Sider

mandag 19. oktober 2009

Jakke med daisies




Etter mange år der eg knapt har rørt ein strikkepinne så har det siste året vore ein liten garnrevolusjon. Truleg var det den store famileauken som var i sikte som hadde hovudskulda for det. Dessutan så er det jo ein viss nasjonal og internasjonal trend ut frå alle moglege nettsider og bloggar å døma. EIt nytt miljø- og gjennbrukstiår. No fråtsar vi i nye strikke- og gjenbruksbøker.

Så då har eg latt meg inspirera. Det er så mykje fint å finna på nettet og i diverse strikkeoppskriftar. Garnet er hovudsakleg frå Oleanna med litt restar i diverse rosa-/raudfargar. I tjukkelsen på garnet er omlag som klassisk totråds ullgarn. Vrangborden og volangane nedanfor er inspirert av ermane på ei jakke eg har strikka tidlegare frå Myk start Oppskrifta på korleis strikka daisies finn de hjå Pickles. Dei har lagt ut veldig informative bilete så det var enkelt å få til. Storleiken passer til ca 3-6 mnd. Det finst trass alt ein del kjempebabyar i dei norske heimane etter kvart. Store, fine og velfødde. Mi vetle, sneddna snelle vert stadig tatt igjen i både vekt og høgde av små barn som er eit halvår yngre. Vel det var ein digresjon. Strikk vrangbord på pinne 3 og resten på 3,5. Eventuelt kan du nytta pinne 4 på daisies av di strikket tenderer til å verta litt strammare med den teknikken.

Legg opp 260 masker, strikk rett fram og tilbake til du har 5 riller/10 omgangar. Strikk så saman to og to masker til du har 130 igjen. Då strikker du vrangbord 10 omgangar. Strikk ein omgang glattstrikk og auk 10 makser jamnt fordelt. Strikk så daisies 22 rader. Strikk 28 masker rett, fell 10 masker strikk 54 masker rett, fell 10 masker. Du skal no ha 28 masker igjen som du strikker ut. Strikk så ermene. Legg opp 80 masker og strikk 3 riller /6 omganger. Strikk så saman to og to til du har 40 masker. Auk to masker ca kvar 1,5 cm 10 gonger til du har 60 masker. Strikk til ermet måler 18 cm. Fell 10 masker midt under ermet. Strikk så dei 28 maskene på hovudarbeidet og strikk inn det fyrste ermet når du kjem til området det er felt makser, strikk dei neste 54 og strikk så på det neste ermet. Kvar gong du strikker på rettsida av ermet strikker du to masker rett saman og to masker vrangt saman ved skøyten mellom hovudarbeid og erme som ved vanleg raglanfelling. Strikk og fell til saman 18 riller før du feller til hals. Halsfelling 3, 2,1 og 1 masker i byrjinga på dei neste omgangane. Til slutt vil det då vera samanfallande halsfelling og møtepunkt for der raglanfellinga byrjar. Sett alle maskene på ein hjelpepinne eller ein tråd. No lager du knappestolpen. Legg opp 12 masker og strikk annakvar rett og vrang. Etter 5 omganger lager du det fyrste knappholet ved å strikka 5 masker, to masker saman og så eit kast. Eg har laga knapphol kvar 14 omgang og fekk då 6 knapphol. Når du har strikka knappestolpen så lang at den når til kanten av halslinninga, set du maskene på ein tråd. Knappestolpen syr du fast slik at den byrjar over volangane. GJer der same på den andre sida, men då utan knapphol. No set du alle maskene som er på knappestolpe osv på ein pinne og plukker opp 10 masker i det området du fellte på kvar side i halslinninga. Strikk 7 omganger og fell så av. Lukke til!

Favorittmusikk

Eg vert skikkeleg nostalgisk og litt gladtrist av denne låta. Det er heilt klart ein av mine favorittar. Den heiter Aguacero og gruppa er frå Mexico og heiter Elefante.

Enjoy.

lørdag 17. oktober 2009

Å snope garn


Eg er i ferd med å bruka ein formue på garn. Før har eg stort sett satt min lit til restegarnlageret eg har på loftet og i stua, men det minkar. Min strikkekarriære har lege brakk i omlag ti år før den no skaut fart igjen.

Tida går utruleg fort. Eigentleg har den kanskje lege brakk sidan førre EU-strid då eg sat framfor Stortinget og strikka mot EØS. Hadde eg hatt ein scanner skulle de få sett biletet av Kaia Storvik som no er politsk leiar i Dagsavisen og eg som sit på graset bak ein stand og strikker framfor Stortinget. Det er historisk. Viss ikkje Kaia i ettertid har tatt til pinnene så var det hennar største strikketøy. Rett nok fekk ikkje strikkinga vår omfattande politisk gjennombrot, men vi bidrog til eit digert lappeteppe som kanskje har halde nokon varm.

Så garnlageret mitt minkar og nettmarknaden har auka monaleg sidan 1992. Det er så utruleg mykje lekkert at lommeboka mi spring lekk. På denne nettsida med handfarga garn har eg tinga ein del garn mellom anna. Så får vi sjå kva det skal brukast til når det kjem i hus.

Sidan eg etter kvart treng fleire korger til å oppbevara alt dette garnet i har eg også tenkt å hekla meg nokre korger. Ein gong eg og ei veninne var på sydentur til Tunisia med Express reiser. Turen kosta heile 1250 kr og selskapet kollapsa berre nokre månader seinare. På den turen kjøpte vi i alle fall garn i ei mørk bu i ein avsides bydel i ein heller skranglete by. Garnet fekk vi nesten til gibortpris og skjønte ikkje før vi kom heim at det vel helst skulle brukast til å veva tepper enn å strikka gensrar. Det var i alle fall ganske grovt og "stikkete". Dette garnet har eg no tru på som sokkekorggarn. Vel, vel, god natt, eg har passert mitt fornuftige køyetidspunkt.

onsdag 7. oktober 2009

Strikka trønderbundad


Då har eg endeleg tatt eit bilete av den strikka trønderbunaden. Det er linfor på innsida av vesten. Diverre ikkje eit super foto av di eg måtte ta det gjennom eit vindauge. Den kan altså finnast på Tråsnella på Orkanger.

torsdag 1. oktober 2009

Gamle klassikarar


Har omsider kome meg på visningsferd til Trøndelag via Oslo for å visa fram litjpia. I det trangt pakka baggasjen har eg klart å gløyma kabelen til kameraet. Typisk. Så no vert det ikkje så mange nye bilder på bloggen av alle dei strikkeprosjekta eg held på med for tida. Rett før eg reiste klarte eg å bestilla meg litt garn frå Pickles. Det er så utruleg artig å snopa litt garn her og der. No har eg dessutan kome heim til ho mor der det bugner av garnnøster i alle korger, krikar og kroker. Då får ein jo stadig endå fleire idear.

Sidan toget til Oslo var ein halvtime forseinka karra eg meg inn på husflidsbutikken på jernbanen i Bergen. Her kom eg over dette heftet frå Dale - Dale Classic.

No har eg også byrja på ein kjole i mønster frå Sirdal. Det er den lyseblå og kvite kjolen de ser på bildet. Elles tykkjer eg dei kjolene frå Setesdal er utruleg fine i halsen.

På Trådsnella på Orkanger har dei også utstilt strikka trønderbunad for barn!

søndag 20. september 2009

Latino pop


Fekk tilsendt ein ny link frå ei veninne på ein mexicansk musikar i tradisjonen romantica latina. Diverre kunne ikkje den leggjast til, men då kom eg på min "ven" Diego Torres. Han var eg innesperra med i ein liten heis i Lima i 45 min. Skjøna ikkje før eg sjekka det ut på nettet at mannen var superstjerne. Vi hadde det hyggeleg og lo mykje. Han har mellom anna sett bilete av eit veldig snødekt Jostedal i mars.

torsdag 17. september 2009

Posete lue




Ei veninne etterlyste ei litt posete lue til å dekka sitt nakne hovud. Då vart det denne. Har strikka på pinne nr 3 med eit garn der 10 masker over 10 omganger vert 5x3 cm. Altså eit tynt garn på nivå med vanleg babyull. Dette var då dobbel tråd av garnet eg kjøpte hjå Oleana.

Legg opp 140 masker og strikk 5 cm vrangbord, auk så kvar 7. maske slik at det vert 160 masker. Eg strikka så 3 omganger før eg auka 20 masker til til 180 masker. Strikk så 14 cm før du byrjar å fella. Fell på 4 område på lua. Det vil seia at du strikker maske 44 og 45 saman, maske 89 og 90 saman, maske 134 og 135 saman og maske 179 og 180 saman. Strikk så saman to og to masker på dei same 4 stadene til du berre har igjen 4 masker. Voila, du har denne lua.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails