Sider

lørdag 17. oktober 2009

Å snope garn


Eg er i ferd med å bruka ein formue på garn. Før har eg stort sett satt min lit til restegarnlageret eg har på loftet og i stua, men det minkar. Min strikkekarriære har lege brakk i omlag ti år før den no skaut fart igjen.

Tida går utruleg fort. Eigentleg har den kanskje lege brakk sidan førre EU-strid då eg sat framfor Stortinget og strikka mot EØS. Hadde eg hatt ein scanner skulle de få sett biletet av Kaia Storvik som no er politsk leiar i Dagsavisen og eg som sit på graset bak ein stand og strikker framfor Stortinget. Det er historisk. Viss ikkje Kaia i ettertid har tatt til pinnene så var det hennar største strikketøy. Rett nok fekk ikkje strikkinga vår omfattande politisk gjennombrot, men vi bidrog til eit digert lappeteppe som kanskje har halde nokon varm.

Så garnlageret mitt minkar og nettmarknaden har auka monaleg sidan 1992. Det er så utruleg mykje lekkert at lommeboka mi spring lekk. På denne nettsida med handfarga garn har eg tinga ein del garn mellom anna. Så får vi sjå kva det skal brukast til når det kjem i hus.

Sidan eg etter kvart treng fleire korger til å oppbevara alt dette garnet i har eg også tenkt å hekla meg nokre korger. Ein gong eg og ei veninne var på sydentur til Tunisia med Express reiser. Turen kosta heile 1250 kr og selskapet kollapsa berre nokre månader seinare. På den turen kjøpte vi i alle fall garn i ei mørk bu i ein avsides bydel i ein heller skranglete by. Garnet fekk vi nesten til gibortpris og skjønte ikkje før vi kom heim at det vel helst skulle brukast til å veva tepper enn å strikka gensrar. Det var i alle fall ganske grovt og "stikkete". Dette garnet har eg no tru på som sokkekorggarn. Vel, vel, god natt, eg har passert mitt fornuftige køyetidspunkt.

1 kommentar:

  1. Kjære Mette - eg ville berre seie tusen takk for fantastisk biletkort av/frå Agnes. No lyser det frå kjøleskåpdøra.

    Eli

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails