Sider

torsdag 1. oktober 2009

Gamle klassikarar


Har omsider kome meg på visningsferd til Trøndelag via Oslo for å visa fram litjpia. I det trangt pakka baggasjen har eg klart å gløyma kabelen til kameraet. Typisk. Så no vert det ikkje så mange nye bilder på bloggen av alle dei strikkeprosjekta eg held på med for tida. Rett før eg reiste klarte eg å bestilla meg litt garn frå Pickles. Det er så utruleg artig å snopa litt garn her og der. No har eg dessutan kome heim til ho mor der det bugner av garnnøster i alle korger, krikar og kroker. Då får ein jo stadig endå fleire idear.

Sidan toget til Oslo var ein halvtime forseinka karra eg meg inn på husflidsbutikken på jernbanen i Bergen. Her kom eg over dette heftet frå Dale - Dale Classic.

No har eg også byrja på ein kjole i mønster frå Sirdal. Det er den lyseblå og kvite kjolen de ser på bildet. Elles tykkjer eg dei kjolene frå Setesdal er utruleg fine i halsen.

På Trådsnella på Orkanger har dei også utstilt strikka trønderbunad for barn!

5 kommentarer:

  1. Så vittig, eg bestilte også nettopp garn frå Pickles. Ein fantastisk nettstad! Eg skal strikka kjekkasgenser, tenkte eg.

    Dei kjolene frå Dale ser superfine ut! Snittet på den lilla, raude og blå minner veldig om 70-talssnittet (kort kjolelengd og vide nedst). Eg fann nettopp bilete av meg sjølv frå seint 70-tal i liknande kjolar. Litjpia blir nok kjempefin i den blå!:-)

    SvarSlett
  2. Ja, det er skikkeleg nostalgisk :-)

    SvarSlett
  3. Jeg har nettopp kjøpt dette heftet selv, og jeg elsker det. Utrolig mye fint i det, vanskelig å velge hva en skal strikke og ikke.

    Serriøst har de en strikket trønderbunad, jeg dåååååner bokstavelig talt hvor ligger den butikken på orkanger? (jeg har tilholdssted ikke langt unna orkanger) ;) Det der må jeg virkelig få sett :D Ønsker deg ei riktig god helg :)

    SvarSlett
  4. Den butikken ligg midt i øragata, rett ovafor Bunnpris og heiter Trådsnella. Eg såg ikkje at det var ein strikka versjon heller før eg gikk nære innpå. Den er prikklik orginalen og heng i lag med dei andre bunadene. Lukke til!!!

    SvarSlett
  5. Takk, da må jeg kjøre dit en gang i nærmeste fremtid, så morsomt altså, det skulle jeg strikka vettu :D

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails