Sider

lørdag 7. november 2009

Endra blogdesign?

Når ein sit heime på kveldane og trøyer tida med strikking og the Wire så vert det mange avbrekk på nettet. Noko må ein ha å gjera, og det å vaska ned huset eller liknande er ikkje det eg traktar etter. Skal eg vera heilt ærleg så er eg så glad når eg endeleg har svingt moppen at eg tykkjer det er nyvaska også etter ei veke. Men så dukker det opp hybelkaninar - på badet.


Det finst utruleg mykje å sjå der ute på free templates for blogger, men ikkje så mykje som er veldig aktuelt. Litt mykje fargar eller veldig sterilt med nokre vanvittige illustrasjonar. Her er vel ein av dei mest innhaldsrike sidene.

 Ikkje heilt enkelt å velja og når ein så skal forsøke så får ein beskjed om at dei møysommeleg tillaga listene ein har laga seg i sofall vert sletta. Då får eg lettare panikk. Dette er verkeleg upløyd mark for meg så då vart det ikkje fleire endringar denne gongen heller enn å endra litt skriftfarge. Hallo! kor avansert må det eigentleg vera? Eg har aldri likt å ommøblera. Ta vekk og leggja til derimot, men sofaen står der den står til den er så full av flekkar etter klissete barnehender og hendige uhell at han må bytast ut.

Nei, no er det på tide med ein ny episode the Wire og vidare strikking på ein vest til ein gut på 4 år.
 

2 kommentarer:

  1. Hei.
    Eg vil ikkje råde deg til å vakse bunadsskjorta di i klorin!! Lin tåler ikkje klorin, den vil berre øydelegge fibrane. Du kan prøve: 1. legge skjorta i kefirmelk eit par timar før du vaskar den i vaskemaskina med omo. 2. Legg den ut på snøen i mars-april og solbleik den.(dette gjorde dei i gamle dagar)

    Lykke til!

    Anita

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Dårleg med snø her i Bergen, men det andre rådet kan eg jo forsøke.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails