Sider

lørdag 19. februar 2011

Gir meg ikkje med dei daisyjakkane


Eg har to kusiner som nett har fått seg kvar si dotter så då tenkte eg dei skulle få seg kvar si jakke av dette eine mønsteret eg har laga. No er den eine ferdig. Fargane er inspirert av ei par cowboystøvlettar kusina mi har. Ja, dei er kvite med mønster i knæsje fargar. Så no kan mor og dotter stå i stil.

Det er artig å sjå kor ulike jakkane vert når ein bruker ulikt garn og fargeval til trass for same mønster.
Eg har nytta naturfarga alpakka Tynn alpakka frå Du store alpakka og diverse restegarn i gilde fargar. Knappane er frå resteboksen og er vel i utgangspunktet plukka frå ein resteboks på ein eller annan butikk.



Diverre er det ikkje så ofte eg tar meg tid til å surfa rundt til alle dei flotte bloggane eg ikkje kjenner frå før. Som oftast vert det berre turar innom til dei kjende og kjære eg kjenner frå før, men i dag var eg innom denne svenske bloggen by Caloweena. Eg har visst ikkje vore innom så mange svenske bloggar skjønar eg. Her var det i alle fall litt andre ting enn det ein finn i norske bloggar og det er jo artig samt litt butikktips for den som skal til Stockholm.





torsdag 17. februar 2011

Endeleg litt strikking


Endeleg klarer eg å blogge litt om strikking. For tida er eg på kurs - grunnkurs i forsking. Slettes ikkje så verst faktisk. I grunnen er det kjekt å læra noko nytt og kjenna seg som student igjen. Så då har eg tid til å sitja og strikka på dagtid. For litt diskre strikking er det jo greit med ikkje for store og omfattande prosjekt.

Vaffellua til Pickles er både enkel og fin med eit lekkert mønster som ser imponerande ut, men som er grådig enkelt.  No er eg på god veg med lue nr to.

Eg hadde kjøpt eit raudt garn av merino ull som er supermjukt Gedifra super soft merino. I tillegg hadde eg eit garn som er 70% kashmir og 30% silke Filatura Di Crosa. Resultatet har vorte ei veldig mjuk og god lue som eg skal gi bort til ei veninne.

Har også klart å velga ein mal til bloggen, men eg er ikkje sikker på om eg er så nøgd med resultatet....




onsdag 16. februar 2011

Biltjuveri


Kjenner eg er litt grinete for tida. Det er ikkje artig når nokon stel bilen din. Sjølv ikkje når den kjem til rette. For det er så mykje arbeid som følgjer med. Mellom anna er ein nøydd til å hengja på politistasjonen for å få meldt saka, og dei er naturleg nok av og til opptekne med meir alvorlege saker enn eit simpelt biltjuveri av ein bil som har kome til rettes og som ikkje har skada nokon på vegen.

Eg kom heim fredag etter å ha vore vekke i over eitt døger og såg at bilen i alle fall ikkje sto i gata. Er det då nærliggjande å tru at den er stolen eller er det berre eg som er surrete i hovudet og har satt han frå meg ein annan stad? Då politiet byrja å ringja skjøna eg at eg ikkje var så surrete alikevel diverre. 

Bilen sto kopla og ulåst på Laksevåg. No står den på verkstad.

Sidan eg faktis er surrete og tydelegvis burde ha litt betre oversikt over forsikringane mine så viser det seg at eg har full kasko på ein 13 år gamal bil.... Øh, ikkje spesielt økonomisk, men no er det i alle fall slik fatt. Det kan kanskje koma heldig ut.

Eg er i grunnen glad i den fyrste bilen eg kjøpte og som har køyrd meg gjennom nesten heile Sogn og Fjordane og andre delar av landet fullasta av baggasje, møblar, syklar og dets like. Full av smular og anna drit som hoper seg opp på vegen har den vorte, men likevel min kjære bil.


tirsdag 8. februar 2011

Nyårspingvin

Når ein ikkje har så mykje å blogga om frå eigen produksjon så tyr eg til mor mi og gåver til Litjpia. 

Litt irriterande at eg stadig gløymer å ta bilder av ting eg lager og må senda avgarde i hui og hast, men, men det kan eg jo berre takka meg sjølv for.

For tida burde eg også heller sitja med nasen ned i noko statistikk som eg hadde tenkt eg skulle læra meg, men då er det sjølvsagt meir freistande å blogga litt for ein gongs skuld.

Her er altså Litjpia som nyårsbukk i den fine pingvindrakta mor mi laga til ho og syskenbarnet (vel eigentleg tremenning). Dei er liddeleg søte og no gler vi oss til ein tur på akvariet.

søndag 30. januar 2011

Rillestrikka kåpe

Det har vore dårleg med blogginga i januar. Influensaen tok fyrst litjpia og så heiv den seg over på meg. Då var eg litt desperat for vi skulle reisa til Gran Canaria tre dagar seinare. It called for desperate measures så eg luska meg til næraste apotek og kjøpte Tamiflu. For å vera heilt ærleg så har eg ikkje hatt noko særleg tru på Tamiflu, men det hadde faktisk ein bra effekt. Eg var eigentleg berre sjuk i 3 dagar. Rett nok var eg litt halvvegs dei fyrste to dagane i syden, men kven bryr seg om det når ein ligg ved eit basseng og velter seg i sola.

Vel, vel, nok sjukdomsprat.



Her er ein av mine favorittar. Diverre såg eg fyrst etter at eg hadde strikka alt bortsett frå ermene at eg hadde strikka dei på litt vel store pinnar så den vart litt vid. Heldigvis er ho som har fått den litt meir breidskuldra enn litjpia som står modell her.

Garnet eg har nytta er Cortina frå Sparkjøp. Det har forbausande fine fargar til Sparkjøp-garn å vera og kostar berre 12,50 per nøste. 

lørdag 8. januar 2011

Ny jakke og lue med daisies

Dette er vel ein av dei få oppskriftene eg har skrive ned, og eg liker å laga nye kombinasjonar av fargar på dette mønsteret. Modellen er også veldig fin på. Ermene ser litt store ut i forhold til bolen tykkjer eg sjølv når ein ser den på ein hengar, men bolen sit utruleg fint på kroppen og då kjem også dei litt vide ermane til sin rett. 


Denne gongen har eg også laga nokre daisies på ermene. I tillegg har eg laga ei lue delvis etter mønster av Myk start sitt mønster. Eg har laga ein annan versjon før.







Eg hadde kjøpt noko Baby wool garn på Stoff og stil som eg brukte til denne jakken. Eigentleg hadde eg tenkt å ha blått på heile ermene og bolen, men etter å ha strikka eitt erme såg eg at eg ikkje hadde nok så då endra eg plan og tok til dei to nøstene med lilla eg hadde. Eg hadde allereie strikka nedre delen av bolen med daisiane så eg heldt meg til ideen med mansjettar og volangane i blått. I tillegg måtte eg legga til nokre rekker med daisies på ermene for å drøya garnet. Til slutt viste det seg å vera eit fint val. Det var artig med litt meir variasjon.

E

søndag 2. januar 2011

Strikkeåret 2010


Så var nok eit år til ende. Sjølv om det kjennest som i går så har det unekteleg skjedd mykje sidan same tidspunkt i fjort og for ikkje å tenkja på i forfjor. I forfjor hadde eg fått vita for 4 dagar sidan at eg hadde vorte mor til ei lita jente. 2. januar ringte eg på barnevognannonsar på raud vogn på Finn for å få kjensla av at adopsjonen hadde materialisert seg meir enn berre eit bilde av ei lita jente. 

I dag har vi vore på juletrefest og ho dansar rundt og snakkar som ein foss i ei blanding av bergensk, trøndersk og nordnorsk. Det er eit herleg liv.

I 2010 trur eg at eg har hatt 44 prosjekt på pinnane. Det er takka vera dei 11 vottepara eg produserte før jul at talet steig sopass. I forhold til nokre av storstrikkarane her inne kjenner eg meg som ei sinke. Av alt eg har strikka er visst berre to av prosjekta til litjpia. Ho har derimot fått 4 strikkeplagg til jul og ei kofte er på veg frå besta så det er ingen fåre. 

Collagen inneheld ikkje på noko sett og vis alle prosjekta, men det er eit lite og ganske representativt utsnitt.

GODT NYTT ÅR TIL ALLE SOM STIKK INNOM!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails