Sider

søndag 28. juni 2009

Ullbukse av restegarn



Eg er stor fan av gjenbruk og spesielt av restegarn. Då må ein vera ekstra kreativ med tanke på fargesamansetning og prioritering av garn viss ein skal strikka plagget i meir enn ein del. Mønsteret er frå boka Strikk til Nøstebarn

Utfordringa er sjølvsagt også å sørga for at garnkvaliteten og tjukkelsen på garnen passer saman sjølv om ein kan få fine effekter at å bryta med dette i nokre omgangar eller område på mønsteret. Då vil eg i sofall tilrå at desse enkeltinnslaga er av ein tynnare kvalitet enn hovudmengden av garnet.

Her har eg derimot brukt tilnærma likt garn, men noko er alpakka og anna er vanleg ull.

EI anna utfordring er at dersom restegarnet er av ein tjukkare kvalitet enn oppskrifta og ein bruker større pinnar så vil sjølvsagt resultate vera ein større storleik enn orginalen.

Her har eg strikka til 1,5 år, men den kan nok kome til å passa ei stund til....

3 kommentarer:

  1. Hei! Så fin bukse! Smart måte å bruke opp restegarn på. Må også få si at senga i innlegget under var utrolig flott!

    SvarSlett
  2. Dersom du vil ha ei fin gjenbrukstipsbok, må eg tilrå boka "Brukt på nytt", som har kome ut på Samlaget. Her er det f.eks. strikkeoppskrifter på ein heil dokkeklede-garderobe av restegarn! Og mykje anna, der du både kan klippa, lima, hekla - både leiker til ungar og til deg sjølv ... Veldig inspirerande bok!

    SvarSlett
  3. Den buksen ble så mye sprekere i restegarn enn i originalgarnet. Flott!

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails