Sider

onsdag 4. november 2009

Hekla korg



Etter at eg endeleg kom meg opp i loftsboden så er stova endå fullare av garn. Det viste seg at eg hadde ein del garn igjen frå min husflidsperiode på 90-talet. Den gongen (førre gongen) Dc Martens var på mote, miljøvern var hot; kampen mot EU tok ein del tid og eg tok imot restegarn frå fjern og nær.

Vel, med så mykje garn i stova så hadde eg bruk for fleire korger til å ha dei i. Plastposar er forbode og miljøvennlege stoffnett er litt kjedeleg å sjå på. Så då fann eg denne oppskriftaRavelry.

Korga vart 29 cm i diameter og 22 cm høg.

Eg har jo då også omsider oppdaga denne nettstaden for handarbeidsfantastar der ein kan dela idear, prosjekt og garn mm.

2 kommentarer:

  1. Kjempe fin denne heklakorga. Vert fint i stova med mange slike :)

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Linda. Ja, no kan eg starta storproduksjon. Har framleis mykje garn att ;-).

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails