Sider

mandag 2. mai 2011

Snart ferdig



No nærmar det seg med stormsteg at Still light tunikaen er ferdig. I mangel på noko anna så viser eg altså eit halvferdig produkt så skal vi sjå kva eg får til av betre bilete når den endeleg er ferdig. Det må nok litt damping til. Han ser rett nok litt sjøgrøn ut på det biletet her, men det er han så absolutt ikkje. Fargen har meir gult enn blått i seg. Eg er godt nøgd og strikker lange ermer i staden for 3/4. Har i grunnen aldri likt 3/4 arm. Det er liksom korkje fugl eller fisk.

Elles er jo ikkje akkurat varmebylgja og stormsolskinet det mest inspirerande strikkeværet. I dag derimot er det litt gråare utanfor og temperaturen gir von om at eg kanskje kan få brukt tunikaen på denne sida av sommaren. 

I helga hadde eg fri frå både jobb og morsrolla. Det var FANTASTISK! og så fekk Litjpia ei betre mor igjen på sundagen. Fredag var eg ute på Jazzboks og laurdag såg eg "Helena og førkjene". Drivande godt show! Ho Helena Bremer får det til igjen. Dei som har sjansen bør ta seg ein tur til Førde 1. eller 2. juni og sjå sjølve.

8 kommentarer:

  1. Kjempeflott tunika... :O)
    Har sett mange som har strikket akkurat denne, skjønner det godt, for som sagt så er den veldig flott! Likte fargen, selv om den kanskje ikke er helt riktig..., for meg ser den sjøgrønn ut!

    Ønsker deg fine maidager!

    SvarSlett
  2. Kjempe fin tunika. Fargen på bildet er no kjempe fin. No har eg bestillt hotell i bergen den 11 juli. då vert det eit besøk på akvariet. Har du lyst te å treffast og?

    SvarSlett
  3. Det Linda hadde jo vore veldig triveleg, men eg er redd eg er på ferie på det tidspunktet. Rett nok ikkje lenger unna enn Osterøy, men fullt hus og stormande jubel.

    SvarSlett
  4. Så fin den blir. Jeg har litt lyst å strikke denne selv også, kanskje en gang... Og så har jeg kost meg med å lese gamle poster om Litjpia di. For et bedårende smil!

    SvarSlett
  5. Det er alltid kjekt når store prosjekt nærmar seg ferdig! Er enig med at lange ermer er betre enn 3/4. Det er tross alt vinterplagg, og då må jo plagget varma mest mogleg av kroppen! Tunikaen var flott, kor har du funnet mønsteret?

    No har jo været blitt grått igjen, så det er jo positivt mtp strikkinga! Lykke til :O)

    SvarSlett
  6. Flott tunika - og helt enig i avgjørelsen om lange ermner. Selv har jeg planer om tunika med korte ermer, men det er fordi jeg er for lat til å strikke ermer. Tihi :)

    SvarSlett
  7. Så flott den blir!! Eg vurderer å strikke denne og, men har ikkje heilt bestemt meg enno. ;)

    SvarSlett
  8. He, he, Margrethe, ja det er kjedeleg med to av same. Strikk i veg Torunn, det gjekk kjappare enn eg trudde, og den er veldig flott.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails