Endeleg har eg fått strekt ut den derre krøllate filla som låg i sofaen og som eg har slitt over ein del kvelder. Umåtleg kjedeleg med omganger på 500 masker når ein må strikke vrang.
Som sagt ikkje spesielt begeistra, men så ser eg det plutseleg fiks ferdig blokka og då får pipa ein annan låt. Det vart jo skikkeleg lekker jo. Og det til tross for at oleanna-garnet var lit tjukkare enn garnet frå Tulliball.
Veit ikkje om eg hiver meg over eit så stort sjal ein gong til med det fyrste. Spissen når meg til under rompa og det må vera ca 2 m breidt for det er i alle fall godt breiare enn eg er lang. Derimot er det fjærlett, og det kan ein ikkje seia om meg. Med eit slikt nydeleg, tynt garn så må det naturleg nok vera lett. Eg brukte ikkje opp heile nøstet ein gong så det veg under 100 g.
Her ser det blokking frå bokhylla. Judith etterlyste bilder frå bokhyllene vår. Vel, her har du mi. Eg sverger til Ivar-hyllar i rein nostalgi i tillegg til at eg tykkjer dei er passe røffe og ujålete. Her er det engelsk litteratur for seg, spansk i eit hjørne, krim for seg, feministisk litteratur, songbøker, historie, teikneserier (eg har komplett serieheftesamling av Modesty Blaise) i tillegg til skjønnlitteratur, DVD'ar og leiker.
Ha ein strålande dag og kveld, eg skal avgarde på jobb.