ein halvmeter med laus nysnø. Eg er eigentleg ikkje nokon skientusiast, men dette smelta også mitt skihjarte. Litjpia derimot er ein skientusiast og har no byrja sin andre sesong på ski. Vi gjekk i alle fall 1 km i dag. Fiskebein og litt bakker er forsert og motet er på topp. Dette må vera genetisk for det er i alle fall ikkje sosialt betinga. Men som god nordmann..... så skjønar eg jo at eg får gje ho det ho vil ha så då må også skia mine fram. Dei har ikkje vore brukt på tre år. Hytteverten har vist seg som den sanna skientusiasten han er og har også sørga for at dei smørefrie skia mine har fått glider foran og bak. Øh, no skjøner eg kvifor dei har lugga tidlegare.

tirsdag 17. januar 2012

Knitting looms

 
For meg ser dette ut som den gamle fingerstrikkinga eller dei derre trådsnellestrikkegreiene ein laga ein gong i tida med fire spiker på ei trådsnelle. Men det ser altså ut til at dei finst også i større variantar og at folk lagar alt mogleg av slike looms. Berre sjekk denne nettstaden eller denne.

Dette seier dei om looms:
Knitting looms are simple weaving tools made of wood or plastic. Using a wrapping process, yarn is wound around the pegs of a loom to create rows of knitting. The process is simple, but the variety, shapes and sizes of looms are growing constantly as loom knitters experiment with their craft.
 Veit ikkje nett om eg syns det ser enklare ut enn strikking. Takke meg til ein rundpinne, men det er kanskje enklare for nybyrjarar. Vi kjøpte i alle fall ein loom med oppskriftsbok til niesa mi på 8 år.

søndag 15. januar 2012

Kunst for barn


Det er gøy når ein tar barn på alvor og lager kunstutstillingar for barn. Ofte vert det mykje interaktiv kunst som eg gjerne skulle sett meir av for vaksne også. Eg er ikkje sikker på om eg tykkjer denne utstillinga i Gallery of Modern Art i Brisbane har den beste. Den er veldig sukkertøyklissete, men for all del mykje fine detaljar å sjå på. I tillegg var det eit rom fullt av skjermar der ein kunne byggja si eiga verd etter inspirasjon frå denne utstillinga. Den størst og artigaste utstillinga for både store og små er nok den som eg nemnde i førre innlegg. Det er for så vidt eit døme på at store og små kan ha like stor glede av den same utstilling.

Men eg vil så absolutt seia hurra for Bergen Kunsthall sin Kunstlab for barn. Den er open fram til 08.09.2013. Her var det alt frå dei stre målarane til interaktiv kunst, fargelære, perspektiv, former med meir. Her skal vi gå fleire gonger, men eg tykkjer det er stivt med 100 kr for vaksne trass i at det er gratis for barn og trass i at same billett kan brukast på alle tre kunstmusea. Det er liksom ikkje så aktuelt for ein småbarnsfamilie å gå frå kunstmuseum til kunstmuseum.



På tampen vil eg ropa nok eit hurra for Bjørn Sortland si barnebok "Raudt, blått og litt gult". Det er som ein klassikar å rekna. Eg hadde vore på leit etter den, men så fekk vi den til jul. Litjpia vil gjerne lesa boka og då var det litt artig at vi hadde lese om Munch og Picasso i boka of fann bilete av båe to på Kunstlab.

tirsdag 10. januar 2012

Prikk på prikk


Gallery of Modern art i Brisbane har ei eiga avdeling for barn. Der har dei også denne fantastiske interaktive utstillinga. Du er med på å laga han. Litjpia fekk eit ark med prikkar i raudt, gult, blått og grønt. Ho sprang rundt og klistra over alt. På førehand var rommet spraymåla kvitt, også plantane. Ein utruleg flott effekt. Kunstnaren er Yayoi Kusama frå Japan. Ho ser ut til å elska prikkar.

Utstillinga i Brisbane heiter Look now - See forever.



I etasjen under har dei ei permanent utstilling for barn der dei også kan utforma sine digitale blomsterrom i tillegg til den faste instillasjonen.

mandag 9. januar 2012

Interchangeable needles


Når vi likevel var i handlemodus hjå Morris og Co i Sydney så lot eg meg freista til å kjøpa desse strikkepinnane frå KnitPro. Sidan prisen likevel sto i australske dollar så lukker ein augene og drar kortet. Det er litt som å handla med monopolpengar. Når eg fyrst var i gang så ville eg sjølvsagt ha eit lekkert etui også. Det eine tar det andre.

 

Settet har 8 par pinnar med 4 ulike lengdar kabel, nokre stopparar etc. Storleiken er 3.5, 4, 4.5, 5, 5.5, 6, 7 og 8. Eg har masse strikkepinnar som er 2.5 og 3 så det høvde bra med litt større pinnar. Kabelen er veldig fleksibel og rettar seg raskt ut. Garnet glir ikkje så aller verst glatt på pinnane heller. Den er ikkje like glatt som ein av metall, men heller ikkje så treig som bambuspinnane.



Ha ein fin kveld. Eg skal sjå krim. Deilig når det er dobbel dose - Broen og Taggart. Så får eg heller leva med at distriktsendinga på NRK direkte, Nett-TV er frå Austlandet.

fredag 6. januar 2012

Eksotiske fibrar


Sjå nøye på bilda og tenkj på kva det kan vera. Det ljosaste garnet er av eit lite dyr, og eg hadde aldri i livet tenkt på at ein spinn garn av denne ulla/pelsen. Det mørkt brune garnet derimot kan eg skjøna når eg ser ulla på dyret, men at det var sjå mjukt å deilig det hadde eg ikkje trudd.

Vi fann det på ein liten butikk ved Grovely station på the Ferny Grove line i Brisbane som heiter Yarn Over. Dei har ein nettbutikk også. Nett dette garnet kjem frå Lotus yarns som er eit kinesisk merke. Dei har spesialisert seg på naturlege fibrar og luksuriøse fibrar.

Den lyse er altså Mink - ja, nettopp - 100% mink. Det er deilig og mjukt. No drøymer eg om å finna eit mønster på noko som ser ut som ein mink stola.

Den andre er tibetansk yak. Det er tynnare og supermjukt, litt som cashmere som er det blå garnet.

Nokre av bilda var tatt på ein gardeniabusk. Vakre blomar som luktar heilt himmelsk og som alltid minner meg om Omara Portuondo og songen Dos Gardenias para ti.


tirsdag 3. januar 2012

Godt nytt år og takk for det gamle


46 ferdige prosjekt i året som gjekk (øh, naboen hadde 40 stykk ferdige strikkegevantar ferdig berre til julemessa....). Vanskeleg å måla seg med nabo-besta når det gjeld strikking. Det eg har laga mest av er halsar. Heile 11 stykk faktisk. I tillegg skulle eg prøva meg på 11 sjal i 2011, men kom ikkje lengre enn til 8. Slettes ikkje verst det heller sjølvsagt. 12 av prosjekta er til barn, og 6 skal ein ikkje ha på seg. Det største prosjektet var heilt klårt Still light tunikaen. Eg bruker den stadig vekk.

Her går det i vidare rydding. I dag gjekk alle utgåtte bruksanvisningar og mobilladarar for eit heilt tiår i bosset. Hadde eg ikkje vore hekta på backgammon på iPad'en så hadde eg sikkert fått gjort endå meir.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails