Sider

onsdag 7. september 2011

Fru juniorsuite

Ok, no er eg altså på møte/konferanse. Sto opp alt for tidleg og avleverte Litjpia i Trøndelag før eg reiste til Ålesund. Hadde godt vær ein stakket stund på Værnes før det same striregnet og blæsten slo mot meg igjen i Ålesund. 

Rommet var ikkje vaska då eg kom til hotellet, men det var verdt å venta på sa dei. I staden hadde vi møte på Polarbjørnen i 9. etasje på Rica Park Hotel. Der kan du nyta panoramautsikt av Ålesund frå badstua. Nei, vi hadde ikkje kollektiv badstu, men det var imponerande med einvegs glas mellom badstua og møterommet. Kva møter har dei eigentleg der opp til vanleg - i badstua. 

Då eg endeleg kom meg til rommet mitt så viser det seg altså at eg har juniorsuite!!! Vanleg rom med digert bad som er større enn mange av dei bøttekotta eg har sove på i mi tid og i tillegg ei stue nesten større enn mi eiga heime. (og med panoramautsikt) Enno er eg i stuss over kva den oppreidde divanen/ekstrasenga klint opp i eit hjørne rett ved utgangsdøra er godt for. Passe malplasert. Må eg husa ein av dei andre konferansedeltakarane? Viss eg skal ha med meg nokon på rommet så er det neppe der eg skal plassera dei.

Når eg er på hotell og ser dopapiret bretta i ein spiss så tenkjer eg alltid på Olivia Joules and the Overactive imagination ei bok av Helen Fielding (ho som skreiv Bridget Jones). Ein journalist med litt overaktiv fantasi. Ho er også opphengt i hotell og hotellstandard og meiner at det er eit av dei viktigaste kvalitetsstempla om dopapiret er bretta i ein spiss eller ikkje. For å vera heilt ærleg trur eg alle små skithotell i verda må ha lese den boka for bretta dopapir har eg funne i dei mest utrulege loppekasser av nokre pensjonat i mange krikar og krokar av verda. Her er det også spissbrett, men i tillegg så er det L'Occitane produkter på badet. Ah, for ein herleg duft og ja, eg har allereie putta fleire såper i kofferten og vurderer å stikka unna litt shampo og bodylotion for å få meir.


No skal eg ta meg eit bad tudelu. Nyt kvelden de og!

8 kommentarer:

  1. Toalettpapir i spiss er eit særs viktig kvalitetsmerke - opptekne av slikt kan dei enklaste bualternativa også vere -
    men elles skjøna vel hotellet akkurat så mykje at du var ein potensiell kunde som ville skrive vakkert om dei - og dei traff godt!

    SvarSlett
  2. Dette var noe annet enn rommet jeg bodde på i Sogndal i sommer, ja... Det aller viktigste er uansett at sengen er god, så søvnen blir god.

    Sov godt!

    SvarSlett
  3. Nyt den overraskende luksusen! Og kos deg i vakre vakre Ålesund. Som helt klart kler vilt høstvær også. (o:

    SvarSlett
  4. Hi, hi, Lise, ja, eg tenkte på hotellreportasjen din. Diverre må eg seia at det var skuffande varmt i natt og dobbeltsenga er satt saman av to senger som glir lett frå kvarandre slik at viss ein legg seg i midten så kan ein raskt hamna på golvet, men elles var madrassen grei og eg sov godt. Badet og utsikta er ypperste klasse. Usikta kan faktisk knapt overgås :-).

    SvarSlett
  5. Løkki ju!!! Er ein del finare enn lugaren me skal ha til Kiel :)

    SvarSlett
  6. Har bodd på mer enn min andel av dårlige hoteller og synes det er bare så fantastisk når man av og til blir virkelig positivt overrasket. Nyt nyt nyt :)

    SvarSlett
  7. WOW..., for et hotell!

    Klem, god helg!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails