Sider

tirsdag 31. mai 2011

Dreieckstuch mit Blätterand


Det er altså det sjalet heiter på tysk. Som de ser så har eg på nytt fått dilla og strikka to av same. Sjå boggposten før for oppskrifta på Ravelry. Garnet eg har brukt er Shetland soft frå Malsen og mor på pinne nr 5.

Denne gongen skal det til Dale som ein varm tanke til ei som treng det nett no.

I går feira vi treårsdag med full fest og stormande jubel. Veldig artig, men også høgst kjærkome når eg kunne leggja beina på bordet etter endt fest og rydding.





Litjpia var strålande fornøgd og har fått seg ROSA sykkel. Den har ho sykla på til og frå barnehagen både i går og i dag. Uturleg artig å sjå all denne entusiasmen.

6 kommentarer:

  1. Lækkert sjal og tillykke med den 3 årige. Fin rosafarve cykel :)

    SvarSlett
  2. Gratulera med 3 årsdagen. Og fint sjal du har strikka igjen. Eg og likar shetland soft garnet. Tenkte kanskje eg hadde fått tak i noko i Bergen i dag, men det vart ikkje. Så skal eg ha meir så får eg ta nettet fatt:)

    SvarSlett
  3. Åh, den som var tre år og hadde rosa sykkel *drømme*. Gratulerer til veslejenta, denne jenta er dypt misunnelig på gaven :)

    SvarSlett
  4. Flott sjal..., to av samme slaget står det respekt av! Nydellig bilde av datteren din, skjønner godt at en rosa sykkel falt i smak!

    Ønsker dere en fin langhelg!

    klem

    SvarSlett
  5. Lekkert sjal!
    Enkelt, men med det lille ekstra. Sånt kunne jeg godt tenkt meg til kjolen!

    SvarSlett
  6. Takk skal de ha. Ja; Judith, eg tykte og det var akkurat passe røft og samtidig med ein fin detalj.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails