Sider

tirsdag 27. september 2011

Cherry blossom to go - ferdig blokka

Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.

Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.

Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g. 

Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.


 Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.


9 kommentarer:

  1. Flott sjal. Florlett er flott. E ghar starta på eit i sandnes silk mohair og det veg ingenting.

    SvarSlett
  2. Nydelig sjal!

    Modesty Blaise er en av mine ungdoms-favoritter (ok, jeg kjøpte alt jeg kom over til etter jeg ble mor..). Nå vet jeg ikke helt hvor samlingen befinner seg engang..

    SvarSlett
  3. For et nydelig sjal! Fantastisk flott. Jeg er ikke så dreven i strikkekunsten, så med fare for å virke dum: hva er blokking?

    SvarSlett
  4. Nydelig ble det! Virkelig flotte farger og mønster.

    SvarSlett
  5. Nydelig lilla farge!
    Tror jeg burde tørke støvet av strikkepinnene i høst :D

    SvarSlett
  6. Nøj, hvor er det bare flot!

    SvarSlett
  7. Takk skal de ha :-). Blokking Julie er når ein strekker strikketøyet til den forma ein vil ha. Ein væter strikkeplagget og strekker det så ut og lar det tørke i strekt tilstand. Ting som er i blondestrikk som dette sjalet får ikkje fram mønsteret sitt utan at ein strekker det.

    SvarSlett
  8. morro, du leser Modesty Blaise du og. Jeg har ikke lest noe på lenge nå, men det var fast en periode.

    Lekkert sjal!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails