Ei lita oppfordring til andre bloggerar som stikk innom bloggen min. Skriv om korleis og når du lærte å strikke og send meg ein link i kommentarfeltet eller skriv noko i kommentarfeltet.
Sjølv var eg omlag 6 år. Eg hugsar det utruleg godt. Mor og far min var særs radikale og slik eg hugsar det hadde vi denne kvelden eit kvinnemøte heime hjå oss. Mor mi seier alltid at far min ville gje ho "fri" til å gå på kvinnefront-møte, men at ho eigentleg var mest interessert i kina-spørsmålet så eg kan ikkje med handa på hjartet påstå at dette var eit møte i Kvinnefronten. Sidan eg no er aktiv i Kvinnefronten skulle eg sjølvsagt gjerne gjera det, men akk ein kan jo ikkje driva med historieforfalskning.
Stova i vår treroms leiligheit på Sollia i Trondheim var i alle fall full av damer som klumpa seg i den brune kordfløyel sofaen eller den far min hadde snekra. Reint bortsett frå at mor mi hekla på eit slikt bestemorteppe så hugsar eg ikkje om det var ein handarbeidskveld. Men eg har vondt for å tru at det berre dreide seg om handarbeid i dette politiske miljøet. Det var jo heldigvis ikkje uradikalt å driva med handarbeid på den tida. Sjølvberging og hønsestrikk var veldig populært.
Eg skulle i alle fall læra meg å strikka. Mor mi var mildt sagt utolmodig og upedagogisk trass i at ho var og er familiens beste strikkar. Far min derimot er meir stillfarande, pedagogisk og tolmodig. Han har dessutan sjølv lært å strikka då han var barn og strikka mellom anna ei lue til fetteren sin då han var ein plass mellom 8 og 12 år. Det kunne i alle fall farmora mi stolt fortelja.
Så sat eg der då med ei raudt ullgarn og sveitta over pinnane medan far min tolmodig og gjentatte gongar tok meg gjennom pinne etter pinne. Om det i det heile tatt vart noko av dette strikket anar eg ikkje, men det er definitivt den kvelden eg lærte å strikka.
Så morsomt at du husker så godt hvordan du lærte å strikke! Jeg tenkte først at jeg ikke husket noe om det, men så kom jeg på at det første "mesterverket" forstatt finnes. Så da har jeg laget blogginnlegg om det. Takk for inspirasjon! :)
SvarSlettMorsom utfordring! Jeg lærte å strikke av faren min jeg også! Skal leite fram mine første dukkeplagg og lage et innlegg - etterhvert.
SvarSlettDa har jeg blogget om hvordan jeg lærte å strikke. http://hannes-strikkerier.blogspot.com/2009/12/mitt-frste-strikke-prosjekt.html
SvarSlettHei Mettemor!
SvarSlettJoda,jeg lærte å strikke av mormora mi uti Hoston, rødt tresko garn...
Tror det var sommeren før jeg begynte i 1.klasse.
15 masker frem og tilbake, tror det hele ufrivillig økte til rundt 30 masker før mormor kunne felle...
Lappen, eller grytekluten vet jeg sannelig ikke hvor ble av, men jeg husker godt at den var steinhard!
Senere minnes jeg godt at jeg fikk en blå strikkemaskin til jul. Man "vippet"garnet over noen "pigger" som var plassert i to rader med en liten pinne, og vips så hadde jeg et skjerf!Maskinen var så avansert at den også kunne strikke glatt, man vippet da bare motsatt!
Min strikkekarriere nådde sitt absolutte høydepunkt på midten av 80-tallet,vi boltret oss med mohairgarn i alle regnbuens farger! Etterhvert fikk jeg beskjed om at hvis disse strikkeprosjektene skulle bli til noe måtte jeg starte med ermene....Begynte jeg med bolen endte det som regel bare i en ny vest....
Eg masa på mormor då eg var rundt 8, og ho satt seg ned for å lære meg. Fyrst la ho opp rundt 20 maskar i bomullsgarn og strikka dei to fyrste omgangane "for då blei det lettare å lære seg. Det er litt 'pjarkat' å skulle strikke dei fyrste omgangane". Kunnskapane gjekk av og på heilt til eg blei 13, då det blomstra opp igjen. No bruker eg nesten alle lommepengane mine på garn og strikkepinner.
SvarSlettDette var artig. Hugsar veldig godt dei fluffy greiene våre på 80-talet ja Marthe. Spesielt dei sjakkruta i neonfarge me hadde. Lurer på om ikkje eg har strikka ermer til deg ein gong.....
SvarSlett