Sider

tirsdag 13. september 2011

Valdagsstrikk


Dritlei av sjalet eg strikker og som vonleg snart er ferdig. Berre måtte ha noko som var raskt unnagjort.

Restegarn frå Sparkjøp og Dalegarn samt pinne nr 12 vart redninga. Vesten vart altså strikka medan eg vart meir og meir sur under valdagssendinga. 



Ok, så var nedgangen til Frp ei STOR glede, men kva hjelper vel det når Høgre går så vanvittig fram. I tillegg er eg vakse opp i ein familie der Ap er rekna til høgresida. Så då skjønar de at valet var triste greier i mi lille verd. Berre på Møhlenpris gjekk SV ned med 6,2% til 10% og Raudt ned 5,1% til 8%. Det er altså min flotte, raude bydel eg snakkar om. No har eg rett nok alltid vore eit utskot og hatt ein hang til motkulturprosjekt osv. Mållaget, Kvinnefronten - ikkje nett massekultur i alle fall så eg ville neppe trivdes med å stemma i medvind (reint bortsett frå då vi vann EU-kampen sjølvsagt.)

Med mange vener i Sp er eg nesten betre stemt for dei enn for Ap, men eg er altså glad for Raud/grøn-regjering, og ja, Stoltenberg gjorde ein god jobb 22. juli. Får litt kjensla av Gro og Kåre-æraem reint bortsett frå at det no er Jens og Erna. Dei har til saman over 70% av stemmene så det er ikkje så mykje att til resten. Kjedeleg!

Vel, vesten er som de ser ikkje så avansert. 60 masker på pinne 12. Ved deling er det 17 på kvart framstykke og 26 bak. La også opp 17 nye masker til kvart erme og felte med raglanfelling.

Litjpia ropte Jippi då ho høyrde eg skulle strikke til ho og er nøgd med "Hello Kitty"-knappane eg fekk frå Monstermønster.

Håper på betre tider ved neste val!
(som de ser så er ikkje Litjpia heilt nøgd ho heller)

onsdag 7. september 2011

Fru juniorsuite

Ok, no er eg altså på møte/konferanse. Sto opp alt for tidleg og avleverte Litjpia i Trøndelag før eg reiste til Ålesund. Hadde godt vær ein stakket stund på Værnes før det same striregnet og blæsten slo mot meg igjen i Ålesund. 

Rommet var ikkje vaska då eg kom til hotellet, men det var verdt å venta på sa dei. I staden hadde vi møte på Polarbjørnen i 9. etasje på Rica Park Hotel. Der kan du nyta panoramautsikt av Ålesund frå badstua. Nei, vi hadde ikkje kollektiv badstu, men det var imponerande med einvegs glas mellom badstua og møterommet. Kva møter har dei eigentleg der opp til vanleg - i badstua. 

Då eg endeleg kom meg til rommet mitt så viser det seg altså at eg har juniorsuite!!! Vanleg rom med digert bad som er større enn mange av dei bøttekotta eg har sove på i mi tid og i tillegg ei stue nesten større enn mi eiga heime. (og med panoramautsikt) Enno er eg i stuss over kva den oppreidde divanen/ekstrasenga klint opp i eit hjørne rett ved utgangsdøra er godt for. Passe malplasert. Må eg husa ein av dei andre konferansedeltakarane? Viss eg skal ha med meg nokon på rommet så er det neppe der eg skal plassera dei.

Når eg er på hotell og ser dopapiret bretta i ein spiss så tenkjer eg alltid på Olivia Joules and the Overactive imagination ei bok av Helen Fielding (ho som skreiv Bridget Jones). Ein journalist med litt overaktiv fantasi. Ho er også opphengt i hotell og hotellstandard og meiner at det er eit av dei viktigaste kvalitetsstempla om dopapiret er bretta i ein spiss eller ikkje. For å vera heilt ærleg trur eg alle små skithotell i verda må ha lese den boka for bretta dopapir har eg funne i dei mest utrulege loppekasser av nokre pensjonat i mange krikar og krokar av verda. Her er det også spissbrett, men i tillegg så er det L'Occitane produkter på badet. Ah, for ein herleg duft og ja, eg har allereie putta fleire såper i kofferten og vurderer å stikka unna litt shampo og bodylotion for å få meir.


No skal eg ta meg eit bad tudelu. Nyt kvelden de og!

tirsdag 6. september 2011

Drøymer om betre vær


Og prøver å planleggja kva eg skal ta med meg som strikkeprosjekt når eg no skal sitja på møte/konferanse i Ålesund i tre dagar til ende.

Lurer litt på om det ikkje vert sjalet Hidden in the forest av Vera Välimäki i sennepsgult. Buh, må vel gjera ferdig det andre sjalet fyrst også. Eg er ikkje av typen som har drøssevis av WIP liggjande rundt om kring. Det er meir snakk om ei moralistisk seigpining over det eg har på pinnane om eg skulle gå litt lei under vegs. Alt medan eg drøymer om komande prosjekt. Alternativt kan eg sjølvsagt ta med meg det eg har att av bomullsgarn og strikka kluter. Det ligg ei eiga glede i å tømma restekorga for garn. Noko av garnet trur eg faktisk stammer frå mor mi sine prosjekt på 80-talet. Det er noko litt ukurrant over det garne. Veit ikkje heilt om retro eller vintage garn er eit begrep.

Medan eg sit på kurs (og skal stå opp tidleg for å få med meg Litjpia på fly kl 06.40) så kan de få sjå litt av den strålande utsikta til fjorden frå Løtane på Tysso. 


Dessutan må eg skryta litt over niesa mi som er ein resar på å finna firkløver. Eg har ikkje funne ein einaste ein i heile mitt liv. Ho finn fleire per dag viss ho gidd. Her er nokre frå årets sommarfangst.

søndag 4. september 2011

Gamal design og strikk som politisk motstand


Gjorde nett eit djupdykk ned i nokre gamle posar og fann at schlägeren min frå tidleg 90-tal. Eg laga hauger av desse luene. Det skulle jo vera ein brei brem som vart bretta opp og gjerne festa med ei nål på den tida. Trådene er ikkje festa og eg gidd ikkje å gjera det no heller før moten bles den vegen igjen. Elles kjenner eg at den er god og har god passform. 




Tenkj det er snart 20 år sidan. Mellom anna sat eg på den tida utanfor Stortinget og strikka mot EØS. Det vart laga eit digert lappeteppe som dekte heile muren framfor Stortinget hugsar eg. Ikkje det at det hjalp diverre, men ei kjekk form for markering av motstand. Under EU-kampen song eg i koret Stemmevett. Vi song mellom annan ein madrigal mot EU. Siste hausten var eg så forkjøla at eg song alt frå tenor opp til sopran på ei veke. 

Elles har vi vore hjå "Leker og mer" i Lille Øvregate og høyrt på ein fornøyeleg versjon av Reveenka før Litjpia gjenoppsto som katten Korse.

fredag 2. september 2011

På veg


Nokre prosjekt tar berre litt meir tid og då er det litt lite å skriva heim om. 

Nett no held eg på med eit sjal som heiter Cherry Blossom and Diamond Shawl. Garnet har eg kjøpt hjå Tulliball. Fargen skulle vera noko med vår eller kanskje lyng å gjera og det er vakkert, tynt og mjukt. Diverre er det litt for hyppige fargeskift for min smak. Eg liker i grunnen betre dei lange fargeskifta. Vel, vel, det ser greit ut for dette sjalet, men det vert meir kjensla av å bruke eit melert garn. Eg tykkjer alle dei vakre fargane som finst i garnet ikkje kjem fullt til sin rett når det er korte fargeskift av di det gir eit litt meir rotete inntryk. Litt rot i hop.



Ikkje så mykje spennande å visa på strikkefronten enno altså. I staden skal de få sjå bilete av den nye steintrappa eg laga på Tysso. Det var ei halvrote planketrapp som sto litt på halv tolv der frå før. Har trong til å skryta hemningslaust av meg sjølv. Det var tungt, eg kjende meg som eit skikkeleg arbeidsjern og eg tykkjer det vart skikkeleg fint. Naboen og ein av dei andre lokale karane har også måtta ta den i augesyn og var meir eller mindre tvunge til å koma med godord.

onsdag 31. august 2011

Perlende morro

 
I staden for eit raudt sigøynerskjørt til lampeskjerm som gir eit litt vel raudt, nattklubbljos så har eg no perla meg fram til ein ny lampeskjerm til 1001 natt-sengene mine. 




Sjølve skjermskroget kjøpte eg hjå Patina. Perlene er kjøpt på Panduro. Eg elsker Panduro - eg fekk nemleg spørsmål om eg var student! Så no ser eg ikkje berre ung og uskuldig ut, men eg fekk i tillegg studentrabatt - 15%. Trur smilet om munnen når ein vert spurt om legitimasjon er omvendt proposjonalt med alderen.


Eg elsker farga glas. Ville vore veldig lettkjøpt dersom nokon kom med glasperler til meg. Måtte berre visa fram denne vasen eg kjøpte sist eg var på Evanger hjå Patina.


mandag 29. august 2011

Afrikas horn - eit lite bidrag


Hjertelill har som eg barn frå Etiopia. Ho har starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for dei hungerramma på Afrikas horn. Ein fantastisk flott tanke. No har eg nett vunne auksjonen på ei pute frå Borghildpia.

Eg er overlukkeleg over den flotte puta i lilla og grønt samt sjansen til å bidra på ein litt artigare måte til innsamlinga. Eg skulle gjerne hatt noko lekkert og nystrikka (øh, eventuelt gamalstrikka), men det er dårleg med lager her i huset. Ja, i alle fall lager på heimelaga ting og tang. 



Så då slenger eg i staden inn eit av mange nett eg kjøpte i Iquitos i Peru. Dei er superstødige, robuste og fleksible i eit eller naturprodukt som truleg er noko vidjeaktig. Eg har brukt mitt mykje, og her er eitt av dei eg har i gåvelageret mitt. Håper nokon ser seg mon i det. Sjekk bloggen til Lill.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails