Sider

onsdag 31. august 2011

Perlende morro

 
I staden for eit raudt sigøynerskjørt til lampeskjerm som gir eit litt vel raudt, nattklubbljos så har eg no perla meg fram til ein ny lampeskjerm til 1001 natt-sengene mine. 




Sjølve skjermskroget kjøpte eg hjå Patina. Perlene er kjøpt på Panduro. Eg elsker Panduro - eg fekk nemleg spørsmål om eg var student! Så no ser eg ikkje berre ung og uskuldig ut, men eg fekk i tillegg studentrabatt - 15%. Trur smilet om munnen når ein vert spurt om legitimasjon er omvendt proposjonalt med alderen.


Eg elsker farga glas. Ville vore veldig lettkjøpt dersom nokon kom med glasperler til meg. Måtte berre visa fram denne vasen eg kjøpte sist eg var på Evanger hjå Patina.


mandag 29. august 2011

Afrikas horn - eit lite bidrag


Hjertelill har som eg barn frå Etiopia. Ho har starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for dei hungerramma på Afrikas horn. Ein fantastisk flott tanke. No har eg nett vunne auksjonen på ei pute frå Borghildpia.

Eg er overlukkeleg over den flotte puta i lilla og grønt samt sjansen til å bidra på ein litt artigare måte til innsamlinga. Eg skulle gjerne hatt noko lekkert og nystrikka (øh, eventuelt gamalstrikka), men det er dårleg med lager her i huset. Ja, i alle fall lager på heimelaga ting og tang. 



Så då slenger eg i staden inn eit av mange nett eg kjøpte i Iquitos i Peru. Dei er superstødige, robuste og fleksible i eit eller naturprodukt som truleg er noko vidjeaktig. Eg har brukt mitt mykje, og her er eitt av dei eg har i gåvelageret mitt. Håper nokon ser seg mon i det. Sjekk bloggen til Lill.

lørdag 27. august 2011

Nostalgi og kongelig


Medan eg trottig strikkar vidare på eit sjal utan å ha så mykje å visa til så skal de få eit glimt frå oppgraderinga av kongesamlinga på do på Tysso. Huset er jo frå 1889 så vi tillet alle kongelege som har vore konge av Noreg sidan då. Mor mi har vore på skattejakt og funne bilete av den gamle svenskekongen. Er det han frå sardinboksane tru? 


I tillegg eit ganske nostalgisk og lekkert forlovelsesfat av kongen og dronninga for over 40 år sidan. Ja, i år vert altså Märtha Louise 40 år den 22. september. Korleis veit eg det? Hah, jo fordi besteveninna mi då eg gjekk på barneskulen var født same dag - på ein offentleg flaggdag. Mykje moro med det. Eg missunte ho eigentleg den litt.


Kvar sumar er det dessutan marknadsdag på Tysso. Der kan ein finne mykje fint. Aktivitetar for ungane, lotteri, sal av handverk og loppis. Kom neste år.




mandag 22. august 2011

Nyfødt-spøt


Ah, då har mor til veslejenta som vart født i sommar sagt eg kan bruka dei bileta eg fekk tilsendt av ho på bloggen. Ei øranes lita fin vakkerdokke.

Eg tok utgangspunkt i Lillestakken igjen, men eigentleg er den vel så omgjort at det er spørsmål om eg kan påstå at det er same kjolen. 

Eg strikka ikkje bølgekanten nedst, og la opp 160 masker. Fyrst strikka eg fem riller i rettstrikk før eg gjekk over i tre rett og ein vrang. Etter 18-20 cm snudde eg arbeidet slik at vrangsida kom ut og reduserte til 80 masker før eg strikka "beltet" slik som det er i mønsteret. Felte så mange masker som det står i mønsteret til kvar armhole. I neste omgang la eg på 36 masker og strikka tre riller med rettstrikk over dei til ermene. I neste omgang definerte eg midten på ryggen og strikka fram og til bake slik at det vart ein opning bak. Eg har brukt raglanfelling av di eg tykkjer det eller rundfelling er finast på babyar. Det gjorde eg av di eg ville bruka daisies som mønster. Det finn instruksjon om korleis å strikka dei hjå Pickles. Eg strikka sju rader med daisies og tre-fire omgangar til før eg sette av dei midterste fem maskene og felte ei maske i kvar side heilt til eg kom ut til raglanfellinga. Då plukka eg opp maskene i midten og ei for kvar felt maske før eg strikka tre riller med rettstrikk og felte laust av. Til slutt hekla eg ein kant rundt opningen i ryggen og laga 3- 4 hemper til knappar i ryggen. (hugsar strengt tatt ikkje om det var tre eller fire knappar).

Huva er ei hjelmhuve utan spissen foran og med tre rader med daisies.



Eg har brukt pinne nr 3, kvitt alpakkagarn og restegarn til fargane.

torsdag 18. august 2011

Korleis få ein liten halsopning lettast over hovudet?

Då eg sleit med å få eit par gensrar over hovudet til Litjpia her om dagen så kom eg på det opplagte som eg jo har lært på jobb.

Som de kanskje har fått med dykk så driv eg mellom anna med fødslar. Då lærer vi at den minste hovudomkrinsen er når bakhovudet er den leiande delen - altså kjem fyrst ut. Bakhovudet vil her seia øvste del av bakhovudet og ikkje ned mot nakken. Litt større er omkrinsen når toppen på hovudet kjem som leiande del. Dersom panna er leiande så reknast det som umogleg å føda og ein håper hovudet vippar seg til eit andlet i staden sjølv om det også er litt stort, men altså ikkje umogeg å få ut. 

Så då er altså knepet å tre genseren ned over bakhovudet. Går den ikkje då så må du forkasta genseren eller gjera opningen større.

Eg har også hatt gleda av å ta imot barn til eit par stykk eg kjenner litt i sommar. Så med ei slik ære måtte eg sjølvsagt strikka litt. Diverre har eg klart å senda ifrå meg både ein kjole og ei huve før eg fekk tatt bilete så då er det berre huva til ein liten pjokk fødd ca ein månad før termin som kan avbildast.

mandag 15. august 2011

Frøken tant og fjas


Då har eg tenkt å delta i ei av konkuransane til Moseplassen i gjen. Denne gongen er det det Frøken Rose 2011. Du kan melda deg på fram til 20. august. Denne gongen er det ikkje ein konkurranse, men ei utfordring med tanke på rosehavet og Utøya.

Rosa står utanfor huset mitt på Tysso. Det er ei klatrerose av typen New Dawn så vidt eg hugsar. Det var den fyrste og beste rosa eg fann på Plantasjen som eg likte fargen på. I ettertid har eg tenkt at det kunne vore kjekt med ei litt meir fargesterk rose i gult eller raudt, men då eg såg rosetreet i år vart eg bergtatt. Det har verkeleg bugna over av blomar i år. Dei kom i midten av juli og held på enno. Det er eit strålande syn. Eg sette ned treet for 4 eller 5 år sidan. Ikkje så lett å hugsa slike detaljar.

Ho heiter for anledningen Tant og fjas av di roser passer godt til nett det (som så mykje anna dei passer til).

fredag 12. august 2011

EIn skal tidleg krøkast som god husmor skal verta

Eg er ikkje nokon interiørbloggar, og dei siste par åra har eg vore litt kvalm og lei av interiørmagasin etc. Får liksom litt dårleg samvit og forbruksspøkelset hengande over meg. 

No ser det derimot ut til at samvitet har tatt ferie igjen for eg storkoste meg med nokre interiørblad i helga og byrja leggja planer for hytta mi igjen. Det kan jo henda at det har med at Litjpia har byrja å leika sjølv slik at det vert meir tid til mors aktivitetar.... Hmf..



Sidan vi var to mødre og fire barn under 4 år på hytte åleine på sørlandet så vart det ikkje mykje tid til anna enn å halda ungane i ånde. Det var fyrst på veg heim at eg såg mitt snitt til å stikka innom Annas Rom. Så då fekk eg lagt igjen litt pengar fyrst og fremst til gåver, men jaggu forelska ikkje Litjpia seg i eit lite strykejern og strykebrett frå Maileg (ja, det er visst det den heiter den derre kaninen som har meir enn hjartet begjærer). Eg smelta heilt av ho som sat og strauk og strauk. Det har vore i stadig bruk både i bilen og heime.

mandag 8. august 2011

Gode, gamle vener

Då eg henta Litjpia i Addis hadde eg fått oppdateringar og bilete frå andre som hadde henta barna sine like før. Mellom anna frå ein familie i Kristiansand som henta bestevennen.

Det er framleis midt i ferietida for Litjpia og meg. Alt har vore noregsferie. Endeleg fekk vi sjansen til å reisa på ferie til Kristiansand. Så no har eg også møtt den artige guten frå bildene. Kjemien var tydelegvis framleis der for dei to ungane sprang rundt som om dei ikkje hadde vore frå kvarandre i to år.
Sprekt gjort av Hjertelill som er mor hans å invitera oss på overnatting utan annan kontakt enn blogging og Facebook. Veldig triveleg og vellukka. No håper vi på fleire treff.

Endeleg fekk eg tatt hagestua til Hjertelill i nærare augesyn - eg og ynskjer meg ei slik og med dei same fantastisk flotte putene og lappeteppa.

Her ser de Litjpia i den artige buksa ho fekk frå Lill.

søndag 7. august 2011

Lillestakken

Eg liker denne enkle og fine oppskrifta på babykjole. Denne gongen har eg laga ein "plissert" variant av skjørtet. Eg strikka tre rett og ein vrang som eg snudde med vrangsida ut. Tykte det gav ein artig effekt. Oppskrifta er frå Myk start.

Dette er tredje gongen eg strikkar kjolen. Litjpia var den fyrste som fekk og vi har brukt han mykje. Sidan det er sopass stor opning for armane sidan det er seler så kan kjolen brukast lenge trass i at han kryp oppover og ender opp med å vera meir som ein vest enn ein kjole.


Det har ikkje vore så mykje strikking i det siste, men vonleg tar det seg opp snart. Denne kjolen har eg strikka til dotra til ei veninne. Fine, vesle Gine.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails