Sider

mandag 29. juni 2009

Kaffe Fassett sitt valmuesejal i restegarn




På 80-talet var det Kaffe Fassett feber, og strikkinga hans har vore ein vedvarande fasinasjon og inspirasjon for meg. Det er ein orgie i fargar og leik med garn i ulike kvalitetar. Skal du vera 100 % tru mot mønstra hans så er det veldig krevjande av di han gjerne skiftar mellom fargar og garn mange gongar i løpet av same pinne. Difor har eg oftast forenkla noko.

Her er det fyrste eg strikka etter inspirasjon av han -valmuesjalet. Det strikka eg i 1993/94, og det er like fint i dag. Det har vore med på mykje - ikkje minst EU-kampen i 1994. Eg er kjempeglad i det sjalet. Då eg var på slutten av sjalet, var det så mange masker på pinnen at knapt fekk strikka meir enn eit par rader på ein kveld. Garnet eg brukte var ull i alle moglege typar, langhåra og korthåra, og med litt varierande tjukkelse.

Mønster:

Byrj med 3 masker på pinne 3,5. Auk ei maske i kvar side på kvar pinne (ja eg hugsar det var kvar pinne og ikkje anna kvar. Annakvar vil gje eit spissare sjal). Eg nytta restegarn og hadde aldri meir enn to fargar på pinnen til ei kvar tid. Strikk til arbeidet måler 90 cm i høgda. Den fyrste valmuen byrjar ein med etter 5 omgangar. Mønsteret til valmuen er (#1) 5 masker med valmuefarge (eg valde raudtonar) 12 masker mellom kvar.(#2) byrjar ein to masker før dei 5 og strikker 9 masker raudt. (#3) er det 13 masker, (#4) 15 masker raudt, (#6) 6 raud, 3 botnfarge, 6 raud (#7) 5 raud, 2 botnfarge, 1 raud, 2 botnfarge, 5 raud. (#8) 6 raud, 3 botnfarge, 6 raud. (#9) 15 raud, (#10) 13 raud. (#11) 9 raud. (#12) 5 raud. Det er to omganger med botnfarge mellom kvar valmuerekke. Ein kan laga nokre mindre valmuer på endane viss ein vil vera litt meir avansert, men det går å halda seg til dette repetetive mønsteret. Sjå også detalbiletet for å skjøna mi forklaring. Når ein når enden av arbeider så strikker ein ein omgang vrang på rettsida som brett og så strikkar ein ein brettekant der ein strikkar to masker saman i byrjinga og slutten av kvar omgang i 3 cm. Den syr du fast på baksida. Frynsene er 15 cm lange.

Lukke til

2 kommentarer:

  1. Veldig fine fargar! Og artig bakgrunnsinfo. Eg kjenner berre "Kaffe Fassett" som eit omgrep innafor tøystoff-verda. Trur eg har kjøpt stoff med denne merkelappen på.

    SvarSlett
  2. Visste ikkje om det med stoff. Han har drive mykje med broderi også. Det er i alle fall alltid flotte fargar, mange detaljar og frodig, vanskelege mønster.

    SvarSlett

Eg set alltid pris på kommentarar sjølv om eg ikkje får svart kvar og ein.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails