mandag 24. august 2009
Ullkjole av restegarn
Ingenting er som å strikka av restegarn. Denne gongen er det diverse alpakkaull eg hadde liggjande. Strengt tatt var vel ikkje alt restegarn, men noko var enkelte nøste eg hadde kjøpt rett frå alpakkakjelda - eit utsal i Arequipa, Peru. Fyrst klappa vi diverse eksemplar av arten alpakka og så kjøpte eg nokre nøste frå restekorga deira etterpå. Det er deilig ull.
No har vetlejenta mi fått seg ullkjole til vinteren. Ei veninne av meg påstår at barndomstraumet til litjpia kjem til å verta at mora tvang ho til å gå i ullkjolar då ho var lita. Inspirasjonen kjem frå ei strikkebok som heiter Myk start og som også har ein tilhøyrande blogg. Kjolen heiter Lillestakken og er veldig enkel å strikka. Eg strikka 1 års-storleik.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hei. Så fin Lillestakken blei i disse fargane her da! Ein litt meir frikete stakk. Jenta di er kjempeheldig som får så fine strikkekjoler, det vert nok neppe et traume. :-) Såg Oleanakuppet ditt, og kjende at det røkka bra i ullgarnfoten min! Eg og vil!! Eg tar og legg ut din Lillestakkvariant på bloggen hos meg og! mykstart.blogspot.com Morsomt!
SvarSlettHei!
SvarSlettSaa fin lillestakken din ble :-)
Jeg elsker aa strikke, men bor for tiden i Lima, Peru og sliter med aa faa tak i garn... Man skulle jo ikke tro at det er mulig her i alpakkaens hjemland, men jeg har ikke vaert heldig aa finne en garnbutikk enda :-( Jeg ble derfor veldig glad da jeg saa at det kanskje var muligheter, ettersom du har vaert paa et fabrikkutsalg! Har du en adresse / en beskrivelse paa hvor jeg kan finne dette stedet? Vet at Arequipa er et stykke unna, men ikke umulig at vi tar en liten tur dit etterhvert :-)
Hilsen anne merete